Arbeidsinntekt til barn under 13 år

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i eit inntektsår.

Bestill frikort eller skattekort 

Dersom du skal bestille frikort eller skattekort til barn under 13 år kan du sende ei melding til oss (du må logge inn) med opplysningar om:

  • namnet til barnet
  • fødselsdato
  • inntekt (maks 10 000 kroner)
  • opplysningar om namn og eventuelt organisasjonsnummer på arbeidsgivar/oppdragsgivar
  • skildring av arbeidet.

Frikortgrensa på 10 000 kroner i løpet av eit år gjeld uavhengig av om inntektene er tente hos ulike arbeidsgivarar. Skattefritaket gjeld berre lønn for faktisk arbeid som barnet utfører sjølv, dvs. ein konkret arbeidsprestasjon.

Passive honorar, som til dømes reklamefotografering av spedbarn, er skattepliktige og skal skattleggjast foreldra til barnet.

Barn under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid

Etter arbeidsmiljølova kan barn under 13 år som hovudregel ikkje ta arbeid. Dersom eit barn under 13 år skal gjere kulturelt, kunstnarisk, sportsleg eller reklamemessig arbeid, må arbeidsgivar søkje om førehandssamtykke frå Arbeidstilsynet. Samtykket må vere gitt før barnet kan byrje å arbeide. For nærare informasjon, sjå Arbeidstilsynet.

Arbeidsinntekt over 10 000 kroner

Dersom barnet tener meir enn 10 000 kroner er den overskytande inntekta skattepliktig. Då må den skattleggjast på vanleg måte saman med foreldra si inntekt.