Hjelp til skattemeldinga for personar som er busett i utlandet som mottek pensjon og uføreytingar frå Noreg

Her finn aktuell informasjon for deg som er busett i utlandet og mottek pensjon og uføreytingar frå Noreg.

Fristen for å levera skattemeldinga er 30. april.

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.

Korleis gjer du det?

Du treng ikkje levere skattemeldinga dersom alle opplysningane er rette og fullstendige. Du vil då få 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga på skatteoppgjeret.

Du må levere skattemeldinga med endringar dersom du krev heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett. Har du andre endringar, må du også levere skattemeldinga. 

Praktisk om skattemeldinga 

Sjå korleis du loggar inn, endrar skattemeldinga di eller kontonummeret ditt for tilbakebetaling av for mykje trekt skatt.

Elektronisk levering

Har du norsk fødselsnummer eller D-nummer, kan du få elektronisk tilgang til skattemeldinga m.m. 

Utsett leveringsfrist

Du kan søkje Skatteetaten om utsett leveringsfrist dersom du har særlege grunnar, til dømes sjukdom eller reisefråvær, som gjer det svært vanskeleg for deg å levere skattemeldinga innan fristen. Dersom du ønskjer å søkje skriftleg, må du snarast sende ein skriftleg søknad der du gjev opp fødselsnummer/D-nummer, namn og adresse og gir ei kort grunngjeving for søknaden.

Pensjonar og uføreytingar som du får utbetalt frå Noreg, er skattepliktige i Noreg sjølv om du ikkje er skattemessig busett i Noreg. Dette gjeld både om du har skattemessig emigrert frå Noreg og om du aldri har vært skattemessig busatt i Noreg.

Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting.

Det er enkelte unnatak frå skatteplikta:

  • Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett.
  • Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeidd pensjonsbehaldning i den norske folketrygda.

Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg. Då kan du krevje at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg.

Du kan ha krav på utvida frådrag viss du er busett i ein EØS-stat og inntekta i bustadstaten er for låg til at du får utnytta retten til personlege frådrag der.

Du skal ikkje betale kjeldeskatt av barnepensjon til barn under 17 år.

Korleis unngår du dobbel skattlegging

Er pensjonen og/eller uføreytinga skattepliktig både i Noreg og i landet der du er busett, er det bustadlandet som skal sørgje for at du ikkje blir dobbeltskattlagd. Skatteoppgjeret som du får i oktober, viser kor mykje skatt du har betalt i Noreg. Skatteoppgjeret kan brukast som dokumentasjon overfor skattestyresmaktene i bustadlandet.

Skattemeldinga er fylt ut på førehand med opplysningar som Skatteetaten har fått frå NAV og andre som har utbetalt pensjon og/eller uføreytingar i 2022.

Dersom du har annan inntekt og formue som er skattepliktig i Noreg, men som ikkje er fylt ut på førehand i skattemeldinga, må du sjølv føre opp inntekta/formuen.

Du må òg kontrollere at dei førehandsutfylte opplysningane er fullstendige og korrekte.

Meiner du at heile eller ein del av pensjonen eller uføreytinga di er skattefri i Noreg etter reglane i skatteavtalen med det landet der du er busett, må du endre beløpet som står i skattemeldinga, og føre opp det beløpet som er skattepliktig i Noreg. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri i Noreg, må du endre beløpet til 0 kroner.

Skatteetaten kan krevje at du sender inn ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt som tydeleg stadfester at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Certificate of Residence-papira må vere originale og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ei stadfesting på bustad som er utferda av skattestyresmaktene i bustadlandet ditt før dei har sendt ut skatteoppgjeret for 2022.

Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annan dokumentasjon når berre visse typar pensjonar/uføreytingar er skattefrie i Noreg eller det er andre vilkår for skattefritak.

Dersom du ikkje leverer skattemeldinga og fører opp kva beløp som er skattepliktige i Noreg, reknar vi skattemeldinga for å vere godkjent av deg og levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på heile pensjonen/uføreytinga på skatteoppgjeret.

Du må levere skattemeldinga og føre opp det skattepliktige beløpet også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Er du busett i eit EU/EØS-land og du er skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av heile inntekta di, kan du krevje at skatten skal bli berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Dersom du er gift, skal ein òg ta ektefellen si inntekt med i vurderinga av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg.

Då må du levere skattemeldinga og opplyse i eit vedlegg til skattemeldinga at du krev at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg.

Skatteetaten kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til ei slik skatteutrekning.

Krev du at skatten skal bereknast etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn

  • ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet
  • ei oppstilling som viser kva inntekter av pensjon, uføreytingar, lønn og verksemd du har hatt i Noreg og utlandet i 2022. Er du gift, må du òg ta med inntektene til ektefellen.
  • kopi av skattemeldinga di og skattemeldinga til ein eventuell ektefelle eller tilsvarande til bustadlandet for 2022

Certificate of Residence må vere utferda av skattestyresmaktene i bustadlandet ditt og tydeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Certificate of Residence-papira må vere originale og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ei stadfesting på bustad som er utferda av skattestyresmaktene i bustadlandet ditt før dei har sendt ut skatteoppgjeret for 2021.

Krev du frådrag for gjeldsrenter, kan Skatteetaten også krevje at du sender inn

  • ei oppstilling av renteinntektene dine og andre kapitalinntekter i Noreg og utlandet i 2022
  • dokumentasjon for betalte renteutgifter i Noreg og utlandet i 2022

Meiner du at du har rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar, eller har du etterlatnepensjon og meiner at du har rett til nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, kan Skatteetaten krevje at du sender inn

  • ei oppstilling som viser all inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og utlandet i 2022

Opplysningar om inntekt m.m. kan du gi i skjemaet Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding (RF-1281). Skjemaet RF-1281 sender du inn som eit vedlegg til den førehandsutfylte skattemeldinga for inntektsåret 2022.

Dersom du ikkje leverer skattemeldinga og krev at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, reknar vi skattemeldinga for å vere godkjent av deg og levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på heile pensjonen/uføreytinga på skatteoppgjeret.

Du må levere skattemeldinga og krevje at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Dersom du ikkje har opptent pensjonspoeng eller opparbeidd pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skattefrie.

Dersom skattemeldinga inneheld pensjonar/uføreytingar som ikkje er skattepliktige, må du endre beløpet som står i skattemeldinga, og føre opp det beløpet som er skattepliktig i Noreg. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri i Noreg, må du endre beløpet til 0 kroner.

Dersom du ikkje leverer skattemeldinga og fører opp kva beløp som er skattepliktige, reknar vi skattemeldinga for å vere godkjent av deg og levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på heile pensjonen/uføreytinga på skatteoppgjeret.

Du må levere skattemeldinga og føre opp det skattepliktige beløpet også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Opplysningar som Skatteetaten har fått frå NAV og/eller andre som har utbetalt pensjon og uføreytingar i 2022, er førte inn i skattemeldinga.

Meiner du at heile eller ein del av pensjonen eller uføreytinga di er skattefri i Noreg, må du endre beløpet som står i skattemeldinga, og føre opp det beløpet som er skattepliktig. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri i Noreg, må du endre beløpet til 0 kroner.

Har du motteke pensjon/uføreyting som er skattepliktig i Noreg, men som ikkje er førehandsutfylt, må du føre opp beløpet i skattemeldinga di.

Har du fått etterbetalt offentleg eller privat pensjon eller uføretrygd frå NAV

Da blir skatten på heile etterbetalinga berekna i utbetalingsåret. Skatteetaten skal sørgje for at skatten ikkje blir høgare enn om skatten på pensjonen/uføretrygda hadde blitt berekna i det året eller dei åra som etterbetalinga gjeld for.

Skatteoppgjeret kjem i løpet av hausten.

Skattepengar til gode?

Har du pengar til gode på skatten, kan du få beløpet inn på bankkonto. På tilgodebeløpet er det rekna rentegodtgjersle. Tilgodebeløp (inkluderer rentegodtgjersle) under 100 kroner blir ikkje tilbakebetalt.

Dersom du ikkje har konto i ein norsk bank eller ønskjer å få tilgodebeløpet overført til ein konto i ein bank utanfor Noreg, ber vi deg sende inn opplysningar om

  • kontonummer (IBAN, SWIFT/BIC)
  • namnet på og adressa til banken

Opplysningane skal sendast skriftleg og signert til:

Skatteetaten
Statlig Skatteoppkreving
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Du må leggje ved ein stadfesta kopi av pass (eller annan legitimasjon med bilete) og dokumentasjon som viser at du er eigar av kontoen eller at du har disposisjonsrett over han.

Dersom Skatteetaten ikkje har fått opplysningar om bankkontoen, kan du få eit brev frå Skatteetaten der du blir bedt om å opplyse om ein bankkonto eller stadfeste at du bur på den registrerte adressa i utlandet. Skatteetaten sender ikkje utbetalingskort til adresser i utlandet med mindre du har stadfesta at du bur på adressa.

Skatteetaten oppfordrar til at du vel utbetaling til bankkonto – dette gir den raskaste og sikraste utbetalinga.

Restskatt

Det blir rekna ut eit rentetillegg på restskatt. Restskatt (inkludert rentetillegg) under 100 kroner blir ikkje kravd inn. Du finn nærmare opplysningar om renteutrekning og rentesatsar i skatteoppgjeret her eller ved å kontakte Skatteetaten.

Tilleggsforskot

Er det trekt for lite skatt i 2022, kan du betale tilleggsforskot. Dersom du betaler tilleggsforskot innan 31. mai 2023, unngår du renter på restskatt.

Du kan betale tilleggsforskot til

Kontonummer: 7694 05 24357

IBAN-nummer: NO2976940524357

BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX