Døme på utfylling av aksjonærregisteroppgåva

Her viser vi deg døme på korleis aksjonærregisteroppgåva (RF-1086) skal fyllast ut.

Kjøp og salg

Faktumopplysningar

Aksjonær A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Aksjonær A skal selje 30 prosent av aksjane sine til person B (aksjonær B). Aksjane blir selde for 300 000 kroner.

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 50 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande per aksje: 50

Innbetalt aksjekapital: 50 000

Overkurs: 0

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Aksjane som blir selde skal førast på aksjonær A i post 25 som avgang ved "sal" og på aksjonær B som tilgang i post 23 med transaksjonstype "kjøp". I post 25/23 må du også oppgi talet på selde/kjøpte aksjar (300 stykk), vederlaget/anskaffingsverdien og tidspunktet.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Stiftelse og sletting av aksjeselskap

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Opplysningar frå fjoråret

Ingen opplysningar.

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande per aksje: 30

Innbetalt aksjekapital: 30 000

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Stiftinga skal førast i post 9 på selskapsnivå og i post 23 på aksjonærnivå.

Særskilde merknader

Det er viktig å merkje seg at stiftinga skal førast både på selskaps- og aksjonærnivå. Finst det berre éin aksjeklasse i selskapet, skal denne registrerast som ordinære aksjar. Postane 1–5 må fyllast ut med 0 i inngåande behaldning 1. januar.

Det er datoen for signeringa av stiftingsdokumentet som er avgjerande for leveringa av aksjonærregisteroppgåva – ikkje registreringstidspunktet i Føretaksregisteret. Er til dømes stiftingsdokumentet signert av alle stiftarane i desember år éin, og selskapet registrert i Føretaksregisteret i januar år to, må aksjonærregisteroppgåve leverast frå og med år éin.

Aksjonærregisteroppgåve for stiftingsåret skal sendast inn sjølv om selskapet ikkje har hatt nokon aktivitet.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Det blir bestemt å utfisjonere 20 prosent av selskapet til selskap Y som blir stifta ved fisjonen.

Selskap X før fisjonen

Aksjekapital: 200 000 Innbetalt aksjekapital: 200 000 Innbetalt overkurs: 40 000 Talet på aksjar: 200 Pålydande: 1 000

Selskap X etter fisjonen

Aksjekapital: 160 000 Innbetalt aksjekapital: 160 000 Innbetalt overkurs: 32 000 Talet på aksjar: 160 Pålydande: 1 000

Selskap Y etter fisjonen

Aksjekapital: 40 000 Innbetalt aksjekapital: 40 000 Innbetalt overkurs: 8 000 Talet på aksjar: 40 Pålydande: 1 000

Løysing

X (overdragande selskap) må rapportere inn dei endra kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn talet på sletta aksjar i post 12, og tilsvarande i avgang på aksjonær A i post 26. Selskapet må gi opplysningar om det overtakande selskapet Y i både post 12 og post 26.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn den nye selskapskapitalen på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær A i post 24. Selskapet må gi opplysningar om det overdragande selskapet X i både post 10 og post 24.

Særskilde merknader

Når det gjeld aksjekapitalen, så er det den skattemessige innbetalte aksjekapitalen i det overdragande selskapet som skal omfordelast i post 5. Det er den skattemessige innbetalte overkursen i post 6 i det overdragande selskapet som skal omfordelast, og ikkje den rekneskapsmessige/bokførte overkursen.

Det er ikkje datoen i stiftingsdokumentet som skal leggjast til grunn i selskap Y, men datoen for avgjerda om gjennomføring av fisjonen i Føretaksregisteret. Dersom gjennomføringsdatoen blir etter 31.12. medan "stiftingsdato" for selskap Y er året før, må Skatteetaten kontaktast. Dersom det blir utfisjonert til fleire selskap, må kvar utfisjonering ha ulike klokkeslett.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Aksjonær A har hatt eit enkeltpersonføretak som skal omdannast til eit aksjeselskap som A skal eige 100 prosent. Skattemessig eigenkapital i enkeltpersonføretaket på omdanningstidspunktet var 210 000 kroner. Det nystifta aksjeselskapet skal ha éin aksjeklasse, ordinære aksjar, og ein aksjekapital på 30 000 kroner som består av 100 aksjar à 300 kroner.

Opplysningar frå fjoråret

Postane 1–6 må fyllast ut med 0 i inngåande behaldning 1. januar.

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000 Talet på aksjar: 100 Pålydande per aksje: 300 Innbetalt aksjekapital: 30 000 Overkurs: 180 000

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Omdanninga skal førast i post 9 på selskapsnivå og i post 23 på aksjonærnivå. Overkursen skal registrerast per aksje i post 9. Samla anskaffingsverdi, som består av aksjekapital og samla overkurs, skal registrerast i post 23.

Særskilde merknader

Det er viktig å merkje seg at omdanninga skal førast både på selskaps- og aksjonærnivå.

Ved omdanning frå selskap med deltakarfastsetting er det viktig å merkje seg følgjande:

  • Aksjonæren sin anskaffingsverdi, som skal førast i post 23, finn ein ved å ta utgangspunkt i selskapet si melding over deltakeren si formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233), for føregåande år, avsnitt IV, kolonne I, post 640 for kvar enkelt deltakar/aksjonær.
  • Innbetalt kapital, som skal førast i post 5 og post 6, finn ein også i RF-1233 for føregåande år, i avsnitt VI, kolonne II, post 640 for alle deltakarane/aksjonærane.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Opplysningar frå fjoråret

Total aksjekapital i selskapet: 100 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande per aksje: 100

Innbetalt aksjekapital: 100 000

Overkurs: 10 000

Årets opplysningar

Alle postane frå og med post 1 til og med post 6 skal vere 0 ved utgangen av inntektsåret.

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Likvidasjonen skal førast i post 11 på selskapsnivå. Ein må ta stilling til om det er utbetalt vederlag frå selskapet.

På aksjonærnivå skal likvidasjonen førast i post 25.

Særskilde merknader

Det er viktig å merkje seg at likvidasjonen skal førast både på selskaps- og aksjonærnivå.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Skatteinsentivordninga

Faktumopplysningar

Selskap X (oppstartselskap) har trekt til seg investorar og oppfyller krava til skatteinsentivordninga. Selskap X vart starta føregåande år med aksjonær Gründer. Han eig 100 aksjar pålydande 1 000 kroner per stykk.

Investorane består av ein privatperson, Aksjonær A privatperson, og eit holdingselskap som heiter Holding Investor AS. Begge ønskjer å skyte inn 500 000 kroner kvar.

Aksjonær Gründer oppfyller ikkje krava til ordninga fordi han allereie er aksjonær i selskapet.

Opplysningar frå fjoråret

Total aksjekapital i selskapet: 100 000

Talet på aksjar: 100

Pålydande per aksje: 1 000

Innbetalt aksjekapital: 100 000

Overkurs: 0

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 1 100 000

Talet på aksjar: 1 100

Pålydande per aksje: 1 000

Innbetalt aksjekapital: 1 100 000

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget under for selskap X.

Stifting/nyemisjon med inntektsfrådrag skal ein føre i post 9 på selskapet og i post 23 på aksjonærnivå.

Nye reglar om skattefrådrag ved investering i oppstartsbedrifter

Ordninga med skatteinsentivaksjar tredde i kraft 1. juli 2017. For åra 2017, 2018 og 2019 kunne kvar personlege investor investere minimum 30 000 kroner per aksjeselskap og maksimum 500 000 kroner per år, og få frådrag for dette i skattemeldinga. For inntektsåra 2020 og 2021 er maksimum investeringsbeløp auka til 1 000 000 kroner per år. Minstebeløpet på 30 000 kroner er uendra.

I tillegg får dei behalde full inngangsverdi på aksjane. Kapitaltilførselen kan bestå av både aksjekapital og innbetalt overkurs. For åra 2017, 2018 og 2019 kunne oppstartselskap skrive ut aksjar med inntil 1 500 000 kroner per år. Dette er auka til 5 000 000 kroner for inntektsåra 2020 og 2021.

Investor må behalde aksjane i tre kalenderår etter året for utskrivinga av aksjane. Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som er gjeldande. Det er berre innmelde aksjeutvidingar som gir grunnlag for frådrag etter ordninga. For ytterlegare beskriving av ordninga og oversikt over alle krava som må vere oppfylt, sjå Skatte-ABC under tema "Aksjer – aksjeinnskudd i oppstartsselskap", skattelova § 6-53 og skatteetaten.no.

Særskilde merknader

Inntektsfrådraget er eit personleg frådrag. Sidan eit holdingselskap ikkje kan krevje inntektsfrådrag, er det holdingselskapet sine personlege aksjonærar som skal ha dette, basert på eigarandelen i holdingselskapet.

I aksjonærregisteroppgåva til holdingselskapet skal ein derfor i post 23 føre frådrag for investering i oppstartselskap for alle aksjonærane i selskapet som har rett til frådrag i skattemeldinga si. Dato må vere lik investeringa i oppstartselskapet og i feltet for org.nr må ein føre selskap X sitt organisasjonsnummer. Anskaffingsverdien

må ein føre etter eigarandelen til aksjonærane. I Holding Investor AS eig aksjonær A 50 prosent av aksjane, medan kvar av aksjonærane B og C eig ein andel med 25 prosent.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve for Holding Investor AS:

Fisjon og fusjon

Faktumopplysningar

Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskap X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til tre overtakande selskap W, Y og Z. (Verkeleg verdi = AK). Aksjonær A eig selskap W og Y, aksjonær B eig selskap Z. Selskap X skriv ned pålydande med 200 og får ny pålydande på 300.

Selskap W skriv ut 500 vederlagsaksjar pålydande 100.

Selskap Y skriv ut 125 vederlagsaksjar pålydande 400.

Selskap Z skriv ut 100 vederlagsaksjar pålydande 1 000.

Selskap X før fisjonen

Aksjekapital: 500 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande: 500

Innbetalt aksjekapital: 500 000

Innbetalt overkurs: 20 000

Selskap X etter fisjonen

Aksjekapital: 300 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande: 300

Innbetalt aksjekapital: 300 000

Innbetalt overkurs: 12 000

Selskap W før fisjonen

Aksjekapital: 200 000

Talet på aksjar: 2 000

Pålydande: 100

Innbetalt aksjekapital: 200 000

Innbetalt overkurs: 10 000

Selskap W etter fisjonen

Aksjekapital: 250 000

Talet på aksjar: 2 500

Pålydande: 100

Innbetalt aksjekapital: 250 000

Innbetalt overkurs: 12 000

Selskap Y før fisjonen

Aksjekapital: 400 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande: 400

Innbetalt aksjekapital: 400 000

Innbetalt overkurs: 15 000

Selskap Y etter fisjonen

Aksjekapital: 450 000

Talet på aksjar: 1 125

Pålydande: 400

Innbetalt aksjekapital: 450 000

Innbetalt overkurs: 17 000

Selskap Z før fisjonen

Aksjekapital: 100 000

Talet på aksjar: 100

Pålydande: 1 000

Innbetalt aksjekapital: 100 000

Innbetalt overkurs: 10 000

Selskap Z etter fisjonen

Aksjekapital: 200 000

Talet på aksjar: 200

Pålydande: 1 000

Innbetalt aksjekapital: 200 000

Innbetalt overkurs: 14 000

Løysing

X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nedsetting av aksjekapital som følgje av at pålydande ved oppsplitting av selskapet i post 18 er redusert. Dette skal førast i ei hending i post 18. På aksjonærane A og B skal post 30 brukast. I post 30 må aksjonær A gi opplysningar om dei overtakande selskapa W og Y som to hendingar, men begge skal ha same tidspunkt som post 18. Aksjonær B må gi opplysningar om det overtakande selskap Z, og hendinga skal ha same tidspunkt som post 18.

W (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær A i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet og aksjeklasse. I post 10 i feltet ”Pålydande per innløyst aksje” skal ein oppgi pålydande i overdragande selskap X

etter fisjonen. Talet på aksjar i overdragande selskap (som er det same før og etter fisjonen) skal førast i feltet "Talet på innløyste aksjar".

Y (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær A i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet og aksjeklasse. I post 10 i feltet ”Pålydande per innløyst aksje” skal ein oppgi pålydande i overdragande selskap X etter fisjonen. Talet på aksjar i overdragande selskap (som er det same før og etter fisjonen) skal førast i feltet "Talet på innløyste aksjar".

Z (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet og aksjeklasse. I post 10 i feltet ”Pålydande per innløyst aksje” skal ein oppgi pålydande i overdragande selskap X etter fisjonen. Talet på aksjar i overdragande selskap (som er det same før og etter fisjonen) skal førast i feltet "Talet på innløyste aksjar".

Særskilde merknader

Dersom det ligg føre skattemessig innbetalt overkurs i overdragande selskap, skal denne reduserast i same forhold som utfisjoneringa.

Vi gjer merksam på at når det blir fisjonert ut til eitt overtakande selskap, skal hendingstype "Fisjon ved reduksjon av pålydande" brukast i post 18 og 30.

For rett utfylling, sjå utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskap X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit nystifta overtakande selskap Y (verkeleg verdi = AK). Aksjonærane A og B skal eige kvar sin halvpart av selskap Y. A og B løyser kvar inn 200 aksjar i X, og begge tar imot 250 vederlagsaksjar kvar i Y.

Selskap X før fisjonen

Aksjekapital: 500 000

Innbetalt overkurs: 20 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande: 500

Selskap X etter fisjonen

Aksjekapital: 300 000

Innbetalt overkurs: 12 000

Talet på aksjar: 600

Pålydande: 500

Selskap Y etter fisjonen

Aksjekapital: 200 000

Innbetalt overkurs: 8 000

Talet på aksjar: 500

Pålydande: 400

Løysing

X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A og B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet Y.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonærane A og B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet.

Særskilde merknader

Det er den skattemessige innbetalte overkursen i post 6 i det overdragande selskapet som skal omfordelast, og ikkje den rekneskapsmessige/bokførte overkursen. Når det gjeld aksjekapitalen, så er det den skattemessige innbetalte aksjekapitalen i det overdragande selskapet som skal omfordelast i post 5. Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar
Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskap X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit nystifta overtakande selskap Y. (Verkeleg verdi = AK). Aksjonærane A og B skal eige kvar sin halvpart av selskapet Y. Selskap X skriv ned pålydande med 200 og får ny pålydande på 300. Selskap Y skriv ut 500 vederlagsaksjar pålydande 400.

Selskap X før fisjonen
Aksjekapital: 500 000
Innbetalt overkurs: 20 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 500

Selskap X etter fisjonen
Aksjekapital: 300 000
Innbetalt overkurs: 12 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 300

Selskap Y etter fisjonen
Aksjekapital: 200 000
Innbetalt overkurs: 8 000
Talet på aksjar: 500
Pålydande: 400

Løysing
X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nedsetting av aksjekapital som følgje av at pålydande i post 18 og på aksjonær A og B i post 30 er redusert. I både post 18 og 30 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet Y.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonærane A og B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet X.

Særskilde merknader

Det er den skattemessige innbetalte overkursen i post 6 i det overdragande selskapet som skal omfordelast, og ikkje den rekneskapsmessige/bokførte overkursen. Når det gjeld aksjekapitalen, så er det den skattemessige innbetalte aksjekapitalen i det overdragande selskapet som skal omfordelast i post 5. Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

Vi gjer merksam på at når det blir fisjonert ut til fleire overtakande selskap, skal hendingstype "Fisjon ved oppsplitting av selskap" brukast i post 18 og 30.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskap X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit eksisterande overtakande selskap Y.

Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskapet Y. A og B løyser kvar inn 200 aksjar i X og aukar pålydande med 200 i selskap Y.

Selskap X før fisjon-fusjonen
Aksjekapital: 500 000
Innbetalt overkurs: 20 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 500

Selskap X etter fisjon-fusjonen
Aksjekapital: 300 000
Innbetalt overkurs: 12 000
Talet på aksjar: 600
Pålydande: 500

Selskap Y før fisjon-fusjonen
Aksjekapital: 500 000
Innbetalt overkurs: 10 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 500

Selskap Y etter fisjon-fusjonen
Aksjekapital: 700 000
Innbetalt overkurs: 18 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 700

X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A og B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet Y.

Y (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn auke av pålydane i post 15. Transaksjonstypen er ein auke av aksjekapital ved fisjon. Forhøging av aksjekapital, auke av pålydande, dato og klokkeslett som svarar til avgangsaksjane i det overdragande selskapet X, pålydande etter, overdragande organisasjonsnummer og aksjeklasse.

I post 29 fører ein aksjonæren sin del av auken av kapitalen per aksje i samband med auke av pålydande ved fisjon-fusjon. Transaksjonstypen er fisjon ved auke av pålydande. Vidare oppgir ein auke av pålydande per aksje og tidspunktet for kapitalauken, organisasjonsnummeret til overdragande selskap og aksjeklasse.

Merk! Dersom det er A- og B-aksjar i begge selskapa, og aksjonærane ønskjer å la verdiane til A-aksjane i selskap X gå til A-aksjar i selskap Y, og tilsvarande for B-aksjane, er det viktig å skilje på klokkeslett slik at Aksjonærregisteret identifiserer korrekte aksjar.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Mor eig 100 aksjar pålydande 1 000 (AK = 100 000) i Dotter. Dotter blir innfusjonert i Mor.

Løysing

Ved ein slik fusjon er det berre nødvendig at Dotter rapporterer inn fusjonen. For Dotter skal ein fylle ut side 1, post 12 og post 26.

I post 12 er hendingstypen "Fusj. skattefri til mor eller fisj. asl. § 14-11 b". Antal og tidspunkt skal fyllast ut, og antal etter skal vere 0.

I post 26 er hendingstypen "Fusj. skattefri til mor eller fisj. asl. § 14-11 b". Antal aksjar og tidspunkt skal fyllast ut.

Særskilde merknader

Skattemessig innbetalt aksjekapital og skattemessig innbetalt overkurs i Dotter (post 5 og 6) skal ikkje vidareførast i Mor.

Mor sitt organisasjonsnummer skal ikkje fyllast ut i post 12/26.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er aksjonær i selskap X. B er aksjonær i selskapet Y. Selskap Y blir fusjonert inn i selskap X, og aksjonær B får vederlagsaksjar i selskap X. Verkeleg verdi = AK.

Selskap Y før fusjonen

Aksjekapital: 200 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 20 000
Talet på aksjar: 200
Pålydande: 1 000

Selskap X før fusjonen

Aksjekapital: 400 000
Innbetalt aksjekapital: 200 000
Innbetalt overkurs: 30 000
Talet på aksjar: 400
Pålydande: 1 000

Selskap X etter fusjonen

Aksjekapital: 600 000
Innbetalt aksjekapital: 300 000
Innbetalt overkurs: 50 000
Talet på aksjar: 600
Pålydande: 1 000

Ved innfusjoneringa aukar X sin nominelle aksjekapital med 200 000 til 600 000, og det blir skrive ut 200 vederlagsaksjar pålydande 1 000 i selskap X.

Løysing

Y (overdragande selskap) må rapportere inn dei endra kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva (Y blir oppløyst i samband med fusjonen). Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane i selskapet i post 12 og avgang på aksjonær B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet X.

X (overtakande selskap) må rapportere inn dei endra kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet Y.

For aksjonær A fører ikkje hendinga til nokon endringar som må rapporterast.

Særskilde merknader

Når det gjeld aksjekapitalen, så er det den skattemessige innbetalte aksjekapitalen i det overdragande selskapet som skal omfordelast i post 5. Det er den skattemessige innbetalte overkursen i post 6 i det overdragande selskapet som skal omfordelast, og ikkje den rekneskapsmessige/bokførte overkursen. Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Selskap Mor før fusjonen
Aksjekapital: 200 000
Talet på aksjar: 2
Pålydande: 100 000
Innbetalt aksjekapital : 50 000
Innbetalt overkurs: 12 000

Selskap Dotter før fusjonen
Aksjekapital: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital : 100 000
Innbetalt overkurs: 10 000

Faktumopplysningar

Mor: Aksjekapital på 200 000 fordelt på to aksjar, kvar pålydande 100 000. Skattemessig innbetalt kapital er 50 000 kroner og fondsemitert 150 000. Aksjane blir eigd med ein aksje kvar av A og B.

Det blir vedtatt å fusjonere dei to selskapa med Dotter som overtakande selskap og Mor som overdragande, og aksjekapitalen i Dotter blir samtidig auka med 40 000 til 140 000 når ein skriv ut 40 nye aksjar. Mor blir sletta ved fusjonen.

Mor eig 100 aksjar pålydande 1 000 (AK = 100 000) i Dotter. Mor blir innfusjonert i Dotter.

Løysing

Mor
Fusjonen blir registrert i Mor som ein ordinær avgangsfusjon i post 12/26 og med Dotter sitt organisasjonsnummer som overtakande selskap. Talet på vederlag og pålydande i post 12 er talet på aksjar og pålydande i Dotter etter fusjonen.

Dotter
Fusjonen blir registrert som ein ordinær tilgangsfusjon i post 10/24 med 40 nyutskrivne aksjar og 140 aksjar etter fusjonen og med Mor sitt organisasjonsnummer som overdragande selskap. Her må ein òg registrere talet på aksjar som Mor eigde i Dotter før fusjonen i feltet ”Kor mange eigne aksjar overf.” i post 10. I felta ”Talet på innløyste aksjar” og ”Pålydande per innløyste aksje” blir talet på sletta aksjar og pålydande i Mor ført.

For Mor som aksjonær skal avgangen førast i post 25 som ”Avgang eigne ved fusjon/fisjon”.

Aksjonærane A og B i Mor må leggjast til som nye aksjonærar i Dotter. Det må registrerast ein tilgang på 70 aksjar kvar med transaksjonstype ”Fusjon skattefri ” i post 24 med Mor sitt organisasjonsnummer og med pålydande i Mor som pålydande for overdragande selskap.

Selskap Dotter etter fusjonen
Aksjekapital: 140 000
Talet på aksjar: 140
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 50 000
Innbetalt overkurs: 12 000

Særskilde merknader

I mange tilfelle blir det ikkje skrive ut nye aksjar i denne typen fusjonar. I desse tilfella skal ”Tal på nyutskrivne aksjar” i post 10 fyllast ut med 0, og Mor sine aksjar i Dotter skal fordelast på aksjonærane i Mor i det same forholdet som eigarposisjonen i Mor på fusjonstidspunktet. Ved ein omvend Mor-Dotter-fusjon vil skatteposisjonen innbetalt aksjekapital og overkurs som overdragende Mor har på Dotter falle bort. Det vil seie at det berre er skattemessig innbetalt aksjekapital og overkurs i Mor som skal takast med i post 5 og 6 per 31.12. i Dotter.

Både transaksjonstype "Avgang eigne ved fisjon/fusjon" og "Fusjon skattefri" skal førast med same tidspunkt.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i både selskap X og Y. Selskap Y blir innfusjonert i selskap X. Ved forenkla fusjon blir det ikkje skrive ut vederlagsaksjar eller auke av pålydande i selskap X.

Selskap X
Aksjekapital: 100 000
Innbetalt akjsekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 12 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000

Selskap Y
Akjsekapital: 100 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 10 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000

Løysing

Y (overdragande selskap) må rapportere inn dei endra kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva (Y blir oppløyst i samband med fusjonen). Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane i selskapet i post 12 ved bruk av hendingstype fusjon skattefri og avgang på aksjonær A i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet X. I post 12 må feltet for talet på vederlagsaksjar fyllast ut med det talet på aksjar som det er i overtakande selskap X på fusjonstidspunktet.

X (overtakande selskap) må rapportere inn dei endra kapitalforholda (innbetalt kapital) i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn forenkla fusjon etter asl. § 13-24 i post 15, og i post 29 for aksjonær A. Ein skal berre opplyse om dato, organisasjonsnummeret til overdragande selskap og aksjeklasse.
I post 5 skal innbetalt aksjekapital aukast til 200 000 og post 6 innbetalt overkurs til 22 000.

Særskilde merknader

Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Mor (selskap X) eig alle aksjane i Dotter (selskap Z). Aksjonær A eig alle aksjane i selskap Y. Selskap Y skal fusjonerast inn i Dotter (selskap Z), og A får vederlag med auke av pålydande i Mor (selskap X).

Mor (selskap X) før fusjonen
Aksjekapital: 1 500 000
Talet på aksjar: 6 000
Pålydande: 250
Innbetalt aksjekapital: 800 000
Innbetalt overkurs: 12 000

Selskap Y før fisjonen
Aksjekapital: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 10 000

Mor (selskap X) etter fusjonen
Aksjekapital: 1 600 000
Talet på aksjar: 6 000
Pålydande: 266,67
Innbetalt aksjekapital: 900 000
Innbetalt overkurs: 22 000

Dotter (selskap Z) skal ikkje rapportere konsernfusjonen.

Løysing

Aksjonærregisteroppgåva blir ikkje påverka for Dotter sin del. I Dotter er det ingen kapitalendringar eller endringar på aksjonærnivå.

Y (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold (selskapet er oppløyst) i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A i post 26. I post 12 må ein oppgi organisasjonsnummeret til Dotter i feltet ”Org.nr. til overt. selskap” og organisasjonsnummeret til Mor i feltet ”Org.nr. til overt. morselskap”. I feltet ”Vederlagsaksjar (tal på)" skal ein føre talet på aksjane til Mor på fusjonstidspunktet. I feltet ”Pålydande per vederlagsaksje" skal pålydande etter fusjon i Mor (selskap X) førast.

Vidare må selskapet rapportere inn talet på aksjar i avgang på aksjonær A i post 26, og ein må i den same posten gi opplysningar om organisasjonsnummert til Mor, aksjeklasse og pålydande. Ein skal her ikkje gi opplysningar om Dotter (selskap Z) som er det overtakande selskapet, men opplysningar om Mor (selskap X) som faktisk skriv ut vederlag med auke av pålydande.

Mor X (selskap som får vederlag med auke av pålydende) må rapportere inn endra kapitalforhold i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn auke av pålydane i post 15, det same som aksjonær A i post 29. I både post 15 og 29 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet Y.

Særskilde merknader

Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylte aksjonærregisteroppgåver:

Faktumopplysningar

Mor (selskap X) eig alle aksjane i Dotter (selskap Z). Aksjonær A eig alle aksjane i selskap Y. Selskap Y skal fusjonerast inn i Dotter (selskap Z), og A får vederlagsaksjar i Mor (selskap X).

Mor (selskap X) før fusjonen
Aksjekapital: 1 500 000
Talet på aksjar: 6 000
Pålydande: 250
Innbetalt aksjekapital: 800 000
Innbetalt overkurs: 12 000

Selskap Y før fisjonen
Aksjekapital: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 10 000

Mor (selskap X) etter 
Aksjekapital: 1 600 000
Talet på aksjar: 6 400
Pålydande: 250
Innbetalt aksjekapital: 900 000
Innbetalt overkurs: 22 000

Dotter (selskap Z) skal ikkje rapportere konsernfusjonen.

Løysing

Aksjonærregisteroppgåva blir ikkje påverka for Dotter sin del. I Dotter er det ingen kapitalendringar eller endringar på aksjonærnivå.

Y (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold (selskapet er oppløyst) i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A i post 26. I post 12 må ein oppgi organisasjonsnummeret til Dotter i feltet ”Org.nr. til overt. selskap” og organisasjonsnummeret til Mor i feltet ”Org.nr. til overt. morselskap”. I tillegg må ein oppgi aksjeklasse i Mor, og i feltet ”Vederlagsaksjar (kor mange)" skal 400 førast. I feltet ”Pålydande per vederlagsaksje" skal pålydande i Mor (selskap X) 250 førast.

Vidare må selskapet rapportere inn talet på aksjar i avgang på aksjonær A i post 26, og ein må i den same posten gi opplysningar om organisasjonsnummert til Mor, aksjeklasse og pålydande. Ein skal her ikkje gi opplysningar om Dotter (selskap Z) som er det overtakande selskapet, men opplysningar om Mor (selskap X) som faktisk skriv ut vederlagsaksjar.

Mor X må rapportere inn dei endra kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10, det same som aksjonær A i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet Y.

Særskilde merknader

Når det gjeld aksjekapitalen, så er det den skattemessige innbetalte aksjekapitalen i det overdragande selskapet som skal omfordelast i post 5. Det er den skattemessige innbetalte overkursen i post 6 i det overdragande selskapet som skal omfordelast, og ikkje den rekneskapsmessige/bokførte overkursen. Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Denne transaksjonstypen blir brukt når overdragande selskap ved fisjon eller fusjon overfører aksjar til overtakande selskap. Overtakande blir eigar av aksjane i staden for overdragande.

Transaksjonstypen kan også brukast ved til dømes omdanning frå personleg næringsverksemd til aksjeselskap viss aksjar blir overført ved omdanninga.

Faktumopplysningar

Selskap Y blir innfusjonert i selskap X og deretter sletta. Selskap Y eig 20 aksjar av totalt 100 i selskap Z. Denne aksjeposten må i samband med fusjonen overførast til overtakande selskap X. Aksjonær A eig dei resterande 80 aksjane.

Selskap Z
Aksjekapital: 100 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000

Løysing

Selskap Z må rapportere inn endra eigarforhold på aksjonærnivå. For aksjonær Y må det i post 25 førast 20 aksjar i avgang ved å bruke transaksjonstype "Overføring med skattemessig kontinuitet". Overtakande selskap X må opprettast som aksjonær, og i post 23 må det førast ein tilgang med 20 aksjar med transaksjonstype "Overføring med skattemessig kontinuitet". Bruk tidspunktet for gjennomføringa av fisjonen/fusjonen.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Kapitalendringer

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Selskapet aukar aksjekapitalen sin med 100 000 ved konvertering av fordring med auke av pålydande.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 200 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 2 000
Innbetalt aksjekapital: 200 000

Vel "Nyemisjon ved konvertering av fordring auke av pålydande" i post 15. Auke av aksjekapital 100 000 kroner , auke av pålydande 1 000 og pålydande etter 2 000

Vel "Nyemisjon ved konvertering av fordring auke av pålydande" i post 29. Auke av aksjekapital 100 000 kroner , auke av pålydande 1 000

Særskilde merknader

Det er i utgangspunktet nominell auke i aksjekapitalen og eventuell overkurs som aukar aksjonæren sin inngangsverdi på aksjane. Dersom verdien av aksjevederlaget/omsetningsverdien av fordringa på konverteringstidspunktet er lågare enn nominell auke i aksjekapital inkl. eventuell overkurs, er det denne lågare verdien som skal brukast som inngangsverdi på aksjane.

Det finst per i dag inga teknisk løysing i Aksjonærregisteret for å kunne rapportere verdien av aksjevederlaget/omsetningsverdien av fordringa via aksjonærregisteroppgåva (RF-1086) slik at aksjonær får rett skattemessig inngangsverdi på aksjane. Aksjonær må derfor sjølv kontakte Skatteetaten for å korrigere inngangsverdien når dei mottar aksjeoppgåva for året.

Tilsvarande vil gjelde ved bruk av transaksjonstype "Nyemisjon ved konvertering av fordring" ved utskriving av aksjar i postane 9/23.

Sjå også omtale i Skatte-ABC under emnet "Aksjer – realisasjon", avsnitt 6 "Inngangsverdi", punkt 6.10 "Aksjer ervervet ved konvertering av lån til selskapet".

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Tilsette i eit aksjeselskap kan få tilbod om erverv av aksjar i selskapet etter ei generell ordning i bedrifta. For å bli godtatt som ei generell ordning, må tilbodet om aksjeerverv i utgangspunktet vere gitt til alle tilsette i det aktuelle selskapet. I slike tilfelle skal du setje fordelen til differansen mellom antatt salsverdi redusert med 25 prosent , og det den tilsette har betalt for aksjen.

Reduksjonen i den skattepliktige fordelen kan ikkje overstige 7 500 kroner per år for kvar person. Sjå sktl. § 5-14 første ledd bokstav a og Skatte-ABC under tema "Aksjer – ansattes erverv til underpris".

I aksjonærregisteroppgåva skal dette rapporterast i post 9 og 23 med hendings- og transaksjonstype "Nyemisjon tilsetteaksjar".

Faktumopplysningar

Selskap X er eigd med 60 prosent av aksjonærar som berre er investorar og ikkje tilsette i selskapet, og resterande 40 prosent er eigd av tilsette A og B med 20 prosent kvar. Selskapet skal auke nominell aksjekapital med 100 000 kroner. Av dette er 40 000 kroner ein retta emisjon mot dei to tilsette i selskapet, medan resten er mot dei andre investoraksjonærane . Aksjonærane A og B får tildelt 20 aksjar kvar pålydande 1 000 kroner. Dei betaler 20 0000 kvar for aksjane, dvs. 1 000 kroner per aksje. Marknadsverdi per nyutskriven aksje er 2 500 kroner. Dei andre aksjonærane betaler totalt 150 000 kroner.

Selskap X
Aksjekapital: 100 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 0
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000

Selskap X etter emisjonen
Aksjekapital: 200 000
Innbetalt aksjekapital: 200 000
Innbetalt overkurs: 90 000
Talet på aksjar: 200
Pålydande: 1 000

Løysing

I post 9 blir det to føringar. Du må rapportere 40 nyutskrivne aksjar à 1 000 kroner og hendingstype "Nyemisjon tilsetteaksjar". I tillegg må det rapporterast 60 nyutskrivne aksjar à 1 000 kroner, overkurs 1 500 kroner per aksje og hendingstype "Nyemisjon" (emisjon ved nyteikning).

I post 23 på kvar av aksjonærane A og B skal marknadsverdi på totalt 50 000 kroner rapporterast som anskaffingsverdi, sjølv om det berre er innbetalt 20 000 kroner, og transaksjonstype "Nyemisjon tilsetteaksjar". For dei andre investoraksjonærane må du bruke transaksjonstypen "Nyemisjon" i post 23 og total anskaffingsverdi 150 000 kroner.

Transaksjonane må skiljast med ulike klokkeslett.

Innbetalt aksjekapital i post 5 skal aukast med 100 000 kroner. Innbetalt overkurs i post 6 aukar frå 0 til 90 000 kroner, sidan det berre er investoraksjonærane som har betalt inn overkurs.

Særskilde merknader

Total fordel utgjer 30 000 kroner på kvar av aksjonærane A og B. Dei har vorte lønnsskattlagde for fordelen ved kjøp av aksjar til underprisen med 22 500 kroner (30 000 kroner – 7 500 kroner).

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 30
Innbetalt aksjekapital: 30 000

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget under.
Endring av aksjekapitalen skal førast i post 1 og 2. Post 3 og 5 skal også endrast. Når du fører nedsettinga av aksjekapital ved å skrive ned pålydande for aksjane, skal du føre nedsettinga i postane 17 og 27.

Særskilde merknader

Dersom aksjekapitalen inneheld fondsemittert kapital, er denne sett som tilbakebetalt først og må spesifiserast i eige felt i post 27. Denne tilbakebetalinga er rekna skatterettsleg som utbytte, og skal derfor førast i post 8 på selskapsnivå og i post 21 på aksjonærnivå med det same dato og klokkeslett som nedsettinga i post 17 og 27 (delt opp). Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Det er fire aksjonærar i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Det er vedtatt å setje ned aksjekapitalen i selskapet til 0 kroner med påfølgjande nyemisjon. Det vart ikkje gjort noka utbetaling til aksjonærane. Etter nyemisjonen er det tre aksjonærar.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Innbetalt overkurs: 10 000

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 300 000
Talet på aksjar: 3 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 375 000
Innbetalt overkurs: 7 500

Løysing

Aksjonær A får endra eigardelen sin i selskapet til 0 prosent ved utgangen av året. Du må derfor registrere "Partiell likvidasjon, skeivdelt" på han. Dei resterande tre aksjonærane skal delta i nyemisjonen, og derfor må du registrere "Partiell likvidasjon, likedelt".

Innrapportering på selskapsnivå, i post 11
Hendingstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Talet på sletta aksjar: 250
Antal etter: 750
Pålydande: 100
Overkurs per sletta aksje: 10
Totalt vederlag: 0
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere før den likedelte

Hendingstype: Likedelt partiell likvidasjon
Talet på sletta aksjar: 750
Antal etter: 0
Pålydande: 100
Overkurs per sletta aksje: 10
Totalt vederlag: 0
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere seinare enn den skeivdelte

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær A
Transaksjonstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Antal avgang: 250
Totalt vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 0
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere før den likedelte

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær B, C og D
Transaksjonstype: Likedelt partiell likvidasjon
Antal avgang: 250
Totalt vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 0
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere seinare enn den skeivdelte

Innrapportering på selskapsnivå, i post 9
Transaksjonstype: Nyemisjon
Talet på nyutskrivne aksjar: 3 000
Antal etter: 3 000
Pålydande: 100
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere seinare enn dei partielle likvidasjonane

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 23, aksjonær B, C og D
Transaksjonstype: Nyemisjon
Talet på aksjar i tilgang: 1 000
Total anskaffingsverdi: 100 000
Tidspunkt: Dato, klokkeslett må vere seinare enn dei partielle likvidasjonane

Særskilde merknader

Rekkjefølgja på dei partielle likvidasjonane er viktig. Den skeivdelte må gjennomførast før den likedelte.

For at selskapet ikkje skal reknast som likvidert, må nyemisjonen bli registrert på same dag som partiell likvidasjon likedelt.

For dei aksjonærane som fortset som aksjonærar i selskapet, er innbetalt kapital på dei sletta aksjane framleis i behald i selskapet. Aksjonæren sin inngangsverdi på dei gamle aksjane vil bli omfordelt på dei nye aksjane hans.

Det er registreringstidspunktet i Føretaksregisteret som skal brukast for hendinga. Aksjonærane treng ikkje ha den same eigardelen etter nyemisjonen som dei hadde før partiell likvidasjon likedelt, men for at det ikkje skal bli realisasjon, må dei ha minst same eigardel som før nedskrivinga.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Selskap X har to aksjonærar, A og B, med like mange aksjar i selskapet. Begge aksjonærane skal løyse inn aksjar og då blir talet på aksjar og aksjekapitalen i selskapet halvert. Kvar aksjonær får utbetalt 100 000 kroner (2 000 kroner for kvar innløyste aksje).

Selskap X før partiell likvidasjon
Aksjekapital: 200 000
Talet på aksjar: 200
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Selskap X etter partiell likvidasjon
Aksjekapital: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 50 000

Løysing

Det blir gjennomført ei likedeling, og kvar aksjonær sit att med same eigardel som den dei hadde før innløysing av aksjane. Ved utbetaling til aksjonærane skal utbetalingar som er større enn innbetalt kapital behandlast som utbytte.

For å kunne handtere dette rett, må selskapet ha full oversikt over kor mykje som er innbetalt kapital. Ved likedeling utgjer vederlaget anten tilbakebetaling av innbetalt kapital, eller utbytte. I dømet har kvar av aksjonærane ein innbetalt kapital på 25 000 kroner på sine innløyste aksjar. Utdelinga fører derfor til at kvar av aksjonærane skal skattleggjast for utbytte på 75 000 kroner.

I post 11, "Totalt vederlag / utbetalt av innbetalt kapital" skal selskapet velje transaksjonstype "Likedelt partiell likvidasjon" og føre 50 000 kroner som "Utbetalt av innbetalt kapital". Du må gjere det same på aksjonærnivå i post 25, men då med 25 000 kroner for kvar aksjonær.

Utbetalt beløp som overstig det som er utbetalt av innbetalt kapital skal behandlast som utbytte og rapporterast som vanleg i post 8 på selskapsnivå og i post 21 på aksjonærnivå. I dømet må det førast 150 000 kroner i post 8 og 75 000 kroner i post 21 på kvar av aksjonærane.

Særskilde merknader

Partiell likvidasjon og utdeling av utbytte må registrerast med forskjell i tid, sjølv om det skjer på same tid.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Selskap X før partiell likvidasjon (Berre ordinære aksjar)
Aksjekapital: 1 000 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 1 000 000
Innbetalt overkurs: 20 000

Selskap X etter partiell likvidasjon
Aksjekapital: 500 000
Talet på aksjar: 500
Pålydande: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 500 000
Innbetalt overkurs: 10 000

Faktumopplysningar

Selskap X har to aksjonærar, aksjonær A og aksjonær B, som eig 50 prosent kvar.

I midten av juni bestemmer styret at 500 aksjar skal løysast inn. For kvar aksje som blir løyst inn, blir det delt ut eit vederlag på 1 000 kroner. Begge aksjonærane skal løyse inn aksjar, men etter innløysinga er eigarsitsen endra.

Aksjonær A løyser inn 100 aksjar, aksjonær B løyser inn 400 aksjar. For å avgjere om den partielle likvidasjonen skal rapporterast som likedeling eller skeivdeling, må ein sjå på eigardel før og etter den partielle likvidasjonen:

Aksjonær A Aksjonær B
Før likvidasjonen: 500 Før likvidasjonen: 500
Likviderer: – 100 Likviderer: – 400
Har att = 400 Har att = 100
I prosent av behaldninga:
400/500 * 100 % = 80 %
I prosent av behaldninga:
100/500 * 100 % = 20 %


Aksjonær A har fått auka sin eigardel frå 50 prosent til 80 prosent, og aksjonær B har fått redusert sin eigardel frå 50 prosent til 20 prosent. Vi har då med ei skeivdeling å gjere. Dersom ein eller fleire aksjonærar i eit selskap har fått redusert eigardelen, så er regelen at alle aksjonærar som løyser inn aksjar, skal skattleggjast ved realisasjon.

Innrapportering på selskapsnivå, i post 11

Hendingstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Talet på sletta aksjar: 500
Antal etter: 500
Pålydande: 1 000
Overkurs sletta: 20
Totalt vederlag: 500 000
Tidspunkt: Dato

I feltet "Totalt vederlag / utbetalt innbetalt kapital" er det viktig å merkje seg at selskapet skal melde inn totalt vederlag ved skeivdelt partiell likvidasjon. Det er fordi skeivdelt partiell likvidasjon skal behandlast som realisasjon.

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær A

Transaksjonstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Antal avgang: 100
Totalt vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 100 000
Tidspunkt: Dato

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær B

Transaksjonstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Antal avgang: 400
Totalt vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 400 000
Tidspunkt: Dato

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet ønskjer å overføre aksjekapital over til annan eigenkapital ved å redusere pålydande, slik at aksjekapitalen tilfredsstiller minimumskravet på 30 000 kroner.

Fjorårets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Overkurs: 0

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 30
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Overkurs: 0

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget under.

Post 1 og 2 aksjekapitalen 31.12. skal reduserast til 30 000 kroner.

Post 3 pålydande per aksje 31.12. skal reduserast til 30 kroner.

Post 16 skal fyllast ut, sjå skjema.

Særskilde merknader

Intern overføring av aksjekapital til annan eigenkapital gir ingen føringar på aksjonæren og påverkar heller ingen opplysningar for aksjonæren sitt skjema RF-1088. Innbetalt aksjekapital er ikkje påverka av nedsettinga, sidan nedsettingsbeløpet ikkje er utbetalt til aksjonær, jf. post 5 i skjema.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Aksjonær A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet ønskjer å overføre aksjekapital over til annan eigenkapital ved å redusere talet på aksjar, slik at aksjekapitalen tilfredsstiller minimumskravet på 30 000 kroner.

Fjorårets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Overkurs: 0

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 300
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000
Overkurs: 0

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget under.

Post 1 og 2 aksjekapitalen 31.12. skal reduserast til 30 000 kroner.

Post 4 talet på aksjar 31.12. skal reduserast til 300.

Fyll ut post 11 med hendingstype likedelt partiell likvidasjon med vederlag 0.

For aksjonærene skal du post 25 fyllast ut med transaksjonstype likedelt partiell likvidasjon og vederlag 0.

Særskilde merknader

Føringa i dømet medfører at inngangsverdi frå dei sletta aksjane blir overført/omfordelt til aksjane som står att. Innbetalt aksjekapital er ikkje påverka av nedsettinga, sidan nedsettingsbeløpet ikkje er utbetalt til aksjonær, jf. post 5 i skjema.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Utbytte, aksjonærlån og tilbakebetaling

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskapet Utbytte AS. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet har delt ut 100 000 kroner i ordinært skatterettsleg utbytte den 01.06.20XX.

Selskapsopplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 30
Innbetalt aksjekapital: 30 000

Løysing

Utdelinga skal førast i post 8 på selskapsnivå og i post 21 på aksjonærnivå. Vel hendingstype "Utbytte", og oppgi utdelt utbytte per aksje og tidspunktet for utdelinga.

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Særskilde merknader

Skatterettsleg utbytte omfattar alle fordelar ved heil eller delvis vederlagsfri overføring av verdiar frå selskap til aksjonær. Det er datoen for vedtaket i generalforsamlinga som er avgjerande for kva tidspunkt utbytte skal rapporterast i aksjonærregisteroppgåva. Det gjeld uavhengig av om utbytte blir utbetalt same år eller eit seinare år.

I tillegg til rapporteringa av utbytte i aksjonærregisteroppgåva, blir dette behandla formuesmessig som fordring/gjeld på skattemeldinga for aksjonær/selskap. Viss selskapet vedtar eit ekstraordinært skatterettsleg utbytte, skal dette også rapporterast i aksjonærregisteroppgåva same år som det blir vedtatt.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

Det er éin aksjonær i selskapet Aksjonærlån AS. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet betaler ut 150 000 kroner i aksjelån, 50 000 kroner i ordinært utbytte og ettergir 60 000 kroner av lånet.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 100 000 (UB)
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Løysing
I dette dømet blir eit aksjonærlån på 150 000 kroner ført i post 8 og 21. Vidare blir eit utbytte på 50 00 0 kroner også ført i post 8 og 21. Ettergivinga på 60 000 kroner blir ført i post 22. Ingen av føringane påverkar post 6.

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Nye reglar om aksjonærlån

I statsbudsjettet 07.10.2015 vart det bestemt at lån frå AS/ASA til personlege aksjonærar skal skattleggjast som utbytte etter aksjonærmodellen.

Denne endringa i regelverket vedkjem alle personlege aksjonærar og deira nærståande, som frå og med 07.10.2015 har inngått eit låneforhold med selskapet.

Reglane er tatt inn i skattelova § 10-11 femte og sjette ledd. Reglane gjeld for lån frå alle selskap i konsern. Dersom lånet blir tatt opp i Dotter, må dette rapporterast inn som utbytte i Mor der den skattepliktige er aksjonær. Reglane gjeld også der kor selskapet gir sikkerheit for aksjonæren sitt lån.
At aksjonæren blir skattlagd for utbytte for lånet har ikkje noko å seie for selskapet. Lånet skal framleis førast som lån i rekneskapen til selskapet.
Det er ikkje eit krav om å rekne ut renter av lånet. Dersom det er renter på lånet, skal desse behandlast på ordinær måte som frådrag hos aksjonær og renteinntekt hos selskap.

Tilbakebetaling av lånet

  • Nedbetaling av lån som er skattlagt som utbytte skal behandlast som innskot av ny kapital i selskapet med verknad for inngangsverdi og skatteposisjonen innbetalt kapital.
  • Heile eller delar av lånet kan gjerast opp ved at det blir motrekna mot eit seinare utbytte frå selskapet utan ytterlegare skattlegging.
  • Det er høve til å ettergi lånet utan ny skattlegging.

Konsekvensar for innrapportering i RF-1086

Det er lagt til ein ny hendingstype i post 8 for aksjonærlån.

Tilsvarande er det lagt til nye hendingstypar i post 22:

  • tilbakebetaling av tidlegare innbetalt kapital
  • nedbetaling av aksjonærlån
  • ettergiving av lån

Aksjonærlån skal no rapporterast som ei eiga hending i post 8 på selskapsnivå. Tilsvarande skal lånet rapporterast som utbytte i post 21 på aksjonærnivå.

Nedbetaling av lån som tidlegare er skattlagt som utbytte, skal behandlast som innskot av ny kapital på aksjonæren si hand. Det vil seie at tilbakebetalingsbeløpet blir lagt automatisk til inngangsverdien på aksjonæren sine aksjar og skal rapporterast i post 22. Sjå eige døme.

Post 6 må korrigerast i samsvar med beløp som blir førte i post 22, med unntak av ettergiving av aksjonærlån.

Ettergiving av lån skal òg førast i post 22, men dette påverkar ikkje inngangsverdien til aksjane.

Særskilde merknader

Dersom aksjonæren tidlegare har tatt imot eit skattepliktig lån frå selskapet, blir seinare utbytteutdeling automatisk motrekna lånesaldoen slik at utbytte ikkje blir skattlagt. Føresetnaden er at utbyttet ikkje blir utbetalt, men blir brukt til nedbetaling av lånet. Vi understrekar at utbytte må rapporterast i post 8/21.

Dersom utbyttet ikkje blir brukt til å betale ned lånet, men blir utbetalt til aksjonær, skal dette skattleggjast som vanleg utbytte. Ved rapportering via Altinn må ein i slike tilfelle krysse av i feltet "Behalde aksjelån" i post 21.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Aksjonæren har eit tidlegare år lånt 200 000 kroner som er behandla etter reglane for aksjonærlån.

I år skal han betale ned heile saldoen sin.

  • Post 8: Utbytte 100 000 kroner, 50 kroner per aksje. Aksjonæren har i dette tilfellet 2 000 aksjar.
  • Post 21: Utbytte 100 000 kroner, 50 kroner per aksje

Utbytte blir ikkje utbetalt, og lånesaldoen blir redusert med 100 000 kroner. Gjenståande saldo er 100 000 kroner.

Deretter blir det gjort ei nedbetaling på 100 000 kroner utan nokon form for tilknyting til utdeling frå selskapet.

  • Post 22: Nedbetaling av aksjonærlån 100 000 kroner

Særskilde merknader

Nedbetalinga på 100 000 kroner blir automatisk lagt til inngangsverdien på aksjonæren sine aksjar.

Tilbakebetalinga skal reknast som innbetalt kapital for aksjonæren, jf. sktl. § 10-11 sjette ledd: "… skal anses som innbetalt kapital for aksjonæren". Det vil seie at dette er ein personleg skatteposisjon. Det er ikkje innbetalt kapital på aksjen eller innbetalt kapital til selskapet. Skatteposisjonen følgjer derfor ikkje aksjen ved overføring.

I rettleiinga til Aksjonærregisteroppgåva 2021 (RF-1087) går det likevel fram at post 6 Innbetalt overkurs skal korrigerast i samsvar med oppføringa av nedbetalinga av skattepliktig lån i post 22. Dette er feil og vil bli korrigert i oppgåva for neste år.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet har vedtatt å betale tilbake 500 000 kroner av tidlegare innbetalt kapital.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 5 500 000 (IB), 5 000 000 (UB)
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 5 500 (IB), 5 000 (UB)
Innbetalt aksjekapital: 6 000 000

I slutten av fjoråret blei det vedtatt at 500 000 kroner av aksjekapitalen skulle gjerast om til annan kapital. Dette reduserer selskapet sin totale aksjekapital og pålydande, men ikkje den innbetalte aksjekapitalen då det ikkje blir betalt noko tilbake til aksjonærane.

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 5 000 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 5 000
Innbetalt aksjekapital: 6 000 000 (IB), 5 500 000 (UB)

Løysing

Tilbakebetalinga av tidlegare innbetalt kapital på 500 000 kroner skal redusere post 5 per 31.12. (UB). På aksjonærnivå blir post 22 og transaksjonstype "Tilbakebetaling av tidlegare innbetalt kapital" brukt. Sjå utfylling i vedlegget nedanfor.

Særskilde merknader

Ei slik tilbakebetaling av tidlegare innbetalt kapital reduserer inngangsverdien på aksjonæren sine aksjar.

Dersom selskapet betaler tilbake aksjekapital direkte til aksjonærane, utan å først gjere han om til annan eigenkapital, skal ikkje post 22 brukast. Postane 1, 2 og 5 skal reduserast på selskapsnivå, og nedsettinga av kapital skal førast på post 17 og på aksjonærnivå post 27.

Dersom det i tillegg er utdeling av den frie kapitalen til selskapet, blir dette rekna som utbytte og skal førast i post 8 og post 21.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Familieforhold

Faktumopplysningar

Aksjonær A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. A ønskjer å gi sine aksjar i selskapet X til barnet sitt selskap Y (Aksjonær B).

Årets opplysningar

Total aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 30
Innbetalt aksjekapital: 30 000
Overkurs: 0

Løysing

Aksjane skal førast på aksjonær A i post 25 som avgang ved "Arv/gåve med skattemessig kontinuitet". Mottakar sitt organisasjonsnummer må leggjast inn. Selskap Y blir oppretta som aksjonær, og det blir registrert ein tilgang i post 23 med same transaksjonstype "Arv/gåve med skattemessig kontinuitet". Givar sitt fødselsnummer må leggjast inn.

Særskilde merknader

Det er eit vilkår at aksjane har ein positiv inngangsverdi. Dersom aksjane har ein negativ inngangsverdi, og verdien på dei aksjane som skal overførast er lågare enn den skattefordelen givar oppnår med å kvitte seg med aksjane, kan det vere grunnlag for å bruke skattelova § 13-1 eller den ulovfesta omgåingsnorma, sjå bindande førehandsfråsegn nr. 08/2018.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

I ekteskap er aksjar vanlegvis felleseige. Ved skilsmisse må aksjane fordelast pro rata, det vil seie at mottakaren skal ha ein viss del av kvart erverv.

Avgivar har tre transaksjonar i selskap X:
1 500 aksjar 15.05.2004, 50 kroner per aksje
1 000 aksjar 19.08.2009, 150 kroner per aksje
500 aksjar 30.12.2014, 200 kroner per aksje

Det blir avtalt at mottakaren skal få 1 500 aksjar, altså 50 prosent av kvart erverv (1 500/3 000).

Mottakaren skal då ha
750 aksjar 15.05.2004, 50 kroner per aksje
500 aksjar 19.08.2009, 150 kroner per aksje
250 aksjar 30.12.2014, 200 kroner per aksje

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 300 000
Talet på aksjar: 3 000
Pålydande per aksje: 100

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 300 000
Talet på aksjar: 3 000
Pålydande per aksje: 100

Løysing

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor. Avgivar registrerer i post 25, medan mottakaren registrerer i post 23. Transaksjonstype er "Fordeling mellom ektefellar ved skilsmisse". Det må vere like tidspunkt på avgivar og mottakar. Ingen andre registreringar er nødvendige.

Særskilde merknader

Det er i utgangspunktet full kontinuitet på alle verdiar. Mottakar får eventuelt tildelt del av ubrukt skjerming. Utbytte som er utbetalt i skilsmisseåret, men etter at delinga av aksjane er gjennomført, skal delast mellom partane.

Viss ektefellane eig aksjar i same selskap og ønskjer å fordele begge aksjepostane sine, må ein først overføre alle aksjane til den eine ektefellen. Når det er gjort kan dei fordele aksjane på nytt.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Aksjeklasse og ISIN

Faktumopplysningar

Aksjonær A eig alle aksjane i selskap X. I selskap X er det berre éin aksjeklasse, ordinære aksjar. I fjor delte selskap X opp aksjane sine i to aksjeklassar: A-aksjar og B-aksjar.

Selskap X før aksjeklassane vart delte (berre ordinære aksjar)
Post 1: Total aksjekapital: 200 000
Post 2: Aksjekapital i denne aksjeklassen: 200 000
Post 3: Pålydande: 50
Post 4: Talet på aksjar: 4 000
Post 5: Innbetalt aksjekapital: 200 000
Post 6: Innbetalt overkurs: 10 000

Selskap X etter at aksjeklassane er delte
A-aksjar
Post 1: Total aksjekapital: 200 000
Post 2: Aksjekapital i denne aksjeklassen: 50 000
Post 3: Pålydande: 50
Post 4: Talet på aksjar: 1 000
Post 5: Innbetalt aksjekapital: 50 000
Post 6: Innbetalt overkurs: 2 500

B-aksjar
Post 1: Total aksjekapital: 200 000
Post 2: Aksjekapital i denne aksjeklassen: 150 000
Post 3: Pålydande: 50
Post 4: Talet på aksjar: 3 000
Post 5: Innbetalt aksjekapital: 150 000
Post 6: Innbetalt overkurs: 7 500

Løysing

Selskap X må levere tre aksjonærregisteroppgåver. Ein må levere oppgåve for den ordinære aksjeklassen der det er avgangstransaksjonar på selskapsnivå og aksjonærnivå. Ein må også levere aksjonærregisteroppgåve for aksjeklasse A og B. Postane 2, 4, 5 og 6 må fordelast i samsvar med nye vedtekter. I dømet er det 25 prosent for aksjeklasse A og 75 prosent for aksjeklasse B. Ein må også registrere tilgangstransaksjonar på selskapsnivå og aksjonærnivå.

Innrapportering frå ordinær aksjeklasse
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i aksjonærregisteroppgåva . Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis 200 000 kroner per 31.12. Alle postane frå og med post 2 til og med post 6 skal vere 0. I post 12 må ein føre opp to slettingar, éin i kvart skjema dersom du leverer på papir. Til dømes slettar ein først dei aksjane som blir A-aksjar. Då fører ein 1 000 i feltet ”Talet på sletta aksjar” og 3 000 i feltet ”Kor mange aksjar etter”. Felta ”Pålydande”, ”Tidspunkt” og ”Hendingstype” må fyllast ut. I feltet ”ISIN/aksjeklasse” fører ein ”A-aksjar”.

Deretter slettar ein dei 3 000 aksjane som blir til B-aksjar på same måte. Skilnaden her blir at ein i feltet ”Kor mange aksjar etter” fører opp 0. Klokkeslettet må vere ulikt frå A-aksjane.

Oppgåvene må innehalde to avgangstransaksjonar på aksjonærnivå i post 26 på aksjonær A. I den eine transaksjonen skal 1 000 aksjar førast i avgang. I feltet ”ISIN/aksjeklasse for overt. selskap” skal A-aksjar førast med rett tidspunkt. I neste transaksjon skal 3 000 aksjar førast i avgang. I feltet ”ISIN/aksjeklasse for overt. selskap” skal ein føre opp B-aksjar med eit anna tidspunkt

Innrapportering frå aksjeklassen A-aksjar
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i aksjonærregisteroppgå va. Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis 200 000 kroner per 31.12. Vidare må selskapet gjennom denne aksjeklassen rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 (her 1 000) med tidspunkt og aksjar i tilgang (1 000). Vidare må ein rapportere tilsvarande på aksjonær A i post 24 med tidspunkt og aksjar i tilgang. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om at aksjane kjem frå ordinær aksjeklasse. Dette gjer ein ved å føre opp ”ordinære aksjar” i post 10 i feltet ”ISIN/aksjeklasse”. Det same fører ein i post 24 i feltet ”ISIN/aksjeklasse for overdr. selskap”.

Innrapportering frå aksjeklassen B-aksjar
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis 200 000 kroner per 31.12. Vidare må selskapet gjennom denne aksjeklassen rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 (her 3 000) med tidspunkt og aksjar i tilgang (3 000). Vidare må ein rapportere tilsvarande på aksjonær A i post 24 med tidspunkt og aksjar i tilgang. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om at aksjane kjem frå ordinær aksjeklasse. Dette gjer ein ved å føre opp ”ordinære aksjar” i post 10 i feltet ”ISIN/aksjeklasse”. Det same fører ein i post 24 i feltet ”ISIN/aksjeklasse for overdr. selskap”.

Er det fleire aksjonærar, må ein fylle ut eitt underskjema for den enkelte aksjonær på same måte som skildra over.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve:

Faktumopplysningar

A er eineaksjonær i selskap X. Det er éin aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. VPS har tidlegare levert for selskapet.

Opplysningar frå fjoråret
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar
Total aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

VPS bruker ISIN for å identifisere aksjeklasse. Selskapet skal no rapportere aksjeklasse. For at Aksjonærregisteret skal kunne kople saman årets mot fjorårets oppgåve, må selskapet rapportere kva ISIN VPS rapporterte året før.

Vel hending ”Korrigering av aksjeklasse/ISIN” i post 10. Her legg ein inn ISIN som VPS tidlegare har rapportert på selskapet. Selskapet får informasjon om dette nummeret ved førespurnad til VPS. Dater hendinga med 1. januar.

Det er inga føring i underskjema.

For rett utfylling, sjå døme på utfylt aksjonærregisteroppgåve: