Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Skjema RF-1454/RF-1508

Endre postadresse

Du kan legge til eller endre postadresse og c/o hvis du ønsker at posten fra det offentlige skal sendes til en annen adresse enn til den folkeregistrerte adressen din. Dette gjelder også om du bor i utlandet.

Du kan ikke ringe oss for å endre postadresse.

Dersom du skal flytte fra din folkeregistrerte adresse, må du levere flyttemelding isteden.

Fødsels- eller d-nummer

Det er ulike skjema avhengig om du har fødselsnummer eller d-nummer, så du må velge det som gjelder deg.

Dersom du skal flytte frå den folkeregistrerte adressa di, må du levere flyttemelding i staden for å endre postadressa di. 

Levere på papir

Du kan også sende oss melding om ny eller endra postadresse på papir. Hugs å legge ved kopi av gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er id-kort som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilete. Du bør ikkje sende oss kopi av bankkortet ditt, fordi det inneheld sensitiv informasjon.

Last ned, fyll ut og send til oss:

Send skjemaet til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Har du d-nummer kan du:

  • registrere eller endre opphaldsadressa di i Noreg
  • registrere postadressa di i Noreg
  • registrere postadressa di i heimlandet ditt

Du kan også velje kva for ei av adressene du ønsker å få post til.

Det er viktig at du som bur i Noreg, gir beskjed til Skatteetaten om kva for ei adresse du vil få posten din på.

Dersom du flytter frå Noreg

Du må også melde endring av postadresse dersom du har flytta frå Noreg og har fått ny adresse i utlandet.

Mange offentlege etatar og private verksemder bruker adresseopplysningane i Folkeregisteret til å kontakte deg.

Dersom du for eksempel har betalt for mykje skatt og har flytta frå Noreg, må vi kunne kontakte deg for å betale tilbake skattepengane du har til gode.

Levere på papir

Du kan også sende oss melding om ny eller endra postadresse på papir. Hugs å legge ved kopi av gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er id-kort som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilete. Du bør ikkje sende oss kopi av bankkortet ditt, fordi det inneheld sensitiv informasjon.

Last ned, fyll ut og send til oss:

Send skjemaet til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Du kan melde postadresseendring for

  • ektefelle
  • sambuar med felles barn
  • barn over 18 år

Dette gjeld om de bur på same adresse og du endrar di postadresse samtidig.

Du kan også melde postadresseendring for

  • barn du har foreldreansvar for
  • person(ar) du er verge for

Slik gjer du det – i denne rekkjefølgja:

  1. Logg inn i tenesta med eiget fødselsnummer og eigen elektronisk id.
  2. Om du ikkje bur saman med barnet/barna eller den/dei du er vergehavar for, må du leggje til fødselsnummer og etternamn til personen(e).
  3. Slett eventuelt deg sjølv og andre medlem av husstanden din, som ikkje skal endre postadresse.
  4. Endre postadressen.
Levere på papir

Dersom du ikkje er elektronisk brukar, kan du sende oss meldinga på papir:

Send skjemaet til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

c/o står for care of (take vare på). Det kan du bruke dersom namnet ditt ikkje står på den postkassa som posten er adressert til. Du oppgjev då namnet på "eigaren" av postkassa, som kan vere namnet på ein person eller eit firma.

c/o blir vanlegvis bruka når mottakaren

  • ikkje har fast postadresse
  • er på besøk hos nokon
  • bur på ein plass utan fast postombering

c/o blir normalt skrive før namnet på "eigaren" av postkassa, men etter namnet på mottakaren:

Ola Nordman – namnet på mottakaren
c/o Pat Post – namnet på «eigaren» av postkassa
Storgata 61 – gate-/veinamn og husnummer
0364 Oslo – postnummer og poststad