Betalingsavtale for skatte- og avgiftskrav

Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Privatpersonar og næringsdrivande kan søkje om betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale.

Ein betalingsavtale kan vere ein avtale om betalingsutsetjing, avdragsordning eller ein kombinasjon av begge delar. 

I praksis skal det meir til for å få ein betalingsavtale for aktive næringsdrivande sidan det vil kunne verke konkurransevridande i marknaden.

Viktig informasjon

Vi kan ikkje kan stanse innkrevjinga medan vi behandlar søknaden din, og det vil derfor komme på forseinkingsrenter frå forfallsdatoen og fram til kravet er betalt.

Desse vilkåra må vere oppfylte for å få ein betalingsavtale

Alle vilkåra må vere oppfylte for å få kunne få ein betalingsavtale:

  • Du er ikkje i stand til å betale krava på vanleg måte.
  • Søknaden må innehalde eit betalingstilbod / framlegg til nedbetalingsplan. Søknaden må omfatte alle skatte- og avgiftskrava du eventuelt har.
  • Betalingstilbodet må vere det beste du kan gi.
  • Betalingstilbodet ditt må gi oss betre dekning enn vi får ved å halde fram med innkrevjinga.
  • Det at du får ein betalingsavtale, må ikkje verke støytande eller vere eigna til å svekke den allmenne betalingsmoralen.

Slik søkjer du om betalingsavtale

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt og/eller arbeidsgivaravgift
  • meirverdiavgift
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt/arbeidsgivaravgift
  • meirverdiavgift
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Treng du hjelp?

Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som kan hjelpe skattebetalarar som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finne løysingar som kan forbetre situasjonen og gjere skattebetalaren i stand til å betale riktig skatt.