Får du lønn frå ein frivillig organisasjon eller ein velgjerdsorganisasjon?

Dersom organisasjonen er skattefri, kan du få lønn på inntil 10 000 kroner skattefritt.

Inntekter under beløpsgrensa skal du ikkje rapportere til Skatteetaten.

Får du lønn over beløpsgrensa frå ein slik organisasjon i eit inntektsår, så er heile beløpet skattepliktig.

Beløpsgrensa for skattefri inntekt gjeld lønn for ein jobb du gjer for organisasjonen, til dømes som profesjonell utøvar, trenar, dirigent, funksjonær, dommar eller tillitsvald med meir.

Dersom jobben du gjer for den skattefrie organisasjonen er ein del av næringsverksemda di, er alle inntektene skattepliktige inntekter i verksemda.

Refunderte utgifter

Viss du får dekt utgifter på inntil 10 000 kroner årleg som du har hatt gjennom arbeidet for organisasjonen, er desse skattefrie og skal ikkje rapporterast til Skatteetaten. Det same gjeld refusjon av reisekostnader til og frå arrangement. Får du dekt utgifter som overstig 10 000 kroner er også desse skattefrie, men arbeidsgivaren din må rapportere dette til Skatteetaten. Du må kunne dokumentere utgiftene. Ved utbetaling av bilgodtgjersle er det eit vilkår for skattefritak at godtgjersla ikkje overstig kilometersatsen for bruk av bil som er fastsett av Skattedirektoratet. Det er også eit vilkår at reisekostnadene blir legitimerte med reiserekning fylt ut av arbeidstakaren.

Dersom du er dommar i ein lagidrett der du må ha spesielt utstyr, til dømes sko, drakt eller vern, kan du få dekt desse utgiftene skattefritt med inntil 310 kroner per oppdrag. Samla skattefri utstyrsgodtgjersle som blir utbetalt til idrettsdommaren frå same oppdragsgivaren, kan ikkje overstige 3 100 kroner per år (sats for 2023). Det er ein føresetnad at dommaren faktisk har kostnader til slikt utstyr, og at slike kostnader ikkje blir dekt på annan måte. 

Les meir om lønn frå velgjerds- og frivillige organisasjonar