Forskotsskatt for Selskap med deltakarfastsetjing (SDF)

Som deltakar i selskap med deltakarfastsetjing, er det du, og ikkje selskapet, som skal betale forskotsskatten. Døme på selskap med deltakarfastsetjing kan vere ansvarleg selskap (ANS), kommandittselskap (KS) eller selskap med delt ansvar (DA).

Skatten blir rekna ut samla for din del av inntekt og formue frå selskapet pluss inntekter/frådrag og formue du har privat. Dette betyr at du må få fastsett forskotsskatt i tillegg til eventuelt ordinært skattetrekk i lønna di.

Forskotsskatten blir fastsett på bakgrunn av din del av overskotet i næringa. Dersom selskapet nyleg er stifta, er det ingen automatikk i at du får tilsendt faktura på forskotsskatt. Dersom det er venta skattepliktig overskot i selskapet, må du sjølv passe på å søkje om å få rekne ut forskotsskatten din. 

  • Du kan søkje om endring av forskotsskatt.
  • Både inntekt og formue frå næringa og eventuelle personlege inntekter/frådrag du måtte ha skal takast med.
  • Budsjettert underskot i næring blir ikkje teke med på skattekortet. Endeleg underskot blir teke med i skattemeldinga.

Innbetalinga skjer fire gongar per år: 15. mars, 15. juni, 15. september og 15. desember.

Du får fakturaen i nettbanken dersom du nyttar eFaktura. Dersom du ikkje nyttar eFaktura, får du den i Altinn-innboksen. Du vil få fakturaen om lag tre veker før betalingsfristen.

Forskotsskatt

Her kan du sjå ein liten film som forklarer 

  • om du skal betale forskotsskatt
  • korleis du søkjer om forskotsskatt
  • kvar du finn betalingsinformasjon