Dette er Folkeregisteret

Registeret er grunnlaget for mellom anna skattemanntalet, valmanntalet og befolkningsstatistikken. Eit korrekt folkeregister er ein føresetnad for at alle borgarar skal få informasjon frå offentlege styresmakter, og er eit viktig grunnlag for å tryggje rettane og pliktene deira.

Både offentlege og private verksemder bruker opplysningar frå Folkeregisteret

Dersom verksemda di treng å slå opp i eller hente opplysningar frå Folkeregisteret, så finn du meir informasjon om dette her: Data fra Folkeregisteret - Skatteetaten

Det er opp til den enkelte brukaren av opplysningar frå Folkeregisteret å vurdere kva krav som skal stillast for å få tilgang til rettane og tenestene som Folkeregisteret tilbyr, etter det lovverket som gjeld på kvart område. Det er til dømes Statens vegvesen som vurderer kva for krav som skal stillast for å bytte førarkort, helsevesenet som tar stilling til krava for medisinsk behandling og den enkelte banken som avgjer kva for krav som skal stillast for å ha tilgang til Bank-ID.

Folkeregisteret registrerer opplysningar om mellom anna:

  • fødslar, namneval, farskap og foreldreansvar
  • flytting
  • endringar i sivilstand
  • dødsfall
  • namneendringar
  • statsborgarskap

Kven bruker opplysningane frå Folkeregisteret?

  • Skatteetaten
  • valstyresmaktene
  • andre offentlege styresmakter, til dømes Nav, Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Forsvaret, Lånekassen, Statens vegvesen, politi, brannvesen og ambulanse
  • Statistisk sentralbyrå (SSB)
  • bankar og forsikringsselskap
  • ulike arbeidsgivarar
  • forskarar
  • private organisasjonar og personar