Steg for steg mot større mangfald

Skatteetaten sitt oppdrag er å sikre finansiering av velferdssamfunnet gjennom å sjå til at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferd er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne tilliten.

Vi er meir enn 7 000 tilsette over heile landet.

Vi er like forskjellige som befolkninga elles; vi har ulik alder, kjønn, utdanningsbakgrunn, etnisitet, funksjonsevne, religiøs tilhøyrsel og seksuell orientering. Vi er opptatte av at alle skal ha det bra på jobben, uansett kven dei er, kvar dei kjem frå, kven dei elskar eller kva dei trur på.

Vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Likeverd, likestilling og mangfald skal prege oss. Vi vedgår samtidig at vi framleis har ein veg å gå før vi kan seie oss fornøgde med innsatsen – både internt og eksternt. Vi er på veg, steg for steg mot større mangfald. Dette er arbeid som må skje systematisk og kvar einaste dag, ikkje berre i juni.

Skatteetaten markerer Pride på lik linje med at vi markerer kvinnedagen i mars og samane sin nasjonaldag i februar. Pride er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald – at alle kan vere den dei er. I Skatteetaten skal vi behandle alle likt – uavhengig av kven du er og kven du er glad i.

Det vi ønskjer å oppnå med markeringa, er å setje mangfald og likebehandling på agendaen og å auke medvitet – først og fremst blant eigne tilsette – om viktigheita av å likebehandle og inkludere alle typar menneske, både som kollegaer og i møte med brukarane våre. Ei medviten haldning er grunnlaget for ein inkluderande praksis. Målet er at alle grupper skal oppleve det som trygt å vere i kontakt med etaten, og bli møtte med respekt.

 

Vi jobbar kontinuerleg med ulike tiltak for å fremje likebehandling og mangfald:

Rekruttering

Eit av dei sterkaste verkemidla vi har for å sikre mangfald blant eigne tilsette, er korleis vi rekrutterer nye medarbeidarar. Vi har lenge arbeidd med og prøvd ut ulike tiltak for å gi like moglegheiter til alle som er interesserte. Vi oppmodar personar med hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn om å søkje på dei utlyste stillingane våre. Vi deltar òg i staten sitt trainee-program for menneske med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.

Språkbruk

Kommunikasjonen vår skal vere lett å forstå, og ikkje medverke til diskriminering eller utanforskap. Vi arbeider målretta for å kommunisere tydeleg i brev, skjema, trykksaker og informasjon på nettsidene våre. Vi har oppretta interne språkgrupper som jobbar med klarspråk og som sørgjer for at informasjon blir gjort tilgjengeleg på nynorsk og ei lang rekkje framandspråk.

Universell utforming

Vi følgjer opp retningslinjer for universell utforming, slik at tenestene våre er tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsevne.

Varsling

Vi har rutinar for varsling og handtering ved diskriminering, seksuell trakassering, mobbing og andre typar konfliktar. 

Kultur

Kulturen i Skatteetaten er summen av menneska som jobbar her. Korleis vi har det og korleis vi samarbeider er resultat av den enkelte sine haldningar og handlingar i kvardagen. Gjennom dagleg leiing, leiingsutvikling og interne levereglar arbeider vi for å fremje ein kultur som er prega av likeverd, likestilling og mangfald. 

Tre damer smiler bak logoen til Skatteetaten i pride-farger.
Tre damer smiler bak en Skatteetaten-logo i regnuefarger.

Vil du vere med?

Viss du synest Skatteetaten høyrest ut som ein bra stad å jobbe, høyrer vi gjerne frå deg. Vi rekrutterer juristar, økonomar, utviklarar, analytikarar, rettleiarar og mange andre roller, og legg stadig ut nye annonsar.