No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Om a-ordninga

A-ordninga er ein samordna måte for arbeidsgivarar å rapportere opplysningar om inntekt og tilsette til NAV, SSB og Skatteetaten.

Ordninga er digital. Opplysningane blir sende elektronisk, anten via lønnssystemet til arbeidsgivaren eller via ei teneste i Altinn. Skatteetaten forvaltar ordninga på vegner av dei andre etatane.

A-ordninga tok til å gjelde 1. januar 2015. Føremålet var å forenkle og samordne arbeidsgivaren si rapportering ved å gå frå fem skjema til ei a-melding.

 

Kva for opplysningar kjem i a-ordninga 

Arbeidsgivaren fører opp inntekt, arbeidsforhold, forskotstrekk og utleggstrekk til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift og finansskatt til verksemda.

Opplysningane skal rapporterast minst éin gong i månaden.

 

Kva blir opplysningane brukte til

NAV brukar opplysningar mellom anna i sakshandsaminga av

  • sjukepengar
  • foreldrepengar
  • uføretrygd
  • dagpengar
  • og til kontroll av dei fleste andre ytingar frå NAV

 

Skatteetaten brukar opplysningane mellom anna til

  • skattemeldinga (sjølvmeldinga)
  • skatteoppgjeret
  • skattekort
  • å krevje inn og kontrollere arbeidsgivaravgift, finansskatt, forskotstrekk og utleggstrekk

 

Statistisk sentralbyrå brukar opplysningane mellom anna til

  • lønnsstatistikken
  • sysselsetjingsstatistikken
  • sjukefråværsstatistikken

 

Opplysningar om arbeidsforhold blir lagde i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret).

Det er mange som nyttar dette registeret, mellom anna NAV og Skatteetaten, i tillegg til blant anna Arbeidstilsynet, Politi- og lennsmannsetaten, Finanstilsynet, Helsedirektoratet og Forsvaret.

 

Opplysningane blir brukt oppatt av andre

NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten distribuerer berre opplysningane vidare til private og offentlege aktørar som etter samtykke eller heimel i lov kan ta imot dei.

Opplysningane dannar grunnlaget for betre tenester til borgarane frå både offentleg verksemd og privat næringsliv.

Her er nokre døme:

  • Husbanken
  • Statens lånekasse
  • Utlenningsdirektoratet (UDI)
  • Fellesordninga for Pensjon (AFP)
  • Garantikassen for fiskarar
  • Pensjonsselskap
  • Bankar (når ein søkjer om lån)

 

Tal og fakta

I a-ordning gir kvart år 260 000 arbeidsgivarar opplysningar om 4,6 millionar tilsette og pensjonistar.

Kvar månad blir det rapportert:

  • 190 milliardar kroner i lønn, pensjon og andre ytingar
  • 50 milliardar kroner forskotstrekk
  • 16 milliardar kroner arbeidsgivaravgift
  • 150 millionar kroner finansskatt på lønn

90 prosent av arbeidsgivarane har eit lønns- og personalsystem og sender a-meldinga frå systemet. Desse står for over 99 prosent av opplysningane som kjem i a-ordninga.

 

Aktuelt regelverk