Slik blir formueverdien av eigen bustad (primærbustad) rekna ut

Skatteetaten reknar ut ein bustadverdi (utrekna marknadsverdi for bustad) basert på statistiske opplysningar frå SSB om omsette bustader. Geografisk plassering, areal, byggjeår og type bustad blir teke omsyn til i utrekninga.

Bustadverdi

Bustadverdien er lik arealet til bustaden multiplisert med kvadratmeterpris basert på statistikk over omsette bustader.

Utrekninga byggjer på opplysningar om geografisk plassering, areal, alder og type bustad.

Formuesverdien er ein gitt prosentdel av denne bustadverdien.

Formuesverdi

Formuesverdien av primærbustader er 25 prosent av bustadverdien opp til 10 millioner kroner. Prosentdelen skal likevel vere 70 prosent for den delen som overstig 10 millioner kroner.

Opplysningar går fram av skattemeldinga di

Opplysningar om areal, byggjeår og type bustad vil normalt sett gå fram av skattemeldinga. 

Du må likevel sjekke at opplysningane som er fylte ut om eigedommen din i skattemeldinga er korrekte. Viss du finn opplysningar som er feil eller ufullstendige, må du korrigere desse i skattemeldinga.

Rekne ut formuesverdien

Du kan sjølv rekne ut formuesverdien ved hjelp av bustadkalkulatoren.

Attest

Dersom du ønskjer ein attest på allereie innmelde verdiar, kan du logge inn og bestille ein attest for formuesverdi av eigedom. Denne viser den samla formuesverdien for heile eigedommen.