Pressemelding

No kan du kontrollere skattekortet ditt for 2019

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Det er viktig å kontrollere at opplysningane stemmer, slik at skattetrekket blir rett.

Alle lønnstakarar og pensjonistar kan no kontrollere og endre skattekortet for 2019. Skattetrekksmeldinga (informasjon om skattekortet) viser kva for opplysningar Skatteetaten har brukt for å lage skattekort og rekne ut kor mykje skatt som skal trekkjast frå inntekta di neste år.

 - Dersom opplysningane som er brukte ikkje stemmer, og du ønskjer å unngå anten restskatt eller å bli trekt for mykje, må du passe på å justere skattekortet. Når du har endringar i økonomien bør du endre opplysningane slik at skatten blir rett, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Kontroller skattekortet på nett

I Skatteetaten si digitale løysing for skattekort finn du ei detaljert oversikt over opplysningane om inntekta og gjelda di som er brukte til å rekne ut skattetrekket.

 - For å kontrollere opplysningane dine, loggar du deg inn på skatteetaten.no og ser på informasjonen som er brukt i skattekortet. Deretter kan du endre opplysningane om du treng det, seier Holte.

I løysinga er opplysningane delte inn i tema som bank og lån, arbeid, trygd og pensjon. Dersom du endrar opplysningar, ser du automatisk korleis dette påverkar skattekortet ditt. Du kan endre skattekortet gjennom heile året og bør alltid endre opplysningane, når du har endringar i økonomien din.

Arbeidsgivar hentar skattekortet direkte

Du treng ikkje levere skattekortet til arbeidsgivar. Når du endrar skattekortet, får arbeidsgivar melding automatisk og hentar nytt skattekort frå Skatteetaten.

Endringar for utanlandske arbeidstakarar

Frå 2019 blir det innført kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar som arbeider i Noreg (arbeidstakarar med mellombels opphald). Det blir ein fast skattesats på 25 prosent, ingen frådrag og inga plikt til å levere skattemelding for arbeidsinntekter i Noreg.

 - Føremålet med ordninga er å gjere reglane enklare for denne gruppa, seier Holte.

Den nye ordninga femner ikkje om sokkelarbeidarar, sjøfolk, utanlandske arbeidstakarar med inntekter over trinn tre i trinnskatten (617 500 kroner) eller dei som har inntekt frå eiga verksemd. For desse blir det skattlegging etter alminnelege reglar. Kjeldeskattordninga er frivillig og alle har høve til å velje ordinær skattefastsetting i staden.

Elektronisk skattekort for utanlandske arbeidstakarar

Utanlandske arbeidstakarar kan no bestille skattekort elektronisk, når dei har D-nummer og kontrollert ID. Arbeidsgivar kan òg bestille skattekort for utanlandske tilsette.

Frikort

Dersom du har frikort, vil det seie at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt dersom du i løpet av året tener 55 000 kroner eller mindre. For å unngå restskatt bør du bestille skattekort dersom du veit at du kjem til å tene meir enn dette.  Dersom du hadde frikort i fjor, treng du ikkje å søkje på nytt.

Bestill time

Du kontrollerer og endrar skattekortet på skatteetaten.no. Dersom du har spørsmål, er chat, telefon og Facebook den raskaste måten å få kontakt med Skatteetaten på. Du må møte opp på eit skattekontor berre dersom du skal søkje om skattekort og du ikkje har eit gyldig personnummer eller d-nummer.

Fakta om skattekort:

  • om lag 4 millionar skattytarar får skattetrekksmelding (skattekort) per år
  • om lag 600 000 nettsøknader om endring av skattekort per år
  • om lag 160 000 frikortsøknader per år

Her finn du meir informasjon om skattekort