Er eg næringsdrivande?

Her får du hjelp til å vurdere om du fyller vilkåra for å kunne reknast som næringsdrivande. Hjelpa er meint for deg som sel varer, tenester, bloggar eller driv med utleige i liten skala.

Du får hjelp til å vurdere om du er næringsdrivande eller ikkje. Den endelege vurderinga av om du er næringsdrivande eller ikkje, blir gjort når skattemeldinga di blir handsama.

Vidare får du hjelp til

  • kva du må gjere for å registrere deg som næringsdrivande
  • kva du skal rapportere til Skatteetaten
  • korleis du rapporterer til Skatteetaten

For å vite kva som gjeld deg må du svare på inntil fem spørsmål.

Vegvisaren handlar om grensa mellom hobby og næring og gir derfor ei generell rettleiing ut frå spørsmåla du blir bedt om å svare på. Ettersom ikkje alle dei skattemessige forholda dine blir vurderte, er informasjonen ikkje eit bindande svar frå oss.

Den endelege vurderinga av om du er næringsdrivande eller ikkje, blir gjort når skattemeldinga di blir handsama.

Ønskjer du utfyllande informasjon om regelverket, kan du lese meir her:

footer/desktop/standard