Registrering av sambuarskap

Eit sambuarskap vil seie at to personar lever saman i eit ekteskapsliknande forhold utan å vere gifte. Det finst ikkje ei formell registreringsordning for sambuarforhold i Noreg.

Treng de ei stadfesting på at de bur saman, kan de bestille kvar dykkar bustadattest (bustadbevis).

Sambuarkontrakt

Sambuarskap er ikkje lovregulert på same måte som ekteskap. Derfor ønskjer mange sambuarar å skrive ein sambuarkontrakt. Denne regulerer mellom anna kven som eig kva.

De kan utforme ein sambuarkontrakt på fleire måtar. Eit søk på internett gir deg fleire ulike forslag. Skatteetaten leverer ikkje sambuarkontraktar.