Informasjon for barnepassar (dagmamma) som passar barn heime hjå seg sjølve.

Dersom du er barnepassar (dagmamma) og passar barna heime hjå deg sjølv, er du sjølvstendig næringsdrivande. Når barna du passar er under 12 år, eller dersom dei er eldre og har særskilt behov for omsorg og pleie, til dømes på grunn av eit handikap, har du som barnepassar fleire fordelar i forhold til andre sjølvstendig næringsdrivande.

Ikkje rekneskap

Du treng ikkje føre rekneskap for verksemda som barnepassar (dagmamma). Du treng heller ikkje leggje næringsoppgåve eller eige oppgjersskjema ved skattemeldinga.

Lågare trygdeavgift enn andre næringsdrivande

Du skal betale trygdeavgift etter den same satsen som lønnstakarar.

Skattemelding, frådrag for mat og slitasje og minstefrådrag

Inntekta frå a-meldinga som er send inn av foreldra til barnet, kjem fram i skattemeldinga til barnepassar (dagmamma). Bruttovederlaget frå foreldra er normalt splitta i ein del som er utgiftsgodtgjersle, og ein del som er skattepliktig arbeidsvederlag. Den delen av vederlaget som gjeld godtgjersle for mat og slitasje (utgiftsgodtgjersle), skal ikkje vere teken med ved utrekning av inntekta. Pass derfor på at godtgjersle for mat og slitasje er trekt frå.

Dersom utgiftsgodtgjersla ikkje er spesifisert i samanstillinga over det som er rapportert inn frå foreldra, kan du rekne ut eit frådrag for driftskostnadene dine i skattemeldinga. Standardfrådraget for kostnader ved barnepass i eigen heim skal utgjere 50 prosent av det du får utbetalt, men maksimalt 1 322 kroner per månad for kvart barn (satsen for maksimalt standardfrådrag for inntektsåret 2023). Dersom du vel å nytte dette standardfrådraget, er du bunden av valet i minst fem inntektsår dersom du driv barnepassverksemda di så lenge og forholda ikkje endrar seg vesentleg.

I den grad du ikkje er bunden til å ta i bruk dette standardfrådraget, kan du i staden krevje frådrag for dokumenterte faktiske kostnader. I så fall må du føre alle utgiftene opp i eit eige vedlegg. Arbeidsvederlaget og eventuelt overskot på utgiftsgodtgjersle inngår i grunnlaget for utrekning av minstefrådrag.

Personinntekt

Personinntekta er nettoarbeidsvederlaget som er ført opp i samanstillinga over innrapporterte beløp, altså etter at kostnader til mat og slitasje i heimen er trekte frå. Personinntekt gir grunnlag for mellom anna utrekning av trygdeavgift og trinnskatt og opptening av pensjonspoeng eller pensjonsbehaldning.

Rettar

Du har vanlegvis rett til sjukepengar når du blir sjuk.

Du har òg opptening av alderspensjon. Er du fødd i 1953 eller tidlegare, har du pensjonsopptening etter gamle reglar basert på pensjonspoeng: Når personinntekta er høgare enn grunnbeløpet i folketrygda, får du pensjonspoeng og eit eige grunnlag for tilleggspensjon frå folketrygda. Når ein skal rekne ut pensjonspoeng, bruker ein det gjennomsnittlege grunnbeløpet for året.

Er du fødd i 1954 eller seinare, får du opptening av alderspensjon etter nye reglar om opparbeidd pensjonsbehaldning: Den årlege pensjonsoppteninga utgjer 18,1 prosent av pensjonsgivande inntekt.

Forhøyr deg med NAV om reglane for dette, og kva for andre rettar du har i trygdesystemet.

Forskotsskatt

Den som betaler ut vederlag til næringsdrivande, skal ikkje trekkje forskotsskatt i vederlaget. Familien som er oppdragsgivaren din, har derfor ikkje utført skattetrekk. Du må derfor betale forskotsskatt. Det er skattekontoret som skriv ut forskotsskatten. Dersom du ikkje har fått skrive ut forskotsskatt, eller dersom du meiner at forskotsskatten er feil, kan du bestille, sjå eller endre sjøl.