Skattekort med tabell- eller prosenttrekk

Når du har lønn eller andre skattepliktige utbetalingar treng du eit skattekort. Den som betalar ut skal trekkje skatt etter informasjonen i skattekortet ditt.

 

Tabelltrekk i skattekortet

Eit tabelltrekk passar best for deg som har stabil inntekt og éin fast arbeidsgivar/utbetalar.

Slik fungerer tabelltrekket

Arbeidsgivar/utbetalar trekkjer skatt etter ein tabell. Kva for tabellnummer du blir trekt etter, finn du på lønnsslippen din, eller på skattekortet som du finn når du loggar deg inn på Mi side. Opplysningane i skattekortet avgjer kor mykje skatt du skal betale i året.

Tabelltrekk tar omsyn til om årsinntekta aukar, og trekkjer meir skatt dersom du får lønnsauke i løpet av året. Skattekortet har også ein prosentdel som utbetalar skal bruke viss du har fleire arbeidsgivarar, eller om du får ytingar frå Nav i den same perioden.

For å unngå restskatt er det viktig at du sjekkar og oppdaterer opplysningane i skattekortet viss dei ikkje stemmer. Det er viktig at berre éin utbetalar trekkjer skatt etter tabellen i skattekortet ditt.

Berekn skattetrekket ditt – basert på tabellkortet ditt ser du kva du får utbetalt.

Prosenttrekk i skattekortet

Prosenttrekk i skattekortet passar best for deg som har:

  • fleire arbeidsgivarar
  • ulike kombinasjonar av fastlønn og provisjonslønn og/eller bonus
  • store variasjonar i inntekta gjennom året
  • høg månadslønn og berre skal jobbe ein kort periode i løpet av året – til dømes sommarjobb eller sesongarbeid
  • pensjonsytingar som gir rett til skattefrådrag
  • fleire typar pensjonsytingar, til dømes annan pensjon og AFP
  • ein kombinasjon av lønns- og pensjonsinntekter
  • store frådragspostar (gjeldsrenter, reisefrådrag, foreldrefrådrag m.m.)

Slik fungerer prosenttrekk

Arbeidsgivar/utbetalar trekkjer skatt etter ein fast prosent. Prosentsatsen blir rekna ut frå kor mykje inntekt, frådrag, formue og gjeld du har.

Prosenttrekket tar ikkje omsyn til om forholdet mellom inntekt og frådrag endrar seg. Dersom du i løpet av inntektsåret får høgare eller lågare inntekt, større eller mindre frådrag, kan du risikere å betale for lite eller for mykje skatt.

For å unngå restskatt er det viktig at du sjekkar og oppdaterer opplysningane viss noko ikkje stemmer. Du kjenner økonomien din best, så det er viktig at du sjekkar om alt stemmer.

Viss du oppdaterer skattekortet ditt og vi føreslår tabelltrekk, kan du sjølv krysse av for at du ønskjer prosenttrekk.

Dersom du endrar skattekortet 

Endrar du skattekortet etter at arbeidsgivaren eller utbetalaren har rapportert inn den første inntekta di dette året til oss, og du har tabellkort, vil tabellkortet bli gjort om til eit prosentkort. Det skjer fordi tabellkortet bereknar skatt på inntekta for heile året. Når ei utbetaling allereie er rapportert inn, kan det bli feil å ha tabellkort. Derfor får du prosentkort, slik at skatten skal bli rett. Då blir du trekt etter den prosenten som står i skattekortet ditt neste gong du får ei utbetaling.

Spesielt for deg som har

Har du tabellkort, trekkjer Nav skatt etter tabell viss tabellen er ført opp på aktuell yting frå Nav på skattetrekksmeldinga di.

NAV kan også trekkje etter tabell viss tabellen er oppgitt i trekkoden "Hovudinntekt", sjølv om det står prosenttrekk på trekkoden for "Skattetrekk ved sjukepengar, svangerskapspengar eller andre ytingar".

Viss Nav mottar tabell, blir alltid tabelltrekk brukt når:

  • du får yting etter ein grad på 51 prosent eller meir
  • du mottar arbeidsavklaringspengar eller dagpengar

Mottar du fleire ytingar frå Nav i den same perioden, er det viktig at tabelltrekk berre blir brukt ved skattetrekk i ei av ytingane. Du kan også bestille prosentkort. Då vil skatten bli trekt med same prosent på alle ytingar.

Her finn du meir informasjon om bruk av tabelltrekk i ytingar frå Nav, og korleis du endrar frå tabelltrekk til prosenttrekk hos Nav.

Det blir ikkje skrive ut skattekort for sjøfolk som er busette i utlandet. For sjøfolk som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 første ledd bokstav h, er det fastsett eigne trekktabellar.

  • 0100 Trekktabell Klasse 1
    For skatt av sjømannsinntekt med 10 prosent standardfrådrag, 30 prosent sjømannsfrådrag.
  • 0101 Trekktabell Klasse 1
    For skatt og folketrygdavgift av sjømannsinntekt med 10 prosent standardfrådrag, 30 prosent sjømannsfrådrag.

Tabellen er rekna ut etter eit jamt trekk gjennom 12 månader og gir av den grunn reduserte trekkbeløp. Det blir derfor ikkje gitt trekkfritak i ferietida og før jul. Lønnsbeløpet (trekkgrunnlaget) blir avrunda nedover.

Viss du har skattekort for kjeldeskatt på lønn, betaler du ein fast prosent skatt kvar månad. Arbeidsgivaren din trekkjer eit fast beløp av lønna di uansett kor mykje eller lite du tener. Ved det månadlege trekket er skatten din betalt.

Du får ei skattekvittering i juni som viser kor mykje lønn og skatt arbeidsgivaren din har rapportert til Skatteetaten for jobben du gjorde i fjor.

Viss du vel deg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga på eit seinare tidspunkt, blir dette beløpet gjort om til forskotstrekk.