Frådrag for faktiske utgifter til kost

Vel du å krevje frådrag for dei faktiske utgiftene du har til kost, får du ikkje frådrag etter sats. Du kan med andre ord ikkje velje begge delar.

Endra reglar for pendlarar

Pendlarar som har kokemoglegheiter i pendlarbustaden, har ikkje frådragsrett for kostutgifter.

Som pendlar har du frådragsrett for meirkostnader til kost (mat og drikke) når pendlarbustaden ikkje har kokemoglegheiter. Frådragsretten gjeld i maksimalt 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådrag for meirkostnadene.

Tidsavgrensinga på 24 månader gjeld òg for losji (buutgifter). Det vil seie at frådragsretten for både kost og losji fell bort etter 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådraget.

Tidsavgrensinga på 24 månader hadde verknad frå og med inntektsåret 2020. Tidsavgrensinga blir rekna frå 01.01.2018, slik at bortfallet av frådragsretten først skjedde frå 01.01.2020.

Skiftar du kommune for både arbeidsstad og pendlarbustad, kan du få frådrag i ei ny 24-månadersperiode

Kari jobbar i Trondheim, og bur i Oslo med familien sin. Ho byrja å jobbe i Trondheim 01.01.2019, og ho kravde frådrag for husleige (losji) for pendlarbustaden i Trondheim i skattemeldinga for 2019 og 2020.

24-månadersperioden går ut 31.12.2020

Kari kan ikkje føre frådrag for utgiftene sine til losji i skattemeldinga for 2021 eller seinare, fordi 24-månadersperioden gjekk ut 31.12.2020.

Ny jobb

Den 01.01.2023 fekk Kari jobb i Ålesund. Der skaffar ho seg ein ny pendlarbustad. Fordi ho har skifta både arbeidsstad og pendlarbustad til ein ny kommune, kan ho på nytt krevje frådrag for husleige (losji) i skattemeldinga for 2023.

Har du heimen din i eit anna EØS-land og arbeider i Noreg, er kravet til kor mange besøksreiser du må ha for å krevje frådrag for reisekostnader, kost og losji endra frå 2018. Du kan krevje at desse endringane blir lagde til grunn i skattemeldinga for tidlegare år òg. Sjekk om det gjeld deg.

Frådrag for meirkostnader for deg som har arbeidsstad i Noreg og heimen din er i eit anna EØS-land.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I tillegg til kost, kan du krevje frådrag for utgiftene dine til losji. Beløpa legg du saman, og summen fører du i skattemeldinga di. 

MERK : Pendlarar har ikkje frådragsrett for kostutgifter viss dei bur i pendlarbolig som har kokemoglegheitar.

Kostinnsparing i heimen

Når du krev frådrag for kost etter faktiske utgifter, må du trekkje frå eit beløp på 98 kroner per døgn fordi du har mindre utgifter til mat heime. 

Døme:
Du har i pendlarperioden opphalde deg i pendlarbustaden i til saman 200 døgn.

 

Du har faktiske utgifter til kost på

52 000 kroner

-

Kostinnsparing i heimen 200 døgn x 102 kroner

20 400 kroner

=

Sum

31 600 kroner i kost

Dokumentasjonskrav

Vel du å føre frådrag for kost etter faktiske kostnader er det eit krav at du kan dokumentere utgiftene dine til kost med kvitteringar, bilag og liknande. Du treng ikkje sende oss dokumentasjonen på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør.