Viktig informasjon

Oppdatert skjema for 2021 finn du her midt i februar.

Skjema RF-1368

Næringsoppgåve 5 for føretak med avgrensa rekneskapsplikt og ikkje-rekneskapspliktige selskap med deltakarfastsetting

Alle ikkje-rekneskapspliktige selskap med deltakarfastsetting skal levere Næringsoppgave 5.

Næringsoppgåve 5 skal leverast av enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap som utarbeider årsrekneskap etter føresegna om avgrensa rekneskapsplikt i rekneskapslova § 3-2b. Det gjeld ikkje for ansvarlege selskap der éin eller fleire av deltakarane er ein juridisk person med avgrensa ansvar.

Viktig informasjon

Innhaldet på denne sida gjeld skattemeldinga du leverte i 2021. Vi oppdaterer for tida innhaldet slik at det blir tilpassa skattemeldinga du skal levere våren 2022. Skildringa av framgangsmåten kan derfor vere annleis når du skal levere skattemeldinga di, mellom anna fordi vi innfører ei ny skattemelding for næringsdrivande

Vi varslar deg når skattemeldinga di er klar. Du får hjelp og rettleiing når du fyller ut skattemeldinga di, anten du gjer det på skatteetaten.no, i Altinn eller i rekneskapssystemet ditt. 

Logg inn og fyll ut RF-1368:

Lever Næringsoppgåve 5

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.

Papirskjemaet kan brukast til å førebu seg og som støtte ved utfylling i Altinn.

Næringsoppgåve 5 skal leverast som vedlegg til 

Hjelp til utfylling

Skjema på papir

Tidlegare års skjema og rettleiing

 

 

 

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Skattemelding for lønnsmottakarar og pensjonistar og skattemelding for enkeltpersonføretak med vedleggsskjema kan du framleis endre og levere på nytt  for 2018 og 2019 viss du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver.