Skjema RF-1088

Aksjeoppgåva

Alle aksjonærar mottar aksjeoppgåva frå Skatteetaten. Ho gir ei oversikt over aksjane dine i norske aksjeselskap. Aksjeoppgåva inneheld også utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs og eigenkapitalbevis i norske sparebankar.

Logg inn og sjekk RF-1088

Sjekk aksjeoppgåva

Aksjeoppgåva skal hjelpe deg med å komme fram til riktige skattepliktige beløp, og medverke til at du får dei frådraga du har krav på i aksjeinntektene dine.

Hugs!

  • Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg ferdig med skattemeldinga.
  • Du skal berre levere oppgåva dersom du gjer endringar i henne.
  • Dersom du har aksjar eller andelar som ikkje er oppførte i «Aksjeoppgåva», skal du opplyse om dette i skattemeldinga under temaet Finans. Dette gjeld både norske og utanlandske aksjar.
  • Hugs at endringar i oppgåva kan føre til at du må gjere endringar i skattemeldinga.

For deg som har aksjar i eit selskap som vart stifta i inntektsåret, har kjøpt eigne aksjar eller hadde kapitalendringar i inntektsåret, vil det bety at formuesverdien blir ukjent og at formuen ikkje er fylt ut på førehand i skattemeldinga di. Du kan sjølv ta kontakt med selskapet for å få desse opplysningane og føre dei inn i skattemeldinga.

Skatteetaten får opplysningane om formuesverdi frå aksjeselskapet når dei leverer skattemeldinga si. Du får då ei ny aksjeoppgåve (RF-1088R) som viser korrekte formuesverdiar som tidlegare var ukjente og som ikkje var fylte ut på førehand i skattemeldinga. Denne oppgåva kan du motta før eller etter leveringsfristen for skattemeldinga di. Du må då kontrollere opplysningane i aksjeoppgåva opp mot skattemeldinga di for å sjekke at ho er korrekt uavhenigig om ho er levert eller ikkje. Er ho ikkje korrekt, må du endre og levere ny skattemelding.

Dersom det kjem nye opplysningar om skattepliktig utbytte og gevinst eller tap, mottar du også ei ny aksjeoppgåve (RF-1088R) som viser skattepliktige beløp som var ukjente eller som ikkje stod i den førehandsutfylte skattemeldinga. Du må då kontrollere opplysningane i den nye aksjeoppgåva opp mot den leverte skattemeldinga for å sjekke at ho er korrekt. Er ho ikkje korrekt, må du endre og levere ny skattemelding.

Vi anbefaler også at du sjekkar desse opplysningane i aksjeoppgåva:

Sal og andre realisasjonar

Der Skatteetaten har fullstendige opplysningar om realisasjon av aksjar og utbytte, er desse beløpa fylte ut på førehand i skattemeldinga.

Dersom gevinst/tap ikkje stemmer eller manglar, må du endre og levere Aksjeoppgåva. Rett gevinst/tap må du føre i skattemeldinga di.

I Altinn finn du ein versjon av aksjeoppgåva som kan korrigerast (RF-1088K). I denne kan du endre inngangsverdien på aksjar som du har skaffa deg i inntektsåret og vederlag for realiserte aksjar i inntektsåret. Etter eit par dagar får du tilgang til ei ny rekalkulert aksjeoppgåve i Altinn (RF-1088R). I den rekalkulerte oppgåva finn du ny berekna gevinst eller nytt berekna tap, det vil seie beløp du skal føre over til skattemeldinga.

Utbytte

Har du endringar eller tilføyingar knytte til utbytte, skal du endre direkte i skattemeldinga di. Du kan ikkje gjere endringar i aksjeoppgåva.

Formuesverdi

Formuesverdien er den skattemessige formuesverdien på aksjane du eig ved utgangen av året. Formuesverdiar av aksjar er normalt fylte ut på førehand i skattemeldinga di. 

Har du endringar eller tilføyingar knytte til formuesverdi, skal du endre direkte i skattemeldinga. Du skal ikkje gjere endringar i aksjeoppgåva. Det same gjeld dersom aksjeformuen ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga.

Har du formuesverdi i ikkje-børsnoterte selskap, sjå over under "Formueseverdi i ikkje-børsnotert selskap".

Inngangsverdi

Inngangsverdien på aksjen er det du i utgangspunktet betalte for aksjen inklusive kostnader. Dersom opplysningane om inngangsverdi i akjseoppgåva er feil eller mangelfulle, må du endre og levere oppgåva.

Utanlandske aksjar som ikkje står i aksjeoppgåva

Aksjeoppgåva inneheld berre opplysningar om utanlandske aksjar som er registrerte på Oslo Børs. Alle norske bankar og finansinstitusjoner skal rapporte inn behaldningane dine i andre utanlandske aksjar under dette formue, gevinst/tap og utbytte til Skatteetaten. Det betyr at du får desse fylte ut på førehand i skattemeldinga di. Sjekk årsoppgåva du skal ha fått frå banken din.

Aksjeopplysningar som ikkje står i skattemeldinga (formue, utbytte og gevinst/tap)

Dersom du har aksjar eller andelar som ikkje er oppførte i «Aksjeoppgåva», skal du opplyse om dette i skattemeldinga under temaet Finans. Dette gjeld både norske og utanlandske aksjar.

Hjelp til utfylling

Rettleiingar frå tidlelgare år