Om skattekort for deg som arbeidsgivar

Det er du som arbeidsgivar som må hente skattekort for dei tilsette.

Du kan hente skattekortet anten via bestillingsløysinga eller direkte i lønnssystemet ditt.

Hugs følgjande:

  • Du må hente skattekorta for dei tilsette elektronisk.
  • Du treng ikkje å få tilsendt og oppbevare skattekorta på papir.
  • Du får varsel når ein tilsett endrar skattekortet sitt, og du vil alltid ha tilgang til det nyaste skattekortet.

Sjå korleis du trekkjer rett skatt, steg for steg.

Slik fungerer elektronisk skattekort

Før kvart inntektsår, vil Skatteetaten skrive ut eit nytt skattekort for alle som er venta å få trekkpliktig inntekt i det aktuelle inntektsåret. Skattekortet gjeld for eitt år om gongen. Arbeidstakarar kan når som helst endre skattekortet sitt, til dømes dersom dei har kjøpt bustad, teke opp lån eller renteutgiftene har endra seg. Du vil få beskjed frå Skatteetaten dersom ein tilsett endrar skattekortet sitt i løpet av året. Du må då hente det nye skattekortet før du køyrer lønn.

Eit skattekort gjeld for heile inntektsåret eller for resten av inntektsåret, dersom nytt skattekort blir skrive ut i løpet av inntektsåret.

Det finst fire typar skattetrekk

  • tabelltrekk
  • prosenttrekk
  • frikort med beløpsgrense – gjeld berre for lønnsinntekt
  • frikort utan beløpsgrense – gjeld berre for pensjon

Som arbeidsgivar vil du sannsynlegvis berre nytte dei tre første.

Tabelltrekk

Eit tabelltrekk viser kva tabell du som arbeidsgivar skal trekkje etter, og kva prosentsats som skal brukast ved forskotstrekk i ytingar der det ikkje kan trekkjast etter tabell (kalla prosenttrekk). Arbeidstakar må passe på at berre éin arbeidsgivar bruker tabelltrekk i same periode.

Prosenttrekk

Eit prosenttrekk viser kva prosentsats det skal trekkjast etter.

Frikort med beløpsgrense (fribeløpskort)

Eit frikort med beløpsgrense (fribeløpskort) fritek frå forskotstrekk i lønn opptil frikortgrensa i løpet av inntektsåret. Dette blir gjerne brukt av ungdommar og studentar som har sommarjobb eller deltidsjobb.

Dersom den tilsette har fleire arbeidsgivarar som skal bruke frikortet, må den tilsette sjølv fordele beløpet mellom dei ulike arbeidsgivarane.

Dersom ein annan arbeidsgivar allereie har henta frikortet når du prøver å hente det, vil den tilsette få eit varsel frå Skatteetaten om at frikortbeløpet må fordelast. Du får beskjed frå Skatteetaten om å hente frikortet på nytt så snart den tilsette har utført fordelinga.

Dersom utbetalinga til den tilsette er høgare enn det tildelte frikortbeløpet, trekkjer du 50 prosent skatt av det overskytande beløpet.

Dersom frikortbeløpet er 0 kroner, er det ikkje tildelt frikortbeløp til deg som arbeidsgivar. I dette tilfellet trekkjer du 50 prosent skatt av heile utbetalinga.