Saksbehandlingstider for Folkeregisteret

Når du sender oss ein søknad eller ein førespurnad, skal vi behandle han så raskt som mogleg. Kor lang tid det tar å behandle saker, varierer.

Her ser du kor lang tid du kan forvente at vi bruker før du får svar.

Vi svarer deg i Altinn – hugs å sjekke der

Vi svarer deg i Altinn. Viss du har venta lenger enn saksbehandlingstida vi oppgir nedanfor, kan det vere lurt å sjekke om du allereie har fått svar.

Du finn både Altinn-innboksen din og informasjon om nokre av sakene dine ved å logge inn på Mi side.

Ekteskap

Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 6 veker​

Viss saka dykkar blir godkjend automatisk, blir prøvingsattesten send til ein av dykk i Altinn med ein gong.

Viss saka må behandlast manuelt, tar det noko lengre tid. Viss vi manglar opplysningar, får de eit brev om dette.

Viss utanlandsk dokumentasjon er send til oss for at vi skal kontrollere om han er ekte, kan saksbehandlingstida vere lengre. Sjå retur av originale dokument 

Når saka di er ferdig behandla, sender vi ekteskapsattesten til Statsforvaltaren eller UD for påføring av apostille eller legalisering. Du får brev frå oss når vi har gjort dette.   

 

Vigsel etter norsk rett (5 veker)

Behandlingstida gjeld frå vi har fått vigselsmeldinga frå vigslaren dykkar. Vi sender ei stadfesting på registrert vigsel til dykk i Altinn.

Viss det manglar noko i vigselsmeldinga, får vigslar og/eller de brev frå oss om dette.

Vigsel etter utanlandsk rett (13 veker)

Viss du sender inn originale dokument for å dokumentere utanlandsk vigsel, vil desse bli kontrollerte før dei blir returnerte til deg. Saksbehandlingstida for vigsel etter utanlandsk rett inkluderer behandlingstida for ekthetskontroll og retur av originale dokument.

Foreldre, barn, namn og fødselsnummer

Vi registrerer farskapet i Folkeregisteret når barnet er fødd og har fått tildelt fødselsnummer.

I nokre tilfelle får du ei stadfesting, men vanlegvis blir farskap stadfesta samtidig med at namnevalet blir registrert. Då får du ikkje tilsendt ei eiga stadfesting på farskap i tillegg.

Viss det er manglar i farskapserklæringa, tar vi kontakt med deg.

Viss du vil sjekke om farskapen er registrert, kan du logge inn på Mi side.

Vi sender dykk ei stadfesting viss foreldreansvaret blir endra på bakgrunn av ein avtale om foreldreansvar mellom foreldra.

Vi sender inga stadfesting viss foreldreansvaret blir endra på grunn av ein dom eller eit vedtak hos UDI.

Viss vi manglar dokumentasjon, tar vi kontakt.

Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 2 veker 

For søknader som blir behandla automatisk, blir namnet til barnet registrert med ein gong. Saker som må vurderast av saksbehandlar tar inntil 2 veker.

Når namn og fødselsnummer til barnet er registrert, får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn.

Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 2 veker 

For søknader som blir behandla automatisk, blir namneendringa registrert med ein gong. Saker som må vurderast av saksbehandlar tar inntil 2 veker.

Når det nye namnet ditt er registrert, får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn.

Viss du har spørsmål om status eller andre ting i saka, må du kontakte passtyresmakta, til dømes ambassaden, der du leverte søknaden om norsk pass.

Når vi har tildelt fødselsnummer, gir vi beskjed til passtyresmakta. Vi sender inga stadfesting direkte til foreldra.

Flytte

Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 10 veker 

Dersom saka di blir godkjend automatisk, blir den nye adressa di registrert med ein gong etter flyttedato.

Viss vi må behandle saka manuelt, tar det noko lengre tid.

Når den nye adressa di er registrert, får du kvittering i innboksen din i Altinn.

Viss du har lagt fram den dokumentasjonen vi treng, kan vi behandle saka raskt. Kva du må leggje ved, avheng av kva for land du flyttar frå.

Sjå detaljar om dette i melding om flytting til Noreg.

Viss vi ikkje har all informasjonen vi treng, må vi etterspørje informasjon og dokumentasjon. Dette gjer saksbehandlingstida lengre. Du får beskjed frå oss viss vi treng noko frå deg.

Du får svar på søknaden som brev i posten. Viss du har fødselsnummer frå før og er elektronisk brukar, får du brevet i Altinn.

Vi gjer merksam på at saksbehandlingstida kan vere lengre i nokre tilfelle.

Viss flyttedatoen er fram i tid blir ikkje meldinga behandla før flyttedatoen er nådd. Behandlingstida blir då rekna frå flyttedatoen.

Dokument

Digitale utskrifter blir sende til innboksen din i Altinn.

Attestar og utskrifter som er bestilte på papir, blir sende til den folkeregistrerte adressa di. Postgang kjem i tillegg til behandlingstida.

Viss du har sendt inn originale dokument, vil desse bli kontrollerte før dei blir returnerte til deg. Alle originale dokument, med unntak av sivilstandsattestar knytt til prøving av ekteskap, sender vi tilbake til eigar som rekommandert sending via Posten.

Andre typar saker

Vi behandlar mange ulike saker, også typar som ikkje er nemnde i lista ovanfor. Vi får mange førespurnader, og derfor kan det ta tid å få svar frå oss. Du kan ringje oss viss du meiner at det har gått altfor lang tid utan at du har fått svar.

Sjekke korleis saka mi ligg an

Vi kan dessverre ikkje vite nøyaktig når saka di er ferdig. Viss det tar unormalt lang tid å behandle saka di, eller viss vi treng meir informasjon frå deg, gir vi deg beskjed om dette.

Venta lenger enn oppgitt saksbehandlingstid

Viss du har venta lenger enn den saksbehandlingstida vi har oppgitt her, kan du

  1. sjekke om du har fått svar i innboksen din i Altinn
  2. ringje oss viss du ikkje har fått svar