Privat bruk av eit selskap sine eigedelar
Er du aksjonær eller nærståande til ein aksjonær i eit selskap, skal du i utgangspunktet betale marknadsleige når du bruker selskapet sin bustad, hytte, fritidsbustad, båt eller andre eigedelar privat.
Nærståande i denne samanhengen er ektefelle til aksjonæren eller personar som aksjonæren er i slekt eller svogerskap med i opp- eller nedstigande linje, eller i sidelinja så nær som onkel eller tante. Dette finn du skildra i føresegna om utbytte i skattelova.
Leige eller bruk av selskapet sine eigedelar
- Viss selskapet anskaffar ein eigedel som ei forretningsmessig investering, skal du som aksjonær eller nærståande i utgangspunktet betale marknadspris for leige av denne eigedelen.
- Viss føremålet med anskaffinga hovudsakleg er til privat bruk, og bruken gir ein inntektsreduksjon eller eit tap for selskapet som kjem av interessefellesskapet, skal aksjonær eller nærståande dekkje alle lånekostnader, driftskostnader og avkastning på investert kapital utover eventuelt betalt marknadspris. Dette føreset at selskapet sine kostnader for den private bruken er høgare enn marknadsprisen.
Når marknadspris ikkje dekkjer selskapet sine kostnader ved den private bruken
Døma viser kva du som aksjonær eller nærståande skal betale i leige når kjøp og drift av ein eigedel hovudsakleg er til din eller din nærståande sin private bruk.
Har du ikkje betalt leige, må tilsvarande beløp bli oppgitt som skattepliktig utbytte.
Har du betalt leige som ikkje dekkjer selskapet sine kostnader, må differansen bli oppgitt som skattepliktig utbytte.
Selskapet skal inntektsføre manglande leige som skattepliktig uttak.
Døme 1 – Eigedom
Kjøpspris inklusiv påkosting er 6 000 000 kroner
Aktuelle kostnader inklusiv meirverdiavgift som gjeld selskapet sin eigedom
NOK
Inventar
50 000
Vedlikehald og reparasjon
55 000
Diverse andre kostnader, forsikring, straum etc.
25 000
Rentekostnader
0
Avkasnting på investert kapital*
84 000
Leigepris
214 000
Betalt leige eller innrapportert utbytte
100 000
For lite betalt leige eller utbytte
114 000
*I dømet er det føresett at selskapet har brukt sin frie eigenkapital ved anskaffinga, og det er anvendt ei rente på 1,4 prosent på anskaffingskostnaden.
Leigeprisen som aksjonær eller nærståande skal betale utgjer 214 000 kroner. Skattepliktig utbytte utgjer differansen mellom betalt leige (100 000 kroner) og leigeprisen (214 000 kroner), det vil seie 114 000 kroner.
Sjølv om prisen på den opne marknaden skulle tilseie ein leigepris på 100 000 kroner, må aksjonæren eller nærståande betale eller føre 114 000 kroner meir som skattepliktig utbytte når anskaffinga hovudsakleg er i aksjonær eller nærståande si private interesse.
Døme 2 – Båt
Anskaffingskostnaden er 5 000 000 kroner inklusiv meirverdiavgift.
Aktuelle kostnader inklusiv meirverdiavgift som gjeld selskapet sin båt
NOK
Drivstoff
80 000
Forsikring
50 000
Leige av båtplass
60 000
Vedlikehald og reparasjon
40 000
Diverse andre kostnader
75 000
Rentekostnader*
75 000
Verdinedgang**
150 000
Avkastning på investert kapital***
35 000
Leigepris
565 000
*Lån til kjøp av båt 2 500 000 kroner - rente 3 prosent.
**Døme på verdinedgang - reell verdinedgang eller beste estimat - til dømes 3–5 prosent.
***Eigenkapitalfinansiert med 2 500 000 kroner - 1,4 prosent rente.
I dømet er det føresett at du som aksjonær eller nærståande ikkje betaler leige for bruk av båten, og leigeprisen som du må betale eller føre som skattepliktig utbytte er minimum 565 000 kroner.
Interessefellesskap eksisterer i utgangspunktet når ein aksjonær eig meir enn 50 prosent av aksjane. Den reelle innverknaden i selskapet vil likevel vere avgjerande.
Dette må aksjonær eller nærståande gjere
Betaler du leige til selskapet frå dine private midlar (lønn, utbytte etc.), skal du ikkje oppgi dette. Det er berre selskapet som skal føre leigebeløpet som inntekt i skattemeldinga si.
Dersom bruken er gratis, må du logge deg inn i skattemeldinga og oppgi leigebeløpet som skattepliktig utbytte utan skjermingsfrådrag, under "Andre inntekter".
Dette må selskapet gjere
Når aksjonær eller nærståande betaler leige, skal selskapet føre leigebeløpet som inntekt i skattemeldinga si.
Når aksjonær eller nærståande ikkje betaler leige, skal selskapet føre utleiga som "Skattepliktig uttak" i skattemeldinga si.
Tapt avkastning på investert kapital
Sjølv om låne- og driftskostnader blir betalt med dine private midel, kan selskapet likevel få eit tap dersom kjøpet blir eigenkapitalfinansiert.
- Som aksjonær eller nærståande må du i slike tilfelle betale ei leige til selskapet eller oppgi leiga som skattepliktig utbytte tilsvarande den tapte avkastninga av selskapet sin investerte kapital.
- Selskapet må leggje til den tapte avkastninga som skattepliktig uttak.
Feil leigebeløp i skattemeldinga
Dersom det skulle vise seg at du har oppgitt feil leigepris, kan Skatteetaten endre fastsetjinga ved skjønn, påleggje tilleggsskatt og
- for deg som aksjonær eller nærståande leggje til beløpet som skattepliktig utbytte
- for selskapet leggje til beløpet som skattepliktig uttak (tilbakeføring av private drifts- og lånekostnader og avkastning av investert kapital)
Meirverdiavgift
Dersom selskapet har anskaffa og frådragsført inngåande meirverdiavgift på kostnader som gjeld den private bruken, blir avgifta lagt til som utbytte på deg som aksjonær eller nærståande.
All frådragsført inngåande meirverdiavgift både på anskaffinga og driftskostnadene vil bli ført tilbake på selskapet i samsvar med beløpa på terminoppgåvene.
Lover og rettspraksis
For nærmare forklaring og tilvising til lov- og rettspraksis, sjå kapitla:
- Tilsidesettelse - internprising og interessefellesskap (Skatte-ABC)
- Uttak av formuesobjekter og/eller tjenester (Skatte-ABC)
- Skattlegging av fordelen ved uttak fra selskapet (Skatte-ABC)