Søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar

Upersonlege skattytarar, som aksjeselskap, verdipapirfond og bankar, skal betale forskotsskatt. Du kan endre forskotsskatten frå midten av januar.

Kven kan sende inn?

Dei som representerer upersonlege skattytarar kan sende inn søknaden. Døme på dette er rekneskapsførar, dagleg leiar og innehavar.

Endre eller redusere

Du kan sleppe å betale forskotsskatten (Skatteetaten ettergir forskotsskatten) dersom det er mest sannsynleg at det ikkje vil bli fastsett skatt for det aktuelle inntektsåret.

Dersom det er mest sannsynleg at det vil oppstå eit større avvik mellom utskriven forskotsskatt og fastsett skatt, kan skattekontoret endre forskotsskatten.

  • Du må søkje om å få redusert eller ettergitt forskotsskatt i god tid før siste termin forfell.
  • Søknadsskjemaet blir behandla hos skattekontoret. 
  • Når søknaden er behandla blir resultatet oppdatert i søknadsportalen og du får ei melding i innboksen i Altinn.

Du får ikkje ny faktura dersom forskotsskatten blir sett ned. I dette tilfellet endrar du beløpet sjølv. Tidlegare tilsende innbetalingsdetaljar og forfall gjeld framleis.

Dersom forskotsskatten blir sett opp, sender vi ut faktura om betaling av ny/endra forskotsskatt. Faktura blir sendt ut elektronisk i Altinn eller som eFaktura.

Les meir om betaling og restskatt på forskotsskatt.