Arveavgifta er fjerna

Arveavgifta er fjerna frå og med 2014. Det vil seie at du IKKJE skal sende inn arve- eller gåvemelding for arv eller gåve du har fått i 2014 eller seinare.

Du skal likevel melde inn arv dersom den du arvar frå døydde i 2013 eller tidlegare. Du skal òg melde inn gåve dersom gåva blei gitt i 2013.

Det er Stortinget som vedtok å fjerne arveavgifta. Det inneber òg at det er bortfall av innsynsretten til offentlege bustyrarar og medarvingar.
 
Sjå òg opplysningar om regelverk for arv hjå regjeringa.no

Arveavgifta har falle bort for arv etter avlidne som døyr 1.1.2014 eller seinare. Det same gjeld for gåver som blir ytt den 1.1.2014 eller seinare. Dette får følgjer for høvet til å få innsyn i tidlegare arveavgiftssaker.

Arveavgiftslova § 23 andre ledd pålegg arveavgiftsmyndigheitene ei svært streng teieplikt. I praksis er det berre direkte partar i ei arveavgiftssak som kan få innsyn i saksdokumenta. I tillegg kan offentlege bustyrarar som må ha opplysningar for å kunne rekne ut rett arveavgift eller medarvingar som kan bli ansvarlege for andre si arveavgift (solidaransvar) få visse opplysningar.

Ettersom arveavgifta er fjern, er det ikkje lenger grunnlag for den innsynsretten somme hadde tidlegare. Dette inneber at

  • bustyrarar i offentlege skifte, der den avlidne døydde 1.1.2014 eller seinare, kan ikkje lenger få opplysningar om tidlegare gåveutdelingar frå den avlidne. Dette er grunngitt med at tingretten ikkje lenger er arveavgiftsmyndigheit i desse sakene.
  • medarvingar i private skifte, der den avlidne døydde 1.1.2014 eller seinare, kan ikkje lenger få opplysningar om tidlegare gåveutdelingar til nokon som er arvingar på skiftet. Dette er grunngitt med at solidaransvar ikkje lenger er aktuelt i desse sakene.

Stortinget har vedteke å fjerne arveavgifta frå 1. januar 2014. Endringa verkar inn på gåver som blir gitt etter 31. desember 2013, og for arv der dødsfallet skjer etter 31. desember 2013. 

Du skal ikkje sende inn arvemelding eller gåvemelding til Skatteetaten for gåver og arv i 2014 eller seinare. 

Kva med arv/gåver i 2013?

For gåver som er gitt eller blir gitt før årsskiftet, skal ein betale arveavgift etter reglar og satsar for 2013. Det same gjeld for arv etter dødsfall som skjer i 2013. Dette gjeld sjølv om arvingen tek over rådveldet over arven først i 2014 eller seinare.

Du unngår ikkje arveavgift ved å krevje offentleg skifte

Vedtaket inneber at det skal reknast ut avgift for alle dødsfall i 2013 eller tidlegare. Det er laga ein overgangsregel som inneber at ein ikkje kan unngå avgifta ved å krevje offentleg skifte, sjølv om buhandsaminga blir avslutta i 2014 eller seinare. Det gjeld òg dersom ein krev at buet blir levert tilbake til privat skifte i 2014 eller seinare. Stortinget har difor gjort avgiftsvedtak for 2014 med gjeldande fribeløp og satsar.

Du kan ikkje tilbakekalle gåver

Avgiftsplikta på gåver slår inn når gåva blir rekna som gitt. For dei aller fleste gåveobjekt blir gåva rekna som gitt når det er sendt ei gåvemelding til Skatteetaten. Dersom gåva blir gitt før 01. januar 2014, må ein sende melding til Skatteetaten. Gåver gitt før årsskiftet er avgiftspliktige sjølv om sjølve arveavgiftsvedtaket ikkje kjem før i 2014. 

Det vil seie at når gåvedisposisjonen er gjennomført, kan han ikkje tilbakekallast med verknad for avgiftsberekninga. Ei tilbakekalling av gåve kan innebere ein ny arveavgiftspliktig transaksjon, slik at du risikerer dobbel avgift. 

Skattemessige følgjer

Det er vedteke å innføre kontinuitetsprinsippet som hovudregel for arv- og gåveoverføringar med verknad frå og med inntektsåret 2014. Skattemessig kontinuitet inneber at arvingen eller gåvemottakaren tek over den historiske inngangsverdien til arvelataren eller givaren på overførte gjenstandar ved eit seinare gevinstoppgjer, i tillegg til andre skatteposisjonar knytt til det som er overført.

Det er vedteke unnatak frå kontinuitetsprinsippet for bustader, fritidseigedom, gardsbruk og skogbruk som kunne vore selde skattefritt av arvelataren eller givaren på gåve- eller dødsfallstidspunktet. Det inneber at inngangsverdien for bustad- og fritidseigedom skal setjast til marknadsverdien på ervervstidspunktet. For alminnelege gardsbruk eller skogbruk inneber dette at inngangsverdien på mottakar si hand maksimalt kan setjast til ¾ delar av den pårekna salsverdien til eigedomen.

Les meir om dei skattemessige følgjene.

Kan eg trekkje attende ei gåve som allereie er gitt?

Nei, dersom gåva er gitt, kan ein ikkje trekkje ho attende med verknad for avgiftsutrekninga. Du risikerer dobbel avgift dersom gåva blir tilbakeført.

Eg har gitt ei gåve før 01.01.2014, men ikkje sendt inn melding. Kva skal eg gjere?
Du må sende inn melding om gåve. Sjølv om du sender inn melding i 2014 eller seinare blir det avgift.

Kan eg gjere om gåva til lån?
Nei, gåva er gitt og kan ikkje gjerast om.

Mor/far sit i uskifta bu. Blir det arveavgift dersom det blir gitt ei gåve frå uskiftebuet i 2013?
Ja.

Mor/far sit i uskifta bu. Blir det arveavgift dersom det blir gitt ei gåve frå uskiftebuet i 2014 eller seinare?
Nei.

Eg har fått eit vedtak om utsett rådvelde. Blir det arveavgift dersom eg får rådvelde i 2014 eller seinare?
Nei.

Dødsfallet har skjedd i 2013. Slepp eg arveavgift dersom eg sender inn melding om arv i 2014? 
Nei, det er tidspunktet for dødsfallet som er avgjerande. 

Kan eg sleppe arveavgift ved å be om offentleg skifte? 
Nei, det har ikkje noko å seie for utrekninga av avgifter så lenge dødsfallet skjedde i 2013 eller tidlegare. 

Kva skjer når dødsfallet skjer i 2014 eller seinare? 
Då slepp du avgift. Det gjeld òg når den avlidne sat i uskifta bu. 

Mor/far sit i uskifta bu. Blir det arveavgift for arven etter den første avlidne? 
Nei, ikkje dersom lengstlevande lever 01.01.2014.

Kva tyder skattemessig kontinuitet? 
Arving og mottakar tek over inngangsverdiane til den som etterlét seg arv eller er givar. 

Kva tyder skattemessig diskontinuitet? 
Arving og mottakar får marknadsprisen på eigedomen som sin inngangsverdi.

Kva meiner vi med inngangsverdi? 
Det er den prisen som anten den som etterlét seg arv eller givaren kjøpte eigedomen for (kontinuitet), eller verdien på det tidspunktet mottakaren blei eigar (diskontinuitet). Inngangsverdien blir brukt når ein eventuelt skal rekne ut gevinsten dersom du sel eigedomen.

Eg kjem til å / har arva/motteke ei hytte frå foreldra mine. Dei har eigd og brukt hytta i over 5 av dei siste 8 åra. Kva for inngangsverdi får eg? 
Du får inngangsverdien din fastsett til marknadsprisen ved overdraginga, fordi den som etterlét seg arv / givaren kunne ha selt hytta skattefritt.

Eg kjem til å / har arva/motteke ein bustadeigedom frå foreldra mine, og dei har eigd bustaden og budd i han i meir enn 1 av dei siste 2 åra. Kva for inngangsverdi får eg? 
Du får inngangsverdien din fastsett til marknadsprisen ved overdraginga fordi den som etterlét seg arv / givaren kunne ha selt bustaden skattefritt.

Eg kjem til å / har motteke ein utleigebustad som den som etterlét seg arv / givaren ikkje kan selje skattefritt. Kva blir forholdet mellom skatt og arveavgift? 
Dersom du arvar / tek imot bustaden før 01.01.2014, får du inngangsverdien din fastsett til marknadsprisen ved overdraginga, og arveavgift blir berekna. Dersom du tek imot bustaden etter 31.12.2013 får du overta inngangsverdien til arvelatar/givar, og arveavgift blir ikkje berekna.

Eg kjem til å / har motteke ei hytte som arvelataren/givaren ikkje har bruk sjølv 5 av dei siste 8 åra og dermed ikkje kan selje skattefritt. Kva blir forholdet mellom skatt og arveavgift? 
Dersom du arvar / tek imot denne før 01.01.2014 får du inngangsverdien din fastsett til marknadsprisen ved overdraginga og arveavgift blir berekna. Dersom du tek imot denne etter 31.12.2013 overtek du inngangsverdien til arvelatar/givar og arveavgift blir ikkje berekna.

Må ei eigedomsoverføring vere tinglyst? 
Nei, men ein må kunne dokumentere når eigedomen er gitt til mottakaren.