Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Heimekontor og skatt
Her finn du informasjon om heimekontor, skatt og frådrag når du er tilsett og ikkje jobbar på din vanlege arbeidsstad.
Frådraget du får for å ha heimekontor inngår i minstefrådraget som du får automatisk. For dei fleste vil det ikkje vere lønnsamt å krevje frådrag for faktiske kostnader framfor minstefrådraget du får automatisk. Det betyr i dei fleste tilfelle at du ikkje får ekstra frådrag for kostnader knytte til å jobbe heimanfrå.
Utstyr til heimekontoret
Du kan med nokre atterhald få nødvendig utstyr betalt av arbeidsgivaren utan at dette har konsekvensar for skatten.
Eit funksjonelt heimekontor føreset at du har både arbeidsplass (til dømes skrivebord og stol) og nødvendig utstyr tilgjengeleg heime. For enkelte hjelpemiddel ein treng på heimekontoret, til dømes telefon og internettilgang (EKOM), gjeld eigne skattereglar.
- Arbeidsgivaren din kan både låne deg kontorutstyr og gi deg kontorutstyr, men for at dette skal vere skattefritt, må hovudføremålet vere at du skal bruke utstyret på heimekontoret.
- Du kan også kjøpe utstyret til heimekontoret sjølv og få kostnadene tilbakebetalte av arbeidsgivarenen din. For at det skal vere skattefritt, må hovudføremålet med innkjøpet også her vere at utstyret skal brukast på heimekontoret.
- Dersom arbeidsgivaren din gir deg ein sum pengar som du sjølv disponerer til kjøp av utstyr, vil pengesummen vere skattepliktig som lønn. Unntak: Dersom du dokumenterer for arbeidsgivaren din kva pengane er brukte til, og hovudføremålet med utstyret er at du skal bruke det i arbeidet ditt. Eit eventuelt overskott frå summen du har fått, vil vere skattepliktig som lønn.
- Løpande utgifter til kontorrekvisita som blir forbrukt, og som berre blir forbrukt i jobbsamanheng, kan refunderast utan skatteplikt. Dette kan til dømes gjelde toner til skrivar, kopipapir, skriveblokker, pennar med meir.
Frådrag for heimekontor
Kostnader knytte til eit rom i bustaden din som utelukkande blir brukt til heimekontor, som husleige, vask, straum og forsikring, kan gi rett til frådrag. Det same gjeld kostnader til innkjøp av kontormøblar og anna kontorutstyr som hovudsakleg er til bruk på heimekontoret. Alternativet til frådrag for faktiske kostnader er standardbeløpet på 2 050 kroner per år (2022-sats ).
Som tilsett vil frådrag for slike kostnader til heimekontor likevel inngå i minstefrådraget for dei aller fleste. Minstefrådraget får du automatisk.
Du må ha kostnader knytte til arbeidet som overstig minstefrådraget for at det skal lønne seg å krevje frådrag for faktiske kostnader framfor minstefrådraget.
Minstefrådraget for 2022 er på 46 prosent av brutto lønnsinntekt, maksimalt 109 950 kroner. Det betyr at for dei fleste er eit eige frådrag for kostnader til heimekontor ikkje aktuelt.
Mat på heimekontor
Du får ikkje frådrag for kostnader til mat, til dømes lunsj og overtidsmat, på heimekontor, då dette blir rekna som private utgifter.
Reise til og frå arbeid
Sidan du no ikkje reiser så mykje mellom heimen og arbeidsplassen din, betyr det at du heller ikkje får frådrag for dette.
Dersom du vanlegvis har store reise- eller pendlarutgifter, kan det hende at skattetrekket du har på skattekortet i 2022 ikkje tok høgde for at du enda opp med færre dagar med arbeidsreiser enn vanleg. Då kan det vere at du har trekt for lite i skatt i 2022. Dette kan vere ei årsak til at du får restskatt for 2022.
Du må sjølv fylle ut i skattemeldinga kor mange dagar du hadde reiser mellom heimen og arbeidsstaden for å sikre at du får korrekt frådrag.
Sjekk også skattekortet, her kan du leggje inn dei faktiske tala som gjeld for deg no.
Frådrag for reisekostnader på yrkesreise inngår i minstefrådraget.
For meir informasjon om heimekontor og skatt kan du lese Skatteetatens prinsipputtalelse.