Fødselsnummer

Eit norsk fødselsnummer er eit unikt identitetsnummer som følgjer deg heile livet. Det er samansett av elleve siffer, der dei seks første siffera viser fødselsdatoen din.

Slik får du fødselsnummer

Du kan ikkje søkje om å få eit fødselsnummer. Det er Folkeregisteret som vurderer om du oppfyller vilkåra for å få fødselsnummer.

Eit fødselsnummer blir gitt til:

  • Barn fødde i Noreg
    Alle som blir fødde i Noreg. Skatteetaten gir barnet eit fødselsnummer etter at sjukehuset har sendt fødselsmelding til Skatteetaten. 
  • Personar som får godkjent flytting til Noreg
    Alle som skal bu i Noreg og får godkjent 
    melding om flytting til Noreg.
  • Norske statsborgarar i utlandet
    Norske statsborgarar som er fødde eller busette i utlandet og treng fødselsnummer for å få eit norsk pass. Du må kontakte 
    den nærmeste norske ambassaden eller konsulatet. 

Dersom du ikkje oppfyller vilkåra for å få eit fødselsnummer og bli registrert som busett, kan du få eit d‑nummer.

Dette betyr siffera i fødselsnummeret

Eit fødselsnummer er samansett av elleve siffer.

  • Fødselsdato: I de fleste tilfella viser dei seks første siffera fødselsdatoen din. Dersom du til dømes er fødd 22. juni 1976, vil dei første seks siffera i fødselsnummeret ditt vere 220676.
  • Individnummer: Dei tre neste siffera er individnummer, der det tredje sifferet viser til kjønn: kvinner har partal og menn har oddetal.
  • Kontrollsiffer: Dei to siste siffera er kontrollsiffer.

Dei fem siste siffera i fødselsnummeret blir også kalla personnummer. 

I nokre få tilfelle viser ikkje dei seks første siffera fødselsdatoen din. Dette er fordi enkelte datoar ikkje har fleire ledige fødselsnummer att. Da viser dei seks første siffera den dagen og månaden du fekk fødselsnummer. Dersom dette gjeld deg, får du beskjed om det når du får fødselsnummeret ditt i posten. Den korrekte fødselsdatoen din vil likevel stå i Folkeregisteret i feltet for fødselsdato.

Når du flyttar til Noreg

Når du skal opphalde deg i Noreg i minst seks månader samanhengande eller meir varig, skal du melde flytting.

Du må også melde flytting til Noreg igjen, dersom du flyttar tilbake etter å ha vore registrert som utflytta frå Noreg i Folkeregisteret.

Du må møte til ID-kontroll og du vil bli bedd om dokumentasjon som viser at du skal bu i Noreg.

Dersom du oppfyller vilkåra, får du eit fødselsnummer og blir registrert som busett i Noreg i Folkeregisteret. Det er Folkeregisteret som vurderer om du oppfyller vilkåra for dette. 

Dersom du har fått innvilga opphaldsløyve frå utlendingsstyresmaktene, treng du i utgangspunktet ikkje å melde flytting sjølv. Då vil det vere opphaldsløyvet ditt som avgjer om du blir registrert som busett i Noreg.