Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Pressemelding

Skatteoppgjer for 573 mrd kroner i 2017

  • Publisert:

Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Skatteoppgjeret for 4,8 millionar personar og 317 000 selskap er no ferdig. Du kan framleis endre skattemeldinga for 2017 dersom du oppdagar feil. Skattelistene er tilgjengelege 7. november.

Det samla skatteoppgjeret for 2017 viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 492 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. 317 000 selskap har betalt til saman 81 milliardar kroner i skatt (unnateke petroleum).

3,2 millionar lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande fekk tilbakebetalt skatt til gode i skatteoppgjeret for året, og 760 000  betalte restskatt. For tre av fire personar som fekk skatt til gode eller restskatt er beløpet under 15 000 kroner. For éin av 25 (4 %) er beløpet over 50 000 kroner.

- Dei fleste treff godt med å betale rett skattebeløp gjennom heile året. Det at ein får restskatt eller skatt til gode kjem av at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det som skattetrekket blei rekna ut på. Du kan unngå dette ved å justere opplysningane i skattekortet gjennom året, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Endre skatteopplysningar sjølv i opptil tre år

Etter at den nye skatteforvaltingslova tok til å gjelde i fjor, fastset du sjølv grunnlaget for skatten din når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga. Det vil seie at du ikkje lenger skal sende ei klage på skatteoppgjeret dersom noko er feil.

- Viss du oppdagar feil, skal du i dei aller fleste tilfelle endre sjølv slik at Skatteetaten kan berekne rett skatt og sende deg eit nytt skatteoppgjer. Endringar kan til dømes vere ein frådragspost som ikkje var fylt ut eller at somme inntektspostar blei feil då ein fylte ut skattemeldinga, seier Holte.

Når ein rettar opplysningar, bereknar Skatteetaten skatten på nytt. Det er mogleg å endre opplysningar sjølv i opp til tre år etter leveringsfristen.

Sjå rettleiinga som hjelper deg å endre skatteopplysningar sjølv: skatteetaten.no/klage

Skattelistene er tilgjengelege for søk 7. november

Skattelistene for inntektsåret 2017 er tilgjengelege for søk på skatteetaten.no frå 7. november. Søk omfattar nettotal for personar og selskap. Det blir loggført kven som har søkt på deg i skattelistene.

Sidan oktober i fjor har det vore 1,6 millionar søk i skattelistene på skatteetaten.no, fordelt på 440 000 unike innloggingar. Det er om lag likt som året før. Til samanlikning var det i året før loggføring av søk blei innført, 16,5 millionar søk fordelt på nær 927 000 unike innloggingar.

Skattelistene er tilgjengelege her: skatteetaten.no/skattelistene

Hovudtala (per kommune) for oppgjeret finn du her: skatteetaten.no/nokkeltall