Betale forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk

Du rapporterer månadleg i a-meldinga og betaler arbeidsgivaravgift og finansskatt annankvar månad. Forskotstrekk og utleggstrekk skal du betale seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga. Vi sender ikkje ut betalingskort for betaling av forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk.

Skattetrekkskontoen er avvikla

Frå 1. januar 2026 er kravet om at forskottstrekk skal overførast til ein skattetrekkskonto fjerna. I staden skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga. Samtidig er også ordninga med at du kan stille ein bankgaranti for skattetrekket fjerna.

Januar er ein overgangsmånad

Det nye regelverket gjeld frå 1. januar 2026, men for lønn som er utbetalt i 2025 skal du følgje dei gamle reglane.

  • Du må betale 6. termin for 2025 frå skattetrekkskontoen innan 15. januar 2026.
  • Samtidig må du byrje med løpande betaling av forskottstrekk direkte til Skatteetaten på lønn som blir utbetalt frå januar 2026.
  • Hugs å byte kontonummer for innbetaling.

Frå januar 2026 bør rekneskapssystemet dykkar støtte løpande betaling av forskottstrekk.

Du skal rapportere lønnsutbetalingsdatoen i a-meldinga frå 2026.

Det er ikkje lenger behov for ordninga med å stille bankgaranti som alternativ til å bruke skattetrekkskonto.

Meir om endringane for arbeidsgivarar frå 2026

Levere a-meldinga

Arbeidsgivar skal i regelen levere a-meldinga minst éin gong per kalendermånad. A-meldinga blir automatisk kontrollert ved mottak, og du får tilbakemelding etter kort tid.

Levering frå lønssystem:

Tilbakemeldinga kjem direkte inn i lønnssystemet eller til Innboksen i Altinn. Det vil variere alt etter lønnssystem korleis dette er løyst.

Direkte registrering i Altinn:

Tilbakemeldinga kjem i Min meldingsboks i Altinn.

Viss du har sendt inn fleire a-meldingar i løpet av ein månad, vil den siste tilbakemeldinga oppsummere alle a-meldingane som er sende i løpet av månaden.

Tilbakemeldinga inneheld beløp, KID-nummer og kontonummer for betaling av arbeidsgivaravgift, finansskatt, forskotstrekk og utleggstrekk.

Ver merksam på at beløpa på tilbakemeldinga er oppsummerte berre for den månaden tilbakemeldinga gjeld.

Betaling og fristar

Du må sjølv sørgje for å betale summerte beløp for arbeidsgivaravgifta og finansskatten dei to føregåande månadene. Fristane for å betale er 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november.
Forskotstrekk og utleggstrekk skal du betale seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.

Arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, finansskatt og utleggstrekk kan betalast elektronisk. Elektroniske betalingar må ha gyldig KID-nummer. Ver merksam på at det er ulike KID-nummer for forskotstrekk, finansskatt, arbeidsgivaravgift og utleggstrekk. Du skal bruka det same KID-nummeret for ordinær arbeidsgivaravgift og ekstra arbeidsgivaravgift. Bankane er pålagde å avvise elektroniske betalingar som manglar gyldig KID-nummer. Kontonummeret, KID-nummeret og beløpet som skal betalast, vil gå fram av tilbakemeldinga du som arbeidsgivar får tilsendt kort tid etter at a-meldinga er levert.

Minstegrensa for innbetaling for ein oppgjersperiode (termin) er 100 kroner, jamfør skattebetalingsforskrifta § 10-4-1. Arbeidsgivar er ikkje friteken frå å levere a-melding sjølv om det ikkje blir gjort ei innbetaling.

Fordi du skal betale arbeidsgiveravgift, finansskatt og forskuddstrekk for to månader, må du summere beløpa frå to tilbakemeldingar.