Lån og renter på lån

Når du har lån, blir formuen din redusert. Vanlegvis betaler du renter på lån. Når du skal betale skatt, får du frådrag for renter på lån (gjeld). Det vil seie at du betaler mindre skatt.

Gjeld det meg?

Dette gjeld alle som har lån og betaler renter. Det kan til dømes vere:

  • bustadlån
  • studielån
  • billån
  • forbrukslån
  • lån frå arbeidsgivar
  • private lån, til dømes frå familiemedlemmar
  • lån i utlandet

Dette må du gjere

Du må gi informasjon om lån og renter i skattekortet og i skattemeldinga, slik at skatten din blir rett.

Opplysningane hentar vi frå det siste skatteoppgjeret ditt, og justerer dei med forventa renteoppgang eller rentenedgang i 2024. Dersom du har tatt opp lån i 2023, er det ikkje førehandsutfylt. Då må du leggje det til sjølv.

Skattekortet blir ikkje automatisk oppdatert.

Dersom rentene aukar eller blir reduserte i løpet av året, eller noko anna i privatøkonomien din endrar seg, kan det påverke kor mykje skatt du skal betale. Derfor er det viktig at du sjekkar opplysningane og endrar om noko er feil.

Dersom rentene i skattekortet er høgare enn det du endar opp med å betale i løpet av året, risikerer du å betale for lite skatt og med det få restskatt når skattemeldinga kjem.

Har du fleire lån, må du sjølv summere lån og renter for alle låna du har og leggje det inn i skattekortet. Dersom du har lån saman med andre, må du også sjekke at fordelinga av lån og renter stemmer.

Kvart år får du ei oppsummering av lånet ditt og rentene du har betalt frå banken din, Lånekassen og andre du har lånt pengar av. Dette blir ofte kalla for ei årsoppgåve. Sjekk at tala i årsoppgåva/årsoppgåvene stemmer med tala i skattemeldinga. Dersom du har lån saman med andre, må du også sjekke at fordelinga av lån og renter stemmer.

Desse rentene får du frådrag for

Du får frådrag for rentene som har komme på, det vil seie at du er forplikta til å betale dei. For dei fleste lån betaler du renter etter ein nedbetalingsplan. Desse rentene får du frådrag for, så lenge du betaler rentene i løpet av året.

For somme lån, som seniorlån, rammelån og kredittlån, kjem renter på i løpet av året sjølv om du ikkje skal betale dei. Desse rentene får du også frådrag for.

Du får berre frådrag for renter på lån som du er ansvarleg for. Sjølv om du til dømes betaler nokon andre sine renter, får du ikkje frådrag for desse rentene med mindre du er ansvarleg for heile eller delar av lånet.

Dersom du ikkje betaler du ikkje restskatten innan fristen, og du må betale forseinkingsrenter, får du ikkje frådrag for desse. Forseinkingsrenter er førehandsutfylte i skattemeldinga di.

Dersom du har ubetalt lån som går til inkasso, må du betale både

  • lånet du skuldar, som går til dei som har gitt deg lånet, til dømes banken,
  • gebyr og kostnader til inkassoselskapet (innkassosalær)
    og
  • renter til inkassoselskapet, ofte kalla renter på kostnader

Dette gjeld både om du betaler sjølv, eller om kravet går til tvangsinndriving med til dømes trekk i lønn eller pensjon.

Du kan få frådrag for renter til inkassoselskapet, men du får ikkje frådrag for inkassosalær du skuldar eller gebyr og kostnader til inkassoselskapet.

Du må sjølv leggje til «Renter til inkassoselskapet» i skattemeldinga under «Andre kapitalkostnader». Du finn dette beløpet i årsoppgåva eller i dokumentasjonen du har fått frå inkassoselskapet. Der blir det ofte kalla «renter på omkostninger» eller «internrenter».

Renter til banken gjennom inkassoselskap er allereie rapporterte inn av banken som «Betalte misleghaldne renter» under Lån og renter. Det kan til dømes vera bustadlån som ikkje er betalt.

Renter til andre gjennom inkassoselskap er ikkje førehandsutfylte. Du må sjølv leggje dei til under «Anna gjeld». Det kan til dømes vere renter på ei inkassosak frå eit teleselskap, ein straumleverandør eller liknande.

Dersom inkassoselskapet tar over heile kravet, til dømes heile lånet frå banken, blir alle renter som du kan få frådrag for rapporterte inn og førehandsutfylte i skattemeldinga. Ofte krev dei inn gjeld og kostnader til inkasso først. Når dei ikkje krev inn renter, får du heller ikkje frådrag.

Har du betalt renter til Klarna, så er dei ikkje førehandsutfylte i skattemeldinga. Du må sjølv leggje dei til i skattemeldinga under «Andre lån». Du treng ikkje leggje til identitetsnummer.

Du kan sjå kor mykje du har betalt i renter i kjøpshistorikken din i appen til Klarna eller på nettsida deira. Du får også ei årsoppgåve frå Klarna.

Dersom du skulda pengar som du enno ikkje hadde betalt per 31. desember, kan du også leggje til beløpet som lån under «Andre lån».

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende dokumentasjon til oss på lån og renter i norske bankar eller i Lånekassen.

Har du private lån, eller lån frå arbeidsgivar som ikkje er førehandsutfylt, må du kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør om det. Slik dokumentasjon kan til dømes vere ein låneavtale eller ei stadfesting frå dei du har lånt pengar av, og kontoutskrift som viser utbetalinga av lånet til deg.

Fordeling av lån du har saman med andre

Dersom du har lån saman med andre, skal både lånet og renter på lånet fordelast mellom dykk.

Slik fordeler de

Spesielt for deg som har

Dersom du har refinansiert lånet ditt, til dømes for å få lågare rente, kan du få frådrag for kostnader du har hatt i samband med refinansieringa. Du får berre frådrag for kostnader til refinansiering, ikkje ved kjøp og sal av eigedom.

Banken rapporterer inn alle renter og alle andre kostnader som er betalte inn til dei som du kan få frådrag for. Etableringsgebyr og termingebyr er også tatt med her. Dette blir rapportert inn for både det gamle og det nye lånet.

Dersom du har hatt andre kostnader knytte til refinansiering, må du sjølv leggje til beløpet som «Andre kapitalkostnader». Det kan vere

  • takstmann, rådgiving og andre kostnader for å få lågare rente.
  • tinglysingsgebyr av pantobligasjon.
  • andre kostnader ved opptak av lån som er betalte til andre enn banken.

Du får berre frådrag for desse kostnadene dersom dei er knytte til refinansiering av lån.

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Du finn informasjon om lån og renter på lån i nedbetalingsplanen som du får frå banken. Der står det kor mykje du skal betale i avdrag og renter på lånet. Sjekk at tala i skattekortet stemmer med summen for heile året i nedbetalingsplanen din.

Dersom du er usikker på kor mykje du kjem til å betale i renter på lånet i løpet av året, kan du ta kontakt med banken din.

Har du fastrente, er det ekstra viktig at du sjekkar skattekortet. Dersom skattekortet ditt er førehandsutfylt med lån og renter på lån, er tala feil fordi vi ikkje veit at du har fastrente.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortet.

Du kan endre heile året.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Skattekortet ditt er vanlegvis førehandsutfylt med opplysningar om lån og renter. Bankane rapporterer inn alle lån, rentekostnader og andre kostnader du får frådrag for, som termingebyr og etableringsgebyr.

Sjekk at opplysningane om lån og renter på lån i skattemeldinga di stemmer med årsoppgåva som du får frå banken.

Dersom du meiner at banken har rapportert inn feil, bør du ta kontakt med banken din slik at dei kan rette.

Dersom du har bustadlån saman med andre, må du sjekke at fordelinga av lån og renter på lån stemmer.

Du finn informasjon om lån og renter på lån i årsoppgåva som du får frå sameiget eller burettslaget. 

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Sjekk at tala i skattekortet stemmer med det du kjem til å ha i lån og betale i renter i løpet av heile året.

Dersom sameiget eller burettslaget har fastrente, er det ekstra viktig at du sjekkar skattekortet. Dersom skattekortet ditt er førehandsutfylt med lån og renter på lån, er tala feil fordi vi ikkje veit at sameiget eller burettslaget har fastrente.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortet.

Du kan endre heile året.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Skattemeldinga er vanlegvis førehandsutfylt med opplysningar om lån og renter. Bankane rapporterer inn alle lån, rentekostnader og andre kostnader du får frådrag for, som termingebyr og etableringsgebyr.

Sjekk at opplysningane om lån og renter på lån i skattemeldinga di stemmer med årsoppgåva du får frå sameiget eller burettslaget. Du finn lån i sameige og burettslag under temaet «Bank og lån» i skattemeldinga. Lån finn du under «Gjeld i bustadselskap/-sameige» og renter under «Del av kostnader i bustadselskap/-sameige».

Dersom du meiner at noko er feil, bør du ta kontakt med sameiget eller burettslaget slik at dei kan rette.

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Du finn informasjon om lån og renter på lån i årsoppgåva eller i nedbetalingsplanen som du får frå Lånekassen. Sjekk at tala i skattekortet stemmer med det du kjem til å ha i lån og betale i renter i løpet av heile året.

Er du usikker på kor mykje du kjem til å betale i renter på lånet i løpet av året, kan du ta kontakt med Lånekassen.

Har du fastrente, er det ekstra viktig at du sjekkar skattekortet. Dersom skattekortet ditt er førehandsutfylt med lån og renter på lån, er tala feil fordi vi ikkje veit at du har fastrente.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortet.

Du kan endre heile året.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Skattemeldinga er vanlegvis førehandsutfylt med opplysningar om lån og renter. Lånekassen rapporterer inn alle lån, rentekostnader og andre kostnader du får frådrag for, som termingebyr og etableringsgebyr.

Sjekk at opplysningane om lån og renter på lån i skattemeldinga di stemmer med årsoppgåva som du får frå Lånekassen.

Dersom du meiner at noko er feil, bør du ta kontakt med Lånekassen slik at dei kan rette.

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Du finn informasjon om lån og renter på lån i nedbetalingsplanen som du får frå banken. Der står det kor mykje du skal betale i avdrag og renter på lånet. Sjekk at tala i skattekortet stemmer med summen for heile året i nedbetalingsplanen din.

Dersom du er usikker på kor mykje du kjem til å betale i renter på lånet i løpet av året, kan du ta kontakt med banken din.

Har du fastrente, er det ekstra viktig at du sjekkar skattekortet. Dersom skattekortet ditt er førehandsutfylt med lån og renter på lån, er tala feil fordi vi ikkje veit at du har fastrente.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortet.

Du kan endre heile året.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Skattemeldinga er vanlegvis førehandsutfylt med opplysningar om lån og renter. Bankane rapporterer inn alle lån, rentekostnader og andre kostnader du får frådrag for, som termingebyr og etableringsgebyr.

Sjekk at opplysningane om lån og renter på lån i skattemeldinga di stemmer med årsoppgåva som du får frå banken.

Dersom du meiner at banken har rapportert inn feil, bør du ta kontakt med banken din slik at dei kan rette.

Dersom du har billån saman med andre, må du sjekke at fordelinga av lån og renter på lån stemmer.

Sjekk at lånet står i skattekortet og at talet stemmer. Dersom det ikkje er førehandsfylt, må du leggje det til sjølv. Du må også leggje til renter på lånet, om du betaler renter.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Du må sjølv leggje til lånet og eventuelle renter du betaler på lånet i skattemeldinga.

Du må leggje ved ei signert låneavtale og dokumentasjon som viser at du har betalt renter etter avtalen, til dømes kontoutskrift. Låneavtalen må innehalde informasjon om lånepartane, rentevilkår og tilbakebetalingsvilkår.

Dette må du gjere:

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Sjekk at lån og renter på lån i utlandet står i skattekortet og at opplysningane stemmer. Dersom det ikkje er førehandsfylt, må du leggje det til sjølv.

Har du fastrente, er det ekstra viktig at du sjekkar skattekortet. Dersom skattekortet ditt er førehandsutfylt med lån og renter på lån, er tala feil fordi vi ikkje veit at du har fastrente.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Du må sjølv leggje til lån og renter på lån i utlandet i skattemeldinga.

Du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Dokumentasjon kan til dømes vere ein låneavtale eller ei stadfesting frå dei du har lånt pengar av, og ei kontoutskrift som viser utbetaling av lånet til deg. Låneavtalen må innehalde informasjon om lånepartane, rentevilkår og tilbakebetalingsvilkår.

Har du lån saman med andre?
Dersom éin av dykk ikkje er skattepliktige til Noreg, må de fordele lånet likt mellom dykk. Dette gjeld også om de er gifte.

Dette må du gjere:

1. Sjekk skattekortet

Du finn informasjon om lån og renter på lån i årsoppgåva eller i nedbetalingsplanen som du får frå arbeidsgivaren. Sjekk at tala i skattekortet stemmer med det du kjem til å ha i lån og betale i renter i løpet av heile året.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortet.

Du kan endre heile året.

2. Sjekk skattemeldinga som kjem i mars

Sjekk at opplysningane om lån og renter på lån i skattemeldinga di stemmer med årsoppgåva som du får frå arbeidsgivaren.

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattemeldinga. 

Dersom arbeidsgivar ikkje har innrapportert renter på lån, må du sjølv leggje dei til som «Anna gjeld». Rentefordelen er innrapportert på same måte som lønn.

Du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Dokumentasjon kan til dømes vere ein låneavtale eller ei stadfesting frå arbeidsgivar, og ei kontoutskrift som viser utbetaling av lånet til deg.