OTP – Obligatorisk tenestepensjon – for deg som er tilsett

OTP (Obligatorisk tenestepensjon) er ei pensjonsordning som er betalt av arbeidsgivaren din. Arbeidsgivaren din pliktar å spare eit beløp som svarer til minst to prosent av lønna di. Dei fleste arbeidsgivarar må opprette ei pensjonsordning for sine tilsette.

Du kan sjekke om du er med i pensjonsordninga hos Norsk Pensjon.

Du har rett til OTP når

Arbeidsgivaren din skal melde deg inn i pensjonsordninga til bedrifta frå den første arbeidsdagen.

For meir informasjon om du har rett til å vere medlem av pensjonsavtalen til bedrifta, kontakt pensjonsleverandøren arbeidsgivaren din har avtale med, eller Finanstilsynet.

Arbeidsgivaren din betaler eit beløp som utgjer minimum to prosent av lønna di til pensjonsordninga. Arbeidsgivaren kan velje ein høgare prosent, eller sats, innanfor rammene i pensjonslovene.

Pensjonsleverandøren reknar ut innskottet ut frå lønna arbeidsgivaren din har rapportert inn.

Ønskjer du meir informasjon om innhaldet i pensjonsavtalen, kontakt arbeidsgivaren din eller pensjonsleverandøren som arbeidsgivaren har avtale med.

Krava til arbeidsgivar

Arbeidsgivaren din pliktar å ha ei pensjonsordning når minst eitt av desse vilkåra er oppfylt:

  • Føretaket har minst to tilsette som begge har arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av ei full stilling.
  • Føretaket har minst ein tilsett utan eigarinteresser i føretaket og som har arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av ei heil stilling.
  • Føretaket har tilsette, som kvar for seg har arbeidstid og lønn som utgjer 20 prosent eller meir av ei heil stilling, og som til saman gjer arbeid som svarer til minst to årsverk.

Logg inn i Mine inntekter og arbeidsforhold for å sjå kva pensjonsinnretning arbeidsgivaren din har oppgitt at dei har avtale om pensjonsordning med.

Dersom du meiner arbeidsgivaren din har plikt til å opprette pensjonsordning og ikkje har gjort det, kan du tipse Skatteetaten om dette.

Dersom arbeidsgivaren ikkje har oppretta ei pensjonsordning

Dersom du meiner arbeidsgivaren din har plikt til å opprette ei pensjonsordning og ikkje har gjort det, kan du tipse Skatteetaten om det. Du kan vere anonym.

Skatteetaten kan

  • avgjere om arbeidsgivaren din må ha ei pensjonsordning.
  • påleggje arbeidsgivaren din å opprette ei pensjonsordning for sine tilsette. Pålegget kan berre gjelde framover i tid. Dersom arbeidsgivaren din ikkje har spart pensjon for deg tilbake i tid, er dette eit privatrettsleg krav mellom deg og arbeidsgivaren din. Dette er noko du sjølv må følgje opp med arbeidsgivaren din.

Arbeidsgivarar som ikkje oppfyller pliktene sine etter lova om obligatorisk tjenestepensjon når det gjeld å opprette eller betale innskott til tenestepensjon for sine tilsette, kan straffast med bøter eller fengsel i inntil to år.

Arbeidsgivaren din kan velje å opprette ei innskotts-, føretaks- eller tenestepensjonsordning.

Innskottspensjon er den vanlegaste pensjonsordninga. Arbeidsgivaren din pliktar å informere deg om kva for ei pensjonsordning du er innmeld i.

Kontakt arbeidsgivaren din eller den pensjonsleverandøren som arbeidsgivaren din har avtale med (det kan vere ein bank, livsforsikringsselskap, pensjonskasse, innskottspensjonsføretak eller forvaltningsselskap for verdipapirfond), om du ønskjer meir informasjon.

Dersom du jobbar i ei privat bedrift og har innskottspensjon, har du ein eigen pensjonskonto.

På pensjonskontoen din er pensjonen frå noverande og tidlegare arbeidsforhold samla på ein konto. Dette gir deg god oversikt over pensjonssparinga frå arbeidsgivarane dine. 

Pensjonskontoen din blir oppretta hos den leverandøren arbeidsgivaren din har valt. Du kan sjølv velje å flytte pensjonskontoen til ein annan leverandør.

Du må vere definert som arbeidstakar for å bli med i pensjonsordninga. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar er i utgangspunktet ikkje definerte som arbeidstakarar.

Utanlandsk selskap eller NUF

Dersom arbeidsgivaren din er eit utanlandsk selskap eller NUF (norsk avdeling av utanlandsk selskap), kan arbeidsgivaren ha fått fritak frå å opprette ei pensjonsordning i Noreg.

Dette gjeld om arbeidsgivaren din har ei utanlandsk pensjonsordning som er like god eller betre enn krava til ei norsk pensjonsordning.