Registrere samisk språk

Dersom du snakkar, skriv og/eller les eitt eller fleire av dei samiske språka nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, kan du registrere dette i Folkeregisteret. Dersom du meistrar fleire samiske språk, kan du krysse av for fleire. Registreringa er frivillig. 

Å registrere seg som brukar av samisk språk betyr ikkje at samfunnet automatisk vil kommunisere med folk på samisk.

Dersom du ikkje kan logge deg inn, kan du sende skjema til Folkeregisteret. Du kan velje nordsamisk-, sørsamisk- eller lulesamisk-skjema om det ønskjer det. Du må legge ved kopi av legitimasjon. Du kan òg møte opp på eitt av skattekontora våre – hugs å ta med legitimasjon.

Krav til legitimasjon: Gyldig ordinær legitimasjon som viser fødselsdato, namn, signatur og bilete.

Foreldre eller verje

Foreldre med foreldreansvar eller verje kan registrere språkkompetansen på vegner av barna fram til dei er 18 år.

Barn

Barn kan sjølv registrere språkkompetansen. Det er inga aldersgrense på når eit barn kan bli registreret med kompetanse på samiske språk.

Føremålet med å registrere samisk språkkompetanse

Føremålet med registreringa er å kunne utarbeide statistikk over brukarar av samiske språk. Bakgrunnen for lanseringa er eit mål om å beskytte og ta vare på samisk som eit utryddingstrua språk. Gjennom å tilby datagrunnlag frå Folkeregisteret kan samfunnet studere språkutviklinga og gjere tiltak som fremjar samisk kultur og språk.