Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar

Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg.

Dette inneber at du er skattepliktig for norsk pensjon og norske uføreytingar, sjølv om du skattemessig har emigrert frå Noreg eller aldri har vært skattemessig busett i Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreytingar.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon/uføreytingar.

Det gjeld nokre unntak frå skatteplikta:

  • Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda.
  • Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett.

Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.

Du kan ha krav på utvida frådrag viss du er busett i ein EØS-stat og inntekta i bustadstaten er for låg til at du får utnytta retten til personlege frådrag der.

Det skal ikkje betalast kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og du har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknas ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Korleis unngår du å bli dobbelt skattlagd

Om pensjonen/uføreytinga er skattepliktig både i Noreg og i det landet der du er busett, er det busettingslandet som skal sørgje for at du ikkje blir dobbelt skattlagd. Skatteoppgjeret som du får i oktober, viser kor mykje skatt du har betalt i Noreg. Du kan bruke skatteoppgjøret som dokumentasjon overfor skattestyresmaktene i ditt bustadsland.