Skatteklagenemnda

Formuesverdi næringsbygg

  • Publisert:
  • Avgitt: 02.12.2018
Saksnummer SKNA10-2018-176

Saka gjeld fastsetting av formuesverdi på hotellbygget A i inntektsåret 2015, jf. skatteloven § 4-1 jf. § 4-10.

 

Klaga vart ikkje tatt til følgje.

Lovhenvisninger: Skatteloven §§ 4-1, 4-10, Ligningsloven §§ 9-2 nr. 4, 9-2 nr. 6, Skatteforvaltningsloven § 13-4 (3)

 

Faktum i saka

Skatt x har i si fremstilling for saken iht. skatteforvaltningslovens § 13-6 fjerde ledd opplyst følgjande om sakstilhøvet:

"Selskapet si verksemd er å eiga og driva hotelleiegedom og alt som står i samband med det, herunder deltaking i andre selskap med liknande verksemd. 

Selskapet eig eit hotellbygg i [sted1], som pr 31.12.2015 står oppført med ein likningsverdi på kr . Selskapet har innhenta takst på bygget som syner ein marknadsverdi pr dd.04.2017 på kr [...]."

Sekretariatet for Skatteklagenemnda sendte utkast til innstilling på innsyn til skattepliktige i brev datert 26. oktober 2018. Det er ikkje kome merknader til innstillingen.

Skattepliktige sine merknader

Skattekontoret har attgjeve skattepliktige sine argument slik:

"I henvending frå selskapet v/B datert 11.05.2017 vert det vist til at grunna store endringar i fastsettingsreglane, har formuesverdien basert på skatteetaten sine takstar gitt ein heilt unormal vekst i formuesverdien av hotellbygget.

Selskapet viser til vedlagde takst, og ber om at likningsverdi samt aksjeverdi pr 31.12.2015 vert sett ned i samsvar med denne."

Skattekontoret sine vurderingar

Skattekontoret har vurdert klaga slik:

"Skatteoppgjeret 2015 vart utsendt 12.10.2016. Førespurnad om endring er framsett 11.05.2017. Klagefristen på seks veker, jf dågjeldande ligningslova § 9‑2 nr 4 er dermed overskriden.  

Etter skatteforvaltningslova § 13-6 andre ledd skal skattekontoret avvise saka dersom vilkåra for å handsame klaga ikkje er oppfylte. I medhald av skatteforvaltningslova § 13-4 tredje ledd, kan skattestyresmaktene likevel handsame klaga dersom det er grunn til det av omsyn til mellom anna 

"klagerens forhold, den tid som er gått, spørsmålets betydning og sakens opplysning"

Etter ei samla vurdering har skattekontoret komme til at det skal gjevast oppreising for overskriding av klagefristen. Førespurnaden/klaga vert difor å realitetshandsama.

Formuesverdien av hotellbygget er fastsett på grunnlag av ein berekna utleigeverdi i samsvar med skattelova § 4-10 fjerde ledd første punktum.

Skattelova § 4-10 første ledd tredje punktum inneheld imidlertid ein begrensingsregel som seier at likningsverdien for næringseigendom skal settast ned etter krav frå skattytar dersom den fastsette likningsverdien overstig 84 % (for 2015) av eigedomen sin dokumenterte omsetningsverdi.

Den framlagde taksten er utarbeidd nyleg og er datert dd.04.2017. Utgangspunktet må vera at taksten må ligge nærme vurderings/verdsettingstidspunktet i tid. Sjølv om fast eigedom normalt stig i verdi over tid, er det ikkje beint fram å få klarlagt kva som var marknadsverdien pr 31.12.2015. Det kan ikkje utan vidare leggjast til grunn at takst datert dd.04.2017 også avspeglar marknadsverdien pr 31.12.2015, og slik nærmast får ei slags attendevirkande kraft. 

Etter dette legg skattekontoret til grunn at taksten først kan gjerast gjeldande for likningsverdien pr 31.12.2016."

Sekretariatet si vurdering

Sekretariatet, som førebur saker for Skatteklagenemnda, innstiller på at skattepliktige si klage ikkje blir tatt til følgje.

Formelle forhold

Skatteklagenemnda er rett klageinstans etter skatteforvaltningslova § 13-3 andre ledd.

Frist for å klaga på skatteoppgjeret for inntektsåret 2015 datert 12.10.2016 var seks ukar, jf. dågjeldande ligningslov § 9-2 nr. 4. Skattepliktige si klage over likninga vart sendt 11. mai 2017, og klaga er såleis innkome for seint.

Ligningslova av 13. juni 1980 vart oppheva med verknad frå og med 1. januar 2017. Lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningslova) av 27. mai 2016 trådde i kraft frå same dato. Det er i skatteforvaltningslova ikkje gitt nærmare overgangsregler om behandling av klagar som er innkome for seint etter ligningslova, før skatteforvaltningslova trådde i kraft. Sekretariatet for Skatteklagenemnda leggjar på denne bakgrunn til grunn at vurderinga av om ein klage som er innkome for seint etter ligningslova likevel skal tas under behandling, etter den 1. januar 2017 må vurderas på grunnlag av reglene i skatteforvaltningslova.

Det følgjer av skatteforvaltningslova § 13-4 (3) at sjølv om skattepliktige ikkje har klaga innen klagefristen, kan skattemyndigheitene ta klaga under behandling dersom det er grunn til det, under omsyn til blant anna "klagarens forhold, den tid som er gått, spørsmålets betyding og sakens opplysning." Dei omsyn som følgjer av lovteksten, er de same omsyna som i vurderinga av om ein klage skulle realitetsbehandlast etter den tidligare ligningslova § 9-2 nr. 6 jf. § 9-5 nr. 7.

Sekretariatet har etter ei konkret vurdering kome til at saka blir behandla. Det blir særleg lagt vekt på spørsmålet si betyding for skattepliktige og opplysningane i saka.

Når klaga blir tatt under behandling, kan Skatteklagenemnda prøve alle sider av saka, jf. skatteforvaltningsloven § 13-7 andre ledd.

Fastsetting av likningsverdi på næringsbygg

Spørsmålet i saka er om det er grunnlag til å endre fastsatt formuesverdi (likningsverdi) på hotellbygget A for inntektsåret 2015, jf. skattelova § 4-1 jf. § 4‑10.

Formuesverdien på hotellbygget vart ved skatteoppgjeret fastsatt til kr [...] . Skattepliktige held fram at eigedommens marknadsverdi skal fastsettas i samsvar med takstrapporten datert dd. april 2017 som visar ein marknadspris på kr [...]. Skattepliktige søkjer med dette å endra formuesverdi på hotellbygget til kr [...]  og formuesverdi på aksjane i selskapet til kr [...].

Utgangspunktet er at skattepliktig formue skal fastsettas til marknadsverdi pr. 1. januar i skattefastsettingsåret av skattepliktiges eigendelar med økonomisk verdi med frådrag for gjeld som skattepliktige heftar for, jf. skatteloven § 4-1.

I skattelova §§ 4-10 til 4-19 er det gitt en rekke presiseringar og unntak frå denne hovudregelen. Skattelova § 4-10 gjeld fastsetting av formuesverdi for fast eigedom. Det følgjer av føresegna i fjerde ledd at verdien av næringseigedom kan fastsettas på grunnlag av ein berekna utleigeverdi. Verdien kan likevel, etter krav frå skattepliktige, settas ned såframt den overstig 84 % av eigedommens dokumenterte marknadsverdi. (Prosentsatsen gjaldt for inntektsåret 2015. Med virkning fra og med inntektsåret 2016 skal formuesverdi av næringseigedom settas ned etter krav såfremt den overstig 96 % av eigedommens dokumenterte marknadsverdi)

I følgje lovens forarbeid er det eit vilkår at marknadsverdien må dokumenterast med takst/verdivurdering eller observerbar marknadsverdi, jf. Prop. 1 L (2009-2010) pkt. 3.3.5 s. 13. For takst/verdivurdering er det eit minstekrav at eigedommen er undersøkt innvendig og utvendig. Observerbar marknadsverdi er oppnådd pris for den aktuelle eigedommen eller en helt lik eigedom i området. Såframt ligningen må endras i samsvar med marknadsverdi er det i forarbeida presisert at ein nedsetting må gjelde i fem år framover. Etter utløpet av en femårsperiode skal formuesverdien fastsettas på nytt etter sjablonmodellen.

Når det gjeld formuesverdi på ikkje-børsnoterte aksjar skal disse verdsettas til 80 prosent av aksjens forholdsmessige andel av selskapets samla skattemessige formuesverdi 1. januar året før skattefastsettingsåret (likningsåret) fordelt etter pålydande, jf. skattelova § 4-12 andre ledd.

Sekretariatet legger til grunn at skattepliktige har dokumentert marknadsverdi på grunnlag av ein takst/verdivurdering. Det vises i denne samanheng til innsendt "takstdokument" datert dd. april 2017 utarbeid av sertifisert takstmann C frå D.

Spørsmålet blir om dokumentert marknadsverdi kan ha verknad for fastsettinga av formuesverdi på hotellbygget og aksjane i selskapet i inntektsåret 2015, det vil sei to år tidlegare.

Ifølgje hovudregelen i skatteloven § 4-1 skal formuesverdien fastsettas til marknadsverdi per 1. januar i skattefastsettingsåret/likningsåret. Tilsvarande følgjer av ligningsABC 2015/2016 s. 585:

"Det er bruttoformuen skatteyteren eier ved utgangen av inntektsåret, normalt den 31. desember kl 24.00 som skal skattlegges hos vedkommende (1. januar kl 00.00 i ligningsåret").

I dette tilfellet finst det ikkje ein dokumentert markadsverdi ved utgangen av inntektsåret, eller per 1. januar i likningsåret 2016. Sjølv om takstdokumentet fra 2017 visar ein vesentleg lavere verdi enn grunnlaget for likningen i 2015, er sekretariatet av den oppfatning at taksten ikkje kan leggas til grunn som reell marknadverdi i 2015, jf. skattelova § 4-1. Sekretariatet er såleis einig med skattekontoret at taksten ikkje kan ha ei tilbakeverkande kraft. Det påpeikas i denne samanheng at tilhøva i april 2017 kan ha våre annleis enn tilhøva ved utgangen av inntektsåret 2015. Med mindre skattepliktige kan godtgjere at marknadverdien i 2015 var annleis enn det som vart lagt til grunn for fastsettinga, er det ikkje grunnlag for å endre marknadsverdien på eigedommen.

Sekretariatets konklusjon er at det ikkje er grunnlag for endring av fastsatt formuesverdi på hotellbygget og aksjane i selskapet. 

Sekretariatets forslag til vedtak

Klaga tas ikkje til følgje.

 

Saksprotokoll i Skatteklagenemnda Alminnelig avdeling 10

 

 

Medlemmene Hauge, Jansson og Remme sluttet seg til sekretariatets innstilling.


Det ble 2. desember 2018 fattet slikt

                                                           v e d t a k:

Klaga tas ikkje til følgje.