Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Forskotsskatt for aksjeselskap (AS) og andre

Upersonlege skattepliktige som aksjeselskap, verdipapirfond og bankar skal betale forskotsskatt. Forskotsskatten skal betalast inn til skatteoppkrevjaren i kontorkommunen.

Betaling av forskotsskatt

Forskotsskatten forfell til betaling i to like terminar, 15. februar og 15. april i året etter inntektsåret. Melding om første forskot i januar blir sendt til e-postadressa du er registrert med i Altinn.

  • Kvar termin av forskotsskatten blir som hovudregel sett til lik halvparten av den sist fastsette skatten, eventuelt forhøgd eller redusert med prosentsatsen som Finansdepartementet har bestemt
  • Det blir ikkje skrive ut forskotsskatt når den fastsette skatten er venta å bli under kr 2 000
  • Upersonlege skattepliktige får elektronisk melding om forskot i januar. Varsel om melding om forskot blir sendt på e-post til adressa som er registrert under kontaktinformasjonen til selskapet i Altinn
  • Forskotsskatten skal betalast til Skatteetaten

Du kan endre eller redusere forskotsskatten

Du som representerer upersonlege skattytarar (til dømes rekneskapsførar, dagleg leiar og innehavar), kan endre forskotsskatten frå midten av januar til september.

Viss du betaler for seint

Viss første termin ikkje er betalt innan fristen (ved forfall), er det bestemt i skattebetalingslova at forskotsskatten for heile året må betalast med same forfall som første termin. Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter blir rekna frå forfall fram til betaling. Viss verksemda ikkje betaler, har Skatteetaten plikt til å prøve å få dekt kravet ved tvang. Verkemidla er

Gebyr og/eller betalingsmerknad kjem i tillegg.

Dersom du ikkje kan betale

Forskotsskatten skal betalast ved forfall. Dette gjeld sjølv om du har søkt om å få endra skatten, men ikkje fått svar på søknaden. Utsetjing av betaling av skatt eller andre betalingsordningar blir berre unntaksvis innvilga.

Eventuell restskatt

Når fastsetjinga er utført, blir eventuell restskatt sett til differansen mellom fastsett og utskriven forskotsskatt.

  • Restskatten blir lagt til renter som er bestemte av departementet (rentetillegg)
  • Rentebeløpet forfell til betaling saman med restskatten
  • Rentetillegg kan unngåast ved å betale høgare forskotsskatt enn beløpet som er skrive ut (tilleggsforskot)
  • Innbetaling må utførast innan 31. mai året etter inntektsåret og skal ikkje meldast til skattekontoret