Skatteklassar

Alle personlege skattytarar blir skattlagde i skatteklasse 1.

Skatteklasse 1

For skatteklasse 1 har du eit personfrådrag, eit fribeløp, når du reknar ut skatt på alminneleg inntekt (nettoinntekt). 

Alle personlege skattytarar blir skattlagde i skatteklasse 1. Det same gjeld for dødsbu i det året skattytar døydde.

Viss du skattemessig er busatt i Noreg berre delar av året, blir personfrådraget redusert høvesvis.

Einslege forsørgjarar blir skattlagde i skatteklasse 1.

Særfrådraget for einsleg forsørgjer ble avvikla 1. mars 2023. Den utvida barnetrygda blir auka tilsvarande maksimal skatteverdi av særfrådraget i 2023 (gjeld frå 1. mars 2023).

Det særskilde inntektsfrådraget for busette i Finnmark og i einskilde kommunar i Nord-Troms (Finnmarksfrådraget) blir gitt automatisk på bakgrunn av dei opplysningane Skatteetaten har.

Skatteklasse 0

I skatteklasse 0 blir det ikkje gitt personfrådrag. Døme: Dødsbu skattlegjast i skatteklasse 0 for år som følgjer etter dødsfallåret (når buet ikkje er oppgjort).