Kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar

Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg. Kjeldeskatt er skatt som du betaler til det landet der pensjonen og uføreytingane kjem frå.

Dette betyr at du må betale skatt av norsk pensjon og norske uføreytingar, sjølv om du er skattemessig emigrert frå Noreg, eller aldri har vore skattemessig busett i Noreg. Dei som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon/uføreyting. Dette er kjeldeskatt på pensjon.

Kjeldeskatten på pensjonar og uføreytingar gjeld for

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon/uføreytingar.

Unntak frå skatteplikta

Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar når

  • ytinga er barnepensjon til barn under 17 år ved utløpet av inntektsåret
  • ytinga er krigspensjon, eller
  • du ikkje har tent opp pensjonspoeng i den norske folketrygda, og mottar berre private pensjonar/uføreytingar 

Rett til lågare sats

Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak dersom

Skattekort 

Du får eit nytt skattekort/frikort på grunnlag av dei opplysningane som vi har om skatteplikta di.

Dersom du meiner at pensjonen din og/eller uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg, må du kontakte oss og søkje om frikort eller eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Du kan også kontakte oss for å avklare kva type skattekort du bør ha. Kan du ikkje kontakte oss elektronisk, kan du sende eit brev til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Hugs å gi opp fødselsnummer eller d-nummer når du skriv til Skatteetaten. 

Skattemelding 

Vi sender deg ei skattemelding i mars/april kvart år. Du må sjekke om opplysningane stemmer.

Dersom du krev heilt eller delvis skattefritak på pensjonsinntekter/uføreytingar, er det ofte nødvendig å rette skattemeldinga. Merk at opplysningane som er førehandsutfylte i skattemeldinga er uavhengige av informasjonen i skattekortet ditt.

Unngå å bli skattlagt dobbelt 

Er pensjonen/uføreytinga skattepliktig både i Noreg og i det landet der du er busett, er det landet du bur i som skal sørgje for at du ikkje blir skattlagt dobbelt. Skatteoppgjeret viser kor mykje skatt du har betalt i Noreg. Du kan bruke skatteoppgjeret som dokumentasjon overfor skattestyresmaktene i landet du bur i.