Skjema RF-1334

Mellombels bruk av køyretøy registrert på Svalbard

Viss du er fastbuande på Svalbard og skal bruke eit Svalbardregistret køyretøy på fastlandet, må du melde frå om bruken til Skatteetaten og mellombels omregistrere bilen.

Dette må du gjøre

 

Ta med deg dokumenta, når du har fått desse, til Svalbard servicekontor for å omregistrere køyretøyet.

Hugs! Du må bestille time før du kan komme til Svalbard servicekontor.

Personar som er registrerte i befolkningsregisteret på Svalbard, kan innføre og bruke bilar og køyretøy registrerte for bruk på Svalbard til fastlands-Noreg i inntil 93 dagar i løpet av ein 12-månadersperiode.

Når du har meldt inn ein periode for mellombels bruk av Svalbardkøyretøy på fastlandet, kan du endre oppstarten av perioden, heilt fram til den innmelde oppstartsdatoen. Det same gjeld for slutten av perioden.

Flyttar du permanent?

Dersom du flyttar til fastlandet, må du fortolle og betale avgifter for køyretøyet.

Regelverk

Reglane om mellombels bruk av køyretøy registrert på Svalbard finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge (Lovdata).

Skattedirektoratet har utarbeidd kommentarar til forskrifta. Kommentarane finn du i årsrundskriv for eingongsavgift.