Skattlegging av lønn for arbeid på Svalbard

Når du byrjar å jobba på Svalbard, må du ta kontakt med skattekontoret på Svalbard. Dette gjeld uansett om du skal vera der kort eller lang tid

Lønn eller anna godtgjersle for arbeid som ein gjer på Svalbard blir skattepliktig når opphaldet varer samanhengande i minst 30 dagar.

Varer opphaldet i minst 12 månader, blir personen rekna som skattemessig busett frå opphaldet byrjar.

Mellombels opphald på Svalbard

Lønn eller anna godtgjersle for arbeid som ein gjer på Svalbard blir skattepliktig når opphaldet varer samanhengande i minst 30 dagar, jf. svalbardskattelova § 2-2 første ledd. Viss opphaldet varer kortare enn 30 dagar, er lønnsinntekta skattepliktig på fastlandet eller eventuelt i eit anna land der arbeidstakaren er busett.

Det er ikkje sett krav til kor mange dagar arbeidstakaren arbeider under opphaldet. Regelen om 30 dagar samanhengande opphald på Svalbard skal praktiserast slik at kvart avbrot i opphaldet på Svalbard avbryt perioden. Dersom ein person til dømes oppheld seg først 14 dagar på Svalbard, så ei helg utanfor Svalbard og deretter 20 dagar på Svalbard, ligg det føre to opphaldsperiodar som kvar er under 30 dagar.

Når ein reknar ut 30-dagarsperioden skal ikkje reisedagar til og frå Svalbard reknast som opphald på Svalbard.

Skattemessig busett på Svalbard

Varer opphaldet i minst 12 månader, blir personen rekna som skattemessig busett frå opphaldet byrjar.

Kortare fråvær frå Svalbard, som ferieopphald, fører ikkje til at opphaldet blir rekna som avbrote. 

Personar som før opphaldet på Svalbard ikkje har vore skattemessig busette i Noreg (under dette Svalbard) i løpet av dei siste 10 åra, fell skatteplikta på grunnlag av bustad bort frå og med det inntektsåret personen har opphalde seg utanfor Svalbard i meir enn 183 dagar i ein periode på tolv månader.

Skattlegging ved lønnstrekk (lønnstrekkordninga) 

Skatt etter lønnstrekkordninga er ein rein bruttoskatt. Det blir derfor ikkje gitt frådrag i utrekningsgrunnlaget for skatten. Arbeidsgivaren skal trekkje skatt av lønna/pensjonen ved utbetaling til arbeidstakaren/trygdemottakaren. Skattetrekket er i utgangspunktet eit endeleg oppgjer for skatteforpliktinga på lønna/pensjonen. 

For deg som får lønn

Ordninga med trekk i lønn med meir gjeld i hovudsak desse ytingane: 

  • lønn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold, mellom anna honorar, provisjonar med meir 
  • feriegodtgjersle av lønn som er opptent på og skattepliktig til Svalbard 
  • styrehonorar med meir 
  • naturalytingar og overskott på godtgjersler 
  • vederlag ved opphøyr av arbeidsforhold 
  • pensjon, føderåd eller livrente som ledd i pensjonsordning i arbeidstilhøve når mottakaren er skattemessig busett på Svalbard (opphald over 12 månader) 

Av sjukepengar, fødselspengar, adopsjonspengar eller dagpengar under arbeidsløyse, blir det trekt skatt og avgift etter reglane i lønnstrekkordninga. Har du hatt mellombels opphald er føresetnaden for skatteplikt til Svalbard at opphaldet har vart samanhengande i minst 30 dagar, at du var i aktivt arbeid på Svalbard då retten til utbetalinga oppstod, og at du framleis faktisk har opphald på Svalbard når du tek imot ytinga. 

Dersom du tener meir enn 12 G i lønnstrekkordningar og får lønn frå fleire arbeidsgivarar, vil du vere ansvarleg for å betale inn skatt med høg sats på lønn/pensjon over 12 G. 

Sjå også skattlegging av andre inntekter på Svalbard.

For arbeidsgivar 

Arbeidsgivaravgift 

For arbeidsgivarar som høyrer heime på Svalbard er satsen for arbeidsgivaravgift 0 prosent når arbeidet blir utført på Svalbard. Dette gjeld sjølv om arbeidstakaren ikkje oppheld seg lenge nok på Svalbard til at inntekta for arbeid utført der blir skattepliktig etter Svalbardskattelova. 

Sjølv om arbeidsgivaren ikkje høyrer heime på Svalbard, er satsen for arbeidsgivaravgift 0 prosent på lønn og anna godtgjersle som blir skattlagt etter S valbardskattelova. 

Sjå også SKD-meldinga om arbeidsgiveravgift til folketrygden for 2024.

Naturalytingar 

Satsar for fri bustad/bil for inntektsåret 2024 finn du i Forskrift om takseringsregler til bruk ved beskatning ved trekk i lønn mv (lønnstrekkordningen) av personer som skattlegges på Svalbard i inntektsåret 2024. 

Skattetrekk og rapportering

Det er ingen trekkfrie månader på Svalbard, og det blir ikkje utferda skattekort/frikort. Arbeidsgivar plikter å trekkje skatt og trygdeavgift i lønn med meir som blir skattlagt etter lov om skatt til Svalbard (Svalbardskattelova). Dette gjeld lønn eller anna godtgjersle for arbeid for busette på Svalbard, og ved arbeidsopphald som varer samanhengande i minst 30 dagar.

Lønn med meir som blir skattlagd etter lov om skatt til Svalbard (Svalbardskattelova) skal rapporterast inn via a-meldinga. Rapportering av inntekter som blir skattlagde etter Svalbardskattelova følgjer same ordning som for fastlandet. Opplysningar om utført lønnstrekk skal innrapporterast kvar månad seinast den 5. i månaden etter.

Sjå også i rettleiinga til a-meldinga