Melding om flytting til, frå eller internt på Svalbard

Dersom du planlegg å bu på Svalbard i meir enn 6 månader, må du melde flytting til Befolkningsregisteret for Svalbard. Du må også melde flytting når du skal flytte internt på Svalbard og når du flyttar frå Svalbard.

Last ned, skriv ut og full ut skjemaet. Send skjemaet til Svalbard skattekontor.

Du kan sende flyttemeldinga som:

Viss du melder flytting til Svalbard per post, må du òg vedlegga kopi av legitimasjon.

Dersom du skal vere på Svalbard i mindre enn 6 månader, til dømes for å jobbe eller studere, skal du ikkje melde flytting hit.

Flyttar du frå utlandet og ikkje har norsk fødselsnummer eller mellombels identifikasjonsnummer (d-nummer), må du bestille time på skattekontoret for å få eit d-nummer.

Har du spørsmål om flytting, kan du kontakte Svalbard skattekontor.

Blir du skattepliktig til Svalbard?

Kontakt oss, eller les meir om Svalbard.