Akvakultur og fiskeoppdrett

Når du driv oppdrettsverksemd, må du skatte av inntekter og formue. Du kan få frådrag for kostnader du har hatt i verksemda di.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv verksemd med oppdrett og har akvakulturløyve.

Med akvakultur meiner vi havbruk, oppdrett (produksjon) av fisk, dyr og plantar som lever i vatn. For å drive verksemd innanfor akvakultur krevst det akvakulturløyve (oppdrettsløyve).

Dette må du gjere

Du må oppgi inntekter, formue og eventuelle kostnader i skattemeldinga.

I tillegg må du 

Skattepliktig inntekt

Bedrifter og andre næringsdrivande som høyrer heime i Noreg, er skattepliktige til Noreg for alle inntekter og formuar.

Det er eigne reglar for inntekter knytte til havbruksverksemd.

Tilvekst (produksjon av fisk)

Tilvekst i behaldninga av fisk og andre organismar blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt. Bedrifta di blir først skattlagd når du fører inntektene frå salet av fisken i skattemeldinga.

Uttak av fisk og andre organismar

Tar du ut fisk og andre organismar til ditt eige private forbruk, skal du føre marknadsprisen for uttaket som ei inntekt i skattemeldinga. 

Om privat bruk av eit selskap sine eigedelar.

Samdrift og samlokalisering

Bedrifter med akvakulturløyve kan velje mellom to typar samarbeid:

  • samlokalisering – fisken er i eigen merd på same lokalitet
  • samdrift – fisken er i sameige i same merd

Viss samarbeidet ikkje blir drive for felles rekning og risiko, skal innehavarane fastsetje kvar sine inntekter og formuar.

Skattepliktig formue

Du må betale skatt på formuen av eigedelane du har i verksemda.

Ein formue blir normalt verdsett til omsetningsverdien, det vil seie den prisen du kan oppnå ved eit sal på den opne marknaden (marknadsprisen).

Verdien av oppdrettsfisk og skjel blir sett til 65 prosent av tilverkingsverdien. I tilverkingsverdien inngår kostnader til innkjøp av yngel, smolt eller setjefisk, fôr og leigd arbeidskraft.

Driftsmidla til verksemda blir verdsette til skattemessige saldoverdiar ved slutten av inntektsåret. 

Varelageret og fiskefôret til verksemda blir verdsette til kostprisane. 

Eit akvakulturløyve er ein skattepliktig formue. Dette gjeld ikkje tidsavgrensa akvakulturløyve.

Verdien av eit løyve blir sett til 25 prosent av omsetningsverdien for løyvet. Ein tilsvarande del av gjelda til selskapet skal verdsetjast med den same prosentsatsen. Sjå Skatte-ABC under temaet «Formue – Akvakulturtillatelser», og oversikta over innhaldet i skattemeldinga.

For løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø, kan du bruke oppnådd auksjonspris som eit utgangspunkt ved verdsetjinga.

Verdiane av akvakulturløyva som selskapet eigde 1. januar i skattefastsetjingsåret (året etter inntektsåret), blir fastsette samla.

Aksjeselskap pliktar å fastsetje og opplyse om formuesverdien av aksjane i selskapet.

Selskapet fastset formuesverdien ved leveringa av skattemeldinga for selskapet. Tidspunktet for verdsetjinga er 1. januar i året etter det inntektsåret selskapet rapporterer for.

Verdiane selskapet rapporterer i skattemeldinga blir brukte til å fylle ut aksjonærregisteroppgåva. Aksjeverdiane blir deretter førehandsutfylte i skattemeldingane til aksjonærane, som formuesverdiar for det påfølgjande inntektsåret.

Frådrag for kostnader

Du kan ha rett til frådrag for kostnader du har hatt i verksemda di.

 

Løyve til å drive oppdrett (akvakulturløyve) blir rekna som driftsmiddel i verksemda. Du kan normalt ikkje krevje frådrag for oppdrettsløyve.

Du kan likevel få frådrag for eit oppdrettsløyve dersom

  • oppdrettsløyvet er tidsavgrensa
  • oppdrettsløyvet har gått varig ned i verdi samanlikna med det du betalte for løyvet (inngangsverdien)

Du bør notere deg den delen av kjøpesummen som gjeld oppdrettsløyvet, og ta vare på avtalar, fakturaer og kvitteringar til seinare bruk.

Kjøper du levande fisk eller andre dyr og plantar til oppdrettsverksemda, kan du få frådrag for kostnadene i kjøpsåret.

Du kan krevje frådrag for kostnader til fiskefôr som du bruker i oppdrettsverksemda det aktuelle inntektsåret. Dette gjeld også liknande kostnader som du bruker på sjølve oppdrettsfisken. 

Viss du eig oppdrettsanlegget som blir brukt i verksemda, får du prosentvise frådrag i form av avskrivingar for den delen av kostprisen som gjeld oppdrettsanlegget, merden eller liknande. 

Enklare oppdrettsmerdar som består av flytande innhegningar, blir avskrivne i saldogruppe d, til dømes maskiner, reiskap, instrument og inventar. 

Større flytande konstruksjonar med integrerte merdar med lengre levetid, blir avskrivne i saldogruppe e, til dømes skip, fartøy og riggar. 

Kostnader til utskifting av notposar i oppdrettsmerdar blir rekna som vedlikehaldskostnader, som du kan føre frådrag for i det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.