Gevinst, tap eller utbytte på aksjar
Det er høgare skatt på gevinst og utbytte på aksjar enn på andre kapitalinntekter. Frådraget er også høgare når du sel aksjar med tap. Vi oppjusterer derfor automatisk inntekt på aksjar med eit inntektstillegg, og tap på aksjar med eit ekstra frådrag.
Vi oppjusterer inntekt og frådrag for aksjar og andre finansprodukt som inneheld ein aksjedel, til dømes verdipapirfond, fondskonto og aksjesparekonto.
Du finn oppjusterte beløp for utbytte, gevinst og tap ved sal av aksjar nedst i skattemeldinga di, under oppsummering og skatteberekning. Desse beløpa blir berekna automatisk, og du kan ikkje endre dei.
Skattesats for aksjar
Skatt på gevinst og utbytte for inntektsåret 2023 er 37,84 prosent, mens skatt på andre kapitalinntekter er 22 prosent.
Det same gjeld frådrag. For aksjar er frådragssatsen 37,84 prosent, mens for andre frådrag er satsen 22 prosent.
Dette blir gjort for at skattlegginga av dei totale aksjeinntektene frå selskap og aksjonær skal bli mest mogleg lik skattlegginga av lønn. Lønn blir pålagt alminneleg inntektsskatt på 22 prosent, trinnskatt og trygdeavgift. Sum marginalskatt kan då overstige 45 prosent. Eit aksjeselskap betalar skatt på 22 prosent av overskotet. Når overskotet blir delt ut som utbytte, blir det pålagt inntektsskatt på 22 prosent. For at marginalskatten skal bli mest mogleg lik skattlegging av lønnsinntekter blir aksjeinntekta gonga med faktortalet 1,72.
Døme
Eg eig eit aksjeselskap der eg arbeider, men eg tar ikkje ut lønn, berre utbytte. Selskapet mitt går med overskot på 100 000 kroner, og selskapet betalar skatt på 22 000 kroner (22 prosent).
Eg tar ut overskot etter skatt i utbytte og mottar 78 000 kroner i utbytte. Dersom dette hadde blitt pålagt skatt på 22 prosent utan oppjustering, hadde skatt på overskotet blitt 17 160 kroner. Total skatt på overskotet i selskapet hadde då blitt 39,16 prosent (22 000 + 17 160).
Dette er langt under marginalskatten for lønnsinntekter, så derfor blir utbyttet på 78 000 kroner gonga med faktoren 1,72 (78 000 x 1,72 = 134 160).
Skattepliktig utbytte på 134 160 kroner blir pålagt skatt på 22 prosent, som utgjer 29 515 kroner. Slik blir sum skatt på selskap og aksjonær 51,52 prosent (selskapet betalar 22 000 i skatt, aksjonæren 29 515). Dette er tilnærma lik marginalskatten på lønnsinntekter.
Regelen om oppjustering av aksjeinntekter gjeld uavhengig av om du sjølv eig 100 prosent eige selskap eller berre har nokon få aksjar i eit stort børsnotert selskap.