No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Solidaransvar ved utleige av arbeidskraft

Når ein arbeidstakar blir leigd ut, har både oppdragstakar (den som leiger ut) og oppdragsgivar (den som leiger inn) ansvar for at arbeidsgivarpliktene blir overhaldne. Det inneber mellom anna å betale arbeidsgivaravgift og forskotstrekk. Dette gjeld også for enkeltpersonføretak som har tilsette.

Dette er solidaransvar

Solidaransvar vil seie at både oppdragstakar og oppdragsgivar er ansvarlege for ubetalte krav. Oppdragstakar og oppdragsgivar kan avtale kven som skal ha arbeidsgivaransvaret. Ein slik avtale fritar ikkje den andre for ansvar ovanfor det offentlege.

Fritak for solidaransvar kan søkjast av verksemder eller enkeltpersonføretak som leiger ut eller leiger inn arbeidstakarar. Vi kan gi fritak frå den datoen søknaden er mottatt. Fritak kan gjelde for opptil eitt år om gongen, første gong inntil 6 månader.

Slik søkjer du fritak

Både oppdragsgivar og oppdragstakar kan søkje om fritak for solidaransvar

  • kva type fritak du søkjer om
  • kven som skal ha arbeidsgivaransvaret
  • kontaktperson
  • dersom ikkje generelt fritak: kven som skal ha fritak for arbeidsgivaransvaret

Søknaden må innehalde tilleggsopplysningar avhengig av kva du søkjer fritak for.

Svar på søknaden

Svar på søknaden blir sendt til innnboksen din i Altinn.

Typar fritak og krav

  • Utanlandsk bemanningsføretak som er registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak, kan søkje om fritak for solidaransvar for oppdragsgivarane sine.

    Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
    • Signert stadfesting frå bank eller revisor/rekneskapsførar på at skattetrekkskonto er oppretta. Kontonummeret må gå fram av dokumentasjonen. Alternativt kan du leggje ved bankgaranti som sikrar forskotstrekket (legg ved kopi dersom original bankgaranti er send tidlegare).

  • Du må oppgi kontraktsnummeret i søknaden.

    Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:

    • Signert stadfesting frå bank eller revisor/rekneskapsførar på at skattetrekkskonto er oppretta. Kontonummeret må gå fram av dokumentasjonen. Alternativt kan du leggje ved bankgaranti som sikrar forskotstrekket (legg ved kopi dersom original bankgaranti er send tidlegare).
    • Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar dersom han ikkje er send til Skatteetaten tidlegare.
    • Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).

  • For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast før førre periode er avslutta.

    Vedlegg er ikkje nødvendig dersom tidlegare innsend dokumentasjon framleis gjeld.

For å få fritak må den som skal ha arbeidsgivaransvaret

Generelt fritak betyr at ein oppdragstakar får innvilga fritak for alle oppdragsgivarane sine. Denne typen fritak er berre aktuelt for selskap som driv med utleige av arbeidskraft, slik som vikarbyrå. Oppdragstakar må vere registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak.

Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:

  • Signert stadfesting frå bank eller revisor/rekneskapsførar på at skattetrekkskonto er oppretta. Kontonummeret må gå fram av dokumentasjonen. Alternativt kan du leggje ved bankgaranti som sikrar forskotstrekket (legg ved kopi dersom original bankgaranti er send oss tidlegare).

  • Det kan søkjast om utvida enkelt fritak på grunnlag av ein rammeavtale.
  • Det er ikkje nødvendig å gi opplysningar om kva for tilsette som er utleigde.
Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
  • Signert stadfesting frå bank eller revisor/rekneskapsførar på at skattetrekkskonto er oppretta. Kontonummeret må gå fram av dokumentasjonen. Alternativt kan du leggje ved bankgaranti som sikrar forskotstrekket (legg ved kopi dersom original bankgaranti er send oss tidlegare).
  • Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar.
  • Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).

  • Enkelt fritak gjeld berre for dei arbeidstakarane som er spesifiserte i kontrakten.
Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
  • Signert stadfesting frå bank eller revisor/rekneskapsførar på at skattetrekkskonto er oppretta. Kontonummeret må gå fram av dokumentasjonen. Alternativt kan du leggje ved bankgaranti som sikrar forskotstrekket (legg ved kopi dersom original bankgaranti er send tidlegare).
  • Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar.
  • Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).

For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast før førre periode er avslutta.

Vedlegg er ikkje nødvendig dersom tidlegare innsend dokumentasjon framleis gjeld.

For å få fritak må den som skal ha arbeidsgivaransvaret

  • levere a-melding (gjeld også enkeltpersonføretak som har tilsette)
  • overføre skatten som du har trekt frå lønna til dei tilsette til ein eigen skattetrekkskonto eller ha bankgaranti som dekkjer skattetrekket