Pressemelding

Kva skal eg gjere med årsoppgåvene?

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Kontroller at opplysningane i årsoppgåvene stemmer. Då kan du sleppe å rette feil når skattemeldinga kjem 4. april.

I desse dagar får du tilsendt årlege samanstillingar frå bank, forsikringsselskap, barnehage eller NAV. I tillegg får du tilsendt ei samanstilling av inntekter og skattetrekk frå arbeidsgivarar og andre som betalte deg lønn eller pensjon i fjor. Opplysningane i årsoppgåva skal vere dei same som er rapporterte om deg til Skatteetaten.

Meld frå om du oppdagar feil

Årsoppgåvene får du tilsendt per brev, e-post, i nettbanken eller i ein digital postkasse. Du kan òg i somme tilfelle få melding om at du må logge deg inn på nettsida til avsendaren for å lese årsoppgåva der.

− Årsoppgåver inneheld opplysningar som blir utfylte på førehand i skattemeldinga. Feil i årsoppgåvene fører til feil i skattemeldinga, og i verste fall feil skatt. Dersom du kontrollerer no og melder frå om feil, kan opplysningane rettast før vi lagar skattemeldinga, seier Ove Nyland, avdelingsdirektør for brukarkontakt i Skatteetaten.

Dersom du oppdagar feil bør du melde frå til dei som har sendt deg årsoppgåver og be dei rette opp og sende korrigerte opplysningar til Skatteetaten. Endringar kjem med på skattemeldinga dersom Skatteetaten får dei tilsendt innan 1. mars. 

Har arbeidsgivar rapportert rett?

Arbeidsgivaren din skal ha rapportert opplysningar om inntektene, frådraga og skattetrekka dine i 2018, til Skatteetaten. Du skal ha fått ei samanstilling frå arbeidsgivaren din på same måte som du får lønnsslippen din. Du kan òg kontrollere kva som er rapportert om deg i innsynstenesta Mine inntekter og arbeidsforhold.

Døme på aktuelle årsoppgåver

  • Samanstilling av inntekter og forskotstrekk frå arbeidsgivar
  • Årsoppgåve frå burettslag/bustadaksjeselskap/bustadsameige
  • Pensjonsoppgåve frå trygdeutbetalarar
  • Årsoppgåve frå bankar
  • Årsoppgåve frå forvaltningsselskapet med oversikt over behaldning og realisasjon av verdipapir
  • Årsoppgåve frå forsikringsselskap
  • Årsoppgåve frå barnehage eller skulefritidsordning
  • Årsoppgåve over gåver du har gitt til frivillige organisasjonar eller til forsking/yrkesopplæring

Bli elektronisk brukar

Dei aller fleste lønnstakarar og pensjonistar, og alle næringsdrivande, får tilsendt skattemeldinga elektronisk. Fristen for å registrere deg som elektronisk brukar før skattemeldinga for 2018 blir laga, er 1. mars.

Hugs å bestille time dersom du skal besøke skattekontoret

Frå 4. april kan du kontrollere og endre skattemeldinga på skatteetaten.no. Dersom du har spørsmål, får du raskast kontakt med Skatteetaten på chat, telefon og Facebook. Dei fleste treng ikkje å møte opp, men dersom du skal besøke skattekontoret må du bestille time: skatteetaten.no/timebestilling.