Denne siden er ikke tilgjengelig på bokmål.

Pressemelding

Skatteetaten åtvarar: – Datasnokane blir stadig smartare

  • Publisert:

Kvart år når ein legg ut skattekorta og når skattemeldinga og skatteoppgjeret kjem, strøymer det på med e-postar og SMS-ar som gir seg ut for å vere frå Skatteetaten eller kemneren, med løfte om pengar til gode og utbetalingar. Skatteetaten åtvarar: – Vi ber aldri nokon klikke på lenkjer i e-post og spør heller aldri etter bank- eller kredittkortopplysningar.

Torsdag 4. april vert skattemeldinga gjort tilgjengeleg for 4,9 millionar personar.  

Skatteetaten registrerte i 2018 heile 11 bølgjer av såkalla phishing, med etaten som påstått avsendar. Phishing blir utført gjennom e-postar eller SMS-ar som prøver å lure mottakarane til å klikke på lenkjer og gi frå seg sensitiv informasjon som seinare kan nyttast for å svindle mottakaren.

– Phishing aukar i omfang, men heldigvis har befolkninga generelt sett blitt meir bevisste og skeptiske, og dei har fått meir kompetanse på området. Likevel er det mange nok som går på til at det framleis er attraktivt for svindlarane, seier direktør for tryggleiksavdelinga i Skatteetaten, Svein Mobakken.

Skatteetaten politimelder dei grovaste svindelforsøka som har Skatteetaten som avsendar, men først og fremst er det mottakarane som må vere observante.

– Ikkje la deg lure, identiteten din på nett er gull verd. Skatteetaten sender aldri e-post med lenkjer som du skal klikke på.  Vi ber heller aldri om kredittkortinformasjon, tryggleikskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via SMS eller e-post, og all kommunikasjon med Skatteetaten skjer innlogga på heimesidene våre eller i Altinn, seier Mobakken.

Han ber publikum om hjelp til å følgje med på svindelforsøka. – Det er til stor hjelp at publikum melder frå til oss når dei trur dei har motteke falske e-postar eller SMS.  Så vil Skatteetaten bruke sosiale medium og andre kanalar til å åtvare, når vi ser at det er svindelforsøk på gang.

Tips frå Skatteetaten til kva du kan gjere for å hindre at du blir lurt:

  1. Sjå nøye på e-postane du får. Ver kritisk når du vurderer e-posten. Sjekk avsendaren og tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  2. Samanlikn e-postadressa med tidlegare ekte e-postar. Sjå særleg etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å herme.
  3. Ver særleg merksam dersom du i ein e-post blir bedt om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggleikskodar.
  4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende personar, klikk ikkje på lenkjer ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  5. Særleg på mobilen kan det vere freistande å klikke på ei lenkje i farten, ikkje gjer det.
  6. Dersom du er i tvil, må du dobbeltsjekke med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ta ein telefon til 800 80 000.

Svein Mobakken - Avdelingsdirektør for sikkerhet.jpg

Svein Mobakken, avdelingsdirektør sikkerhet