EØS (EU/EFTA)-land

Frå inntektsåret 2019 er det vedtatt ein ny regel om avgrensing av kjeldeskatt på pensjon og uføretrygd mv for visse grupper kildeskattpensjonister. Det gjeld personar busett i visse EØS-statar, som har opptent retten sin til pensjon i Noreg ved fri bevegelighet av arbeidskraft i EØS-området, og som har for låg inntekt i bustadstaten til at dei kan gjera nytte av retten til personlege frådrag.

I tillegg til den nye regelen gjeld som tidlegare at du som er busett i eit anna EU/EØS-land og blir skattlagd i Noreg for minst 90 prosent av den totale inntekta di, kan du krevje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar busette i Noreg.

Informasjonen under gjeld deg som krev skattlegging som busett etter 90 prosent regelen.

Låge pensjonar/uføreytingar, som er fritekne for skattlegging for personar som er busette i Noreg, vil då òg bli skattefrie for personar som bur i eit anna EU/EØS-land. Det er ulike vilkår for rett til generelle frådrag, frådrag for gjeldsrenter, skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar og nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing. Uføretrygd og andre uføreytingar skal skattleggjast på same måte som lønnsinntekt, og det blir ikkje gitt nedsetjing av skatten etter reglane om skatteavgrensing.

Når minst 90 prosent av bruttoinntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg, kan du krevje at skatten vert rekna ut etter dei vanlege skattesatsane i staden for med 15 % av brutto pensjon. Er du gift, skal òg ektefellen si inntekt reknast med i vurderinga av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg. Du vil då ha rett til mellom anna minstefrådrag og personfrådrag som om du var busett i Noreg.

Når minst 90 prosent av alle inntektene dine (inkludert renter og andre kapitalinntekter) er skattepliktige i Noreg, kan du krevje frådrag for gjeldsrenter. Dette gjeld òg renter på lån i utlandet.

Får du alderspensjon eller AFP, kan du òg ha rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt.  Dei følgjande vilkåra må vere oppfylte:

  • Minst 90 prosent av bruttoinntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg.
  • Minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di (inntekt etter frådrag) er skattepliktig i Noreg.
  • Noreg må kunne innhente opplysningar om inntekts- og formuestilhøva dine frå det landet du bur i etter ein skatteavtale eller tilsvarande avtale.

Har du fått etterlatnepensjon frå folketrygda før 01.01.2024, kan du òg ha rett til ei nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt. For å få skatteavgrensing må dei følgjande vilkåra vere oppfylte:

  • Minst 90 prosent av bruttoinntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg.
  • Minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di (inntekt etter frådrag) er skattepliktig i Noreg.
  • Noreg må kunne innhente opplysningar om inntekts- og formuestilhøva dine frå det landet du bur i etter ein skatteavtale eller tilsvarande avtale.

Dersom du bur i eit anna EU/EØS-land og kjem inn under desse reglane, kan du:

  • søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent
  • opplyse i eit vedlegg til skattemeldinga at du krev at skatten skal bli berekna etter dei same reglane som gjeld for personar busette i Noreg

Krav til dokumentasjon (busett i eit anna EU/EØS-land)

Søknad om skattekort

Når du søkjer om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2023 etter reglane for personar busette i eit anna EU/EØS-land, må du:

  • opplyse om kven som betalar pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i
  • leggje ved ei oppstilling som viser kva for inntekter av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd du reknar med å ha i 2023. Dersom du er gift, må du òg ta med ektefellen sine inntekter
  • leggje ved kopi av di eiga og din eventuelle ektefelle si skattemelding eller liknande til det landet du bur i for 2022

Certificate of Residence må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje meir enn tre månader gammal.

Dersom du krev frådrag for gjeldsrenter, må du i tillegg leggje ved:

  • ei oppstilling over renteinntekter og andre kapitalinntekter du reknar med å motta i 2023

Dersom du krev skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar eller du har etterlatnepensjon og krev nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, må du i tillegg leggje ved:

  • ei oppstilling som viser alt av forventa inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og i utlandet i 2023

Opplysningar om inntekt o.a. kan du gje på skjemaet "Skattekort kjeldeskatt på pensjon/uføreytingar – inntektsopplysningar" (RF-1290N).

Skattemelding

Når du har opplyst i eit vedlegg til skattemeldinga for 2022 at du krev at skatten skal bli berekna etter dei same reglane som gjeld for personar busette i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til en slik skatteberekning. For meir informasjon, sjå hjelp til skattemelding for personar busett i utlandet som mottar pensjon og uføreytingar frå Noreg.