Skatt på etterbetaling av pensjonar og trygdeytingar

Viss du har fått etterbetalt pensjonar eller trygdeytingar frå Nav eller andre private pensjons-/trygdeutbetalarar, skal du skatte av etterbetalinga det året du får utbetalinga.

Gjeld dette meg?

Dette gjeld alle som har fått ei etterbetaling av pensjonar eller trygdeytingar både frå offentlege og frå private utbetalarar.

Dette treng du å vite når

  • Du treng ikkje gi beskjed til oss om at du har fått utbetalinga.
  • Etterbetalte pensjonar og trygdeytingar blir lagde inn i skattemeldinga di det året du fekk utbetalinga.

Når vi bereknar skatten på etterbetalinga, kan vi vurdere om skatten ville blitt lågare i det året etterbetalinga gjeld for enn det året du fekk etterbetalinga utbetalt. Viss dette gir lågare skatt i året etterbetalinga gjeld for, vil det stå som eit skattefrådrag i skatteoppgjeret ditt for det året du fekk utbetalinga.

Skattefrådraget blir vist på skatteoppgjeret ditt som "Korrigering på grunn av etterbetalt pensjons-/trygdeytingar for tidlegare år".

Viss etterbetalte pensjonar eller trygdeytingar er førte opp i skattemeldinga di, treng du ikkje kontakte oss for å krevje ny skatteberekning.

Du skal ikkje stryke/fjerne det etterbetalte beløpet i skattemeldinga for utbetalingsåret eller endre skattemeldinga for tidlegare år.

Når vi bereknar skatten på etterbetalinga, kan vi vurdere om skatten ville blitt lågare i det året etterbetalinga gjeld for enn det året du fekk etterbetalinga utbetalt. Viss dette gir lågare skatt i året etterbetalinga gjeld for, vil det stå som eit skattefrådrag i skatteoppgjeret ditt for det året du fekk utbetalinga.

Skattefrådraget blir vist på skatteoppgjeret ditt som "Korrigering på grunn av etterbetalt pensjons-/trygdeytingar for tidlegare år".

Dersom etterbetalinga ikkje blir vist i skattemeldinga di, må du sjølv leggje inn beløpa og sende inn skattemeldinga.

Du sender inn dokumentasjon saman med skattemeldinga di der beløpa for kvart enkelt år er spesifisert, til dømes vedtaksbrev frå utbetalar.

Skattekort og skattetrekk

Viss du er trekt meir i skatt på etterbetalinga enn det som står i skattekortet ditt, er det fordi etterbetalinga kjem i tillegg til anna inntekt. For at du så langt som mogleg skal unngå å få restskatt, trekkjer utbetalar høgare skatteprosent.

Merk at ei etterbetaling likevel kan resultere i restskatt på grunn av at inntekta i utbetalingsåret blir såpass mykje høgare enn grunnlaget i skattekortet.

Satsar og nøkkeltal

Når du får etterbetalt pengar for eit tidlegare år, skal den som betaler ut pengane trekkje skatt etter desse satsane:

  • 44 prosent for etteroppgjer av ytingar frå folketrygda som blir skattlagde etter reglane for lønnsinntekt og for uføreytingar frå andre ordningar. Dette gjeld til dømes uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar.
    • For dei som er busette i og skattar til Troms fylke eller Finnmark fylke, med unntak av busette i Balsfjord, Bardu, Dyrøy, Gratangen, Harstad, Ibestad, Kvæfjord, Lavangen, Målselv, Salangen, Senja, Sørreisa, Tjeldsund og Tromsø, er forskottstrekket 40 prosent.
  • 32 prosent for pensjonar og supplerande stønad.
    • For dei som er busette i og skattar til Troms fylke eller Finnmark fylke, med unntak av busette i Balsfjord, Bardu, Dyrøy, Gratangen, Harstad, Ibestad, Kvæfjord, Lavangen, Målselv, Salangen, Senja, Sørreisa, Tjeldsund og Tromsø, er forskottstrekket 28 prosent.
  • 15 prosent for dei som er pliktige til å betale kjeldeskatt. Dette gjeld pensjonar og uføretrygd.
  • Svalbardskatt blir trekt med 13,1 prosent for pensjonsytingar og 15,9 prosent for uføretrygd og ytingar som kjem i staden for arbeidsinntekt.