Stadfesting av skattemessig bustad for privatpersonar og enkeltpersonføretak (ENK)

Ei stadfesting av skattemessig bustad (Certificate of Residence) kan stadfeste bustad anten etter norsk internrett eller etter ein skatteavtale med det aktuelle landet.

Ei stadfesting av skattemessig bustad (Certificate of Residence) kan stadfeste bustad anten etter norsk internrett eller etter ein skatteavtale med det aktuelle landet.

I enkelte tilfelle treng du ei stadfesting av skattemessig bustad for å unngå dobbel skattlegging. Det kan til dømes vere i samband med at du har dobbel bustad, fakturerer, får utbytte, får royalties eller arbeider i utlandet.

Viss du har fått eitt skjema frå utanlandske myndigheiter som treng sertifisering av oss, må du fylle det ut og sende det i original pr. post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Viktig informasjon

Viss det er ei stadfesting på bustad i Noreg du treng, må du bestille ein bustadsattest i staden for.

Viktig å vite når du bestiller stadfesting av bustad

Attesten blir send i posten til den folkeregistrerte adressa di. Du får ikkje attestar over skranken på skattekontoret

Behandlingstida for stadfesting på bustad er 4–6 veker etter mottatt bestilling. Postgang kjem i tillegg.

Viss du treng apostille på stadfestinga, må du kontakte Statsforvaltaren for å ordne dette. Les meir om apostille og legalisering.

Viss du ikkje kan logge inn, kan du sende ein førespurnad

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo


F
ørespurnaden må innehalde:

  • namn og fødselsdato
  • organisasjonsnummer viss stadfestinga også skal gjelde enkeltpersonføretak
  • kontaktinformasjon – e-postadresse og/eller telefonnummer
  • kva land du skal bruke stadfestinga i
  • kva inntektsår eller inntektsperiode stadfestinga skal gjelde for
  • kva du skal bruke stadfestinga til
  • stadfesting på at du var busett i Noreg heile føregåande år og ikkje har planar om å flytte ut av Noreg i år