Mogleg du kan få redusert kjeldeskatt på pensjon og uføretrygd

Dersom du har for låg inntekt i bustadslandet ditt til at du får brukt dei personlege frådraga dine der, kan du i visse tilfelle ha rett til lågare kjeldeskatt i Noreg.

Du kan krevje redusert kjeldeskatt dersom du:

  • er busett i eit anna EØS-land enn Noreg, og
  • du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda i Noreg ved fri rørsle for arbeidstakarar innanfor EØS-området, og
  • du har så låg inntekt i bustadlandet ditt at du ikkje får utnytta retten til personlege frådrag der

Fri rørsle inneber at du må ha vore statsborgar i eitt EØS-land, men arbeidd i eit anna EØS-land når du tente opp rettane til pensjon i Noreg. Dette gjeld for eksempel dersom du budde i eit EØS-land og arbeidde i Noreg.

Reglane gjeld ikkje nordmenn som har budd i Noreg heile livet, og som flyttar til eit anna EØS-land som pensjonist, og som tek imot alderspensjon frå Noreg.

Slik gjer du det:

Du må sjølv krevje å få redusert skatten etter at skatten er fastsett og rekna ut i skatteoppgjeret.

  1. Lag eit krav
    Forklar kvifor du meiner du har krav på å få redusert skatten. Du må vise at inntekta i bustadlandet er for låg til at du får utnytta retten din til personlege frådrag.
    Legg også ved desse dokumenta:
    • stadfesting på bustad (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt som gjeld for det inntektsåret kravet gjeld
    • dokumentasjon på at du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda ved fri rørsle for arbeidstakarar innanfor EØS-området
    • kopi av skattemeldinga di og eventuelt skattemeldinga til ektefellen din eller liknande til bustadlandet frå det aktuelle inntektsåret

  2. Send inn kravet
    Du kan logge deg inn i Altinn og sende kravet elektronisk eller sende i posten til oss:

Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 OSLO

Du kan òg gå inn i skattemeldinga, leggje til kravet som vedlegg og sende inn skattemeldinga på nytt.

Nytt skatteoppgjer

Dersom du oppfyller vilkåra, får du eit nytt skatteoppgjer der kjeldeskatten er redusert.

I tillegg til den nye regelen gjeld som tidlegare at du som er busett i eit anna EU/EØS-land og skal skattleggast i Noreg, kan krevje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar busett i Noreg.