Bustadsparing for ungdom (BSU)

Bustadsparing for ungdom (BSU) er ei spareform for deg som er under 34 år Du kan spare inntil 27 500 kroner i året, og du kan trekkje frå 5 500 kroner i året på skatten. Totalt sparebeløp er 300 000 kroner.

Det er berre du som ikkje allereie eig bustad som kan få skattefrådrag ved å spare til BSU.

Du kan spare fram til året du fyller 33 år

Til og med det året du fyller 33 år kan du spare på BSU-konto og få skattefrådrag. Det er inga nedre aldersgrense for å opprette BSU-konto, men skattefrådrag får du først når du har inntekt. Vi rår deg til å ikkje opne ein BSU-konto om du er under 17 år og ikkje har skattbar arbeidsinntekt.

Sparebeløp: Kor mykje kan eg spare?

Årleg sparebeløp kan ikkje overstige 27 500 kroner.
Samla innbetalt sparebeløp kan ikkje overstige 300 000 kroner.

Dersom du betaler inn meir enn beløpsgrensa, skal det overskytande beløpet returnerast til deg.

Renter av sparebeløpet kan ikkje brukast som ein del av det årlege sparebeløpet. Ein reknar heller ikkje med rentene når ein bereknar maksimalt sparebeløp.

Rentene kan ikkje takast ut før sparebeløpet blir brukt til bustad. Du kan likevel ta ut renter som kjem på frå og med det inntektsåret du fyller 34 år.

Satsen og grensene har blitt endra fleire gonger dei siste åra. Sjå satsar for tidlegare år.

Frådrag på skatten

Frådraget er 20 prosent av beløpet du har betalt inn.

Dersom du har betalt inn sparebeløp på BSU-kontoen din, har du krav på frådrag i skatten.

For at du skal ha krav på frådrag, må banken din ha meldt til Skatteetaten at du faktisk har sett inn pengar før utgangen av året. Du må òg ha så høg inntekt at du betaler skatt.

Har du ikkje så høg inntekt, får du heller ikkje frådrag. Har du ei låg inntekt og betaler låg skatt, kan du ikkje få meir frådrag enn maksimalt det du skulle ha betalt i skatt, sjølv om satsen for maksimalt BSU-frådrag er høgare.

Døme:
Dersom du sparer inntil 27 500 kroner i året, kan du trekkje frå 5 500 kroner i året på skatten. Dette skjer automatisk i skattemeldinga di.

Så lenge kan du spare

Det er ikkje noko krav om å spare kvart år. Det er heller ikkje avgrensa kor mange år ein kan spare, men det er ikkje mogleg å halde fram med sparinga frå og med det året du fyller 34 år.

Du kan ikkje betale inn nye sparebeløp etter at du har byrja å bruke sparemidlane på BSU-kontoen, eller har brote kontrakten.

Dette kan du bruke pengene til

Sparepengane kan brukast til

  • kjøp av ny fast bustad til eige bruk, til dømes kjøp av sjølveigarbustad, andels-/aksje-/obligasjonsleilegheit. Det treng ikkje vere ditt første bustadkjøp.
  • kostnader ved kjøp av eigen bustad, til dømes dokumentavgift, kostnader til tinglysing og andre ervervskostnader
  • kjøpesum for nødvendig tomt til eigen bustad
  • betaling av renter og avdrag på lån på eigen bustad, nødvendig aksje, andel eller obligasjon
  • kostnader til oppussing og oppgradering av eigen bustad (påkosting og vedlikehald)
  • kostnader til å utvide eller byggje på eigen bustad, til dømes tilbygg og garasje knytte til bustaden.
  • kostnader til oppussing og oppgradering av uteområde på eigen bustad, til dømes asfaltering, belegningsstein, terrasse og gjerde
  • elbil-ladar, varmepumpe og solcellepanel
Viktig informasjon

Sparepengane kan ikkje brukast til

  • kjøp av, eller nedbetaling av gjeld, på andre eigedommar enn den faste bustaden din
  • kjøp av fritidseigedom
  • oppussing og oppgradering på andre eigedommar enn den faste bustaden din
  • kjøp av møbel, frittståande kvitevarer og verktøy
  • kjøp av tilleggstomt
  • husbåt og andre mobile einingar, som til dømes campingvogn, bubil og minihus på hjul

Du kan berre ha éin BSU-konto

BSU-konto kan berre opprettast éin gong for kvar person. Du inngår kontrakten med banken din eller ein annan spareinstitusjon. Du kan verken ha to BSU-kontoar eller opprette ein ny BSU-konto når ein tidlegare konto er gjort opp.

Du kan flytte BSU-kontoen frå ein godkjend spareinstitusjon, til dømes ein bank, til ein annan, dersom innskottsbeløpet blir overført direkte mellom spareinstitusjonane.

Bryt du reglane for BSU-sparing, skal det i det inntektsåret reglane blir brotne, bli gitt eit tillegg i skatten som er like stort som det skattebeløpet det tidlegare er gitt frådrag for. Dersom ein del av sparemidlane er brukte slik vilkåra krev, skal du berre få tillegg i skatt for den delen av midlane som ikkje er brukte til innkjøp av ny fast bustad. Dersom du tar ut delar av midlane til bustad, blir vilkåra vurderte ved første gongs uttak.

Dersom banken din har meldt inn frådraget til Skatteetaten, finn du det i skattemeldinga di. Dette føreset at du faktisk oppfyller vilkåra for BSU-frådrag.

Dersom frådraget ikkje står i skattemeldinga og du faktisk har betalt inn sparebeløpet til ein BSU-konto i løpet av året, må du be banken sende melding om beløpet til Skatteetaten.

Skjermbilde av hvor BSU vises i skattemeldingen. Dette er under tittelen "Skattefradrag" nesten helt nederst i skattemeldingen din.