No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Rekn om frå nettolønn til bruttolønn

Omrekninga gjeld for arbeidsgivarar som har tilsette på nettolønnsordning og der oppgrossing skal skje etter norske skattesatsar. Dersom den tilsette har fått skattekort for kjeldeskatt på lønn, vil ikkje kalkulatoren rekne ut rett bruttolønn.  

Du må oppgi tabellnummer frå skattekortet til den tilsette og tal på månader med opphald i Noreg. For å kunne rekne ut bruttolønna, må du oppgi nettolønna for heile perioden. Du kan rekne ut bruttolønn frå 2017 i denne tenesta.

Du kan bruke omrekningstabellen frå netto til brutto når ein tilsett er mellombels skattepliktig til Noreg og har ein arbeidsavtale der det blir utbetalt variabel nettolønn over ubestemt tid.

Omrekning for 2016 og tidlegare